11. november 2015

Når alarmen går...



Hei!

Etter gårsdagens utblåsning på Spambottar skal eg prøve å halde ein litt meir munter tone i dag.
Eg skal fortelle deg om min mandagsmorgen denne veka. Eg hadde lagt meg til samme tid som alltid, men sovna litt seint, så når eg vokna av nokre lydar 07.17 var eg ikkje heilt mentalt forberedt på å stå opp ennå. Det var før eg høyrte etter, og eg blei skremt av lyden. Normalt sett høyrer vi ikkje dei vi leiger hos. Kun når dei virkelig trampar i gulvet, og det skulle nesten berre mangle at ikkje NOKO lyd kjem igjennom. Tilbake til saken, så høyrte eg altså nokre høge pipelydar, og blei litt forundra. Den fortsatte i si høgfrekvente piping, og etter tre-fire pip høyrer eg raske, steg i retning lyden (anntar eg). Desse raske og stressa stegene (ikkje spør meg korleis stressa steg høyres ut...) begynte hjerna mi, framleis litt i halvsøvne å gå igjennom alle senario og kriseplanar eg kunne komme på, før eg vart våken og konkluderte med at det kunne vere brannalarmen.

Brannalarm
Stressa, men framleis i senga gjekk eg igjennom kvar pulverapparatet er, kvar eg kan rømme dersom, visst at, det skulle vise seg at det brenner. Soveromsvindu-stovevindu-utgangsdør.. Akkurat der og då var eg glad for at avstand mellom bakkenivå og våre vindu var kanppe 20 cm.


.. Men overetasjen blei still og ingen banka på verken dør, vindu eller ringte på, så brann var det nok ikkje. Berre hjerna mi som gjekk i krisemodus i halvsøvne, uten at eg klarte å kontrollere tankerekkene noko særlig. Eg la meg berre til å sove igjen eg.


Ingen kommentarer: