3. november 2015

Augebetennelse

Hei!

I går satt eg og slappa av etter ei travel og hendelsesrik helg, når eg kjente ubehag i augene. Det viser seg at eg mest sannsynlig har fått med en dobbeltsidig augebetennelse. En veldig mild variant, slik som eg hadde sist(les om det her), når eg var i Forsvaret. Det er ikkje verre enn at det kjennes ut som eg har rusk på begge auga og at begge er tørre. Så nå skal eg en tur på apoteket å kjøpe nye augedråpar, då dei eg brukte sist gjekk ut for 1,5 år sidan. Visste du at dei fleste augedråpar faktisk går ut på dato 3-6 mnd etter dei er blitt opna? Det fant eg ut av når eg fekk googla litt.


Så nok ein gong er eg sjuk, men frisk. Eg er med andre ord litt smittsom, men så lenge ein vasker seg på hendene etter å ha vore bort i augene skal ein vere relativt trygge. I kveld skal eg på strikkekafé her i Førde, og er ganske spent på korleis det er der og kven som er der.

Ingen kommentarer: