6. november 2015

For eit sammensurium av tankar!

Hei!

Det vart rett og slett ikkje tid til blogging i går. Dagen byrja rimelig seint, med sein og godt frokost som flinke T laga til. Så vart det tur (spontantur for min del, hadde egentlig ikkje tenkt å vere med) til Sogndal slik at Tore fekk kjøpt seg frikøyringsutstyr. Så gjekk turen heim og vi heiv oss rundt å reiste på trening. Kjenner det veldig godt i brystet og magen at det var ei stund siden sist eg trente skikkelig arm/mage. MEN desto bedre, meinar nå eg. Eg elska å sjå progresjonen.

Markløft med min faste treningspartner!

Dagen i dag har gått med til å skrive oppgåve, siden eg tok meg fri i går. Men har skrevet nesten 500 ord i dag, så kan seie meg greit fornøgd med dagens innsats. I morgon må eg nok på skulen for å finne meir forskning, då eg har endra vinkling litt, og treng andre artiklar. Litt surt, då eg var kjempefornøgd med den eine eg nå må kutte; men hei! Eg har jo lest ein forskningsartikkel som var nyttig, så kunnskapen min er blitt betre.
I tilleg til at eg nå skal skrive bachelor er eg jo med på Forskriftskurset, som gjere at eg i bland har litt fleire fristar og forholde meg til enn eg kunne tenkt meg... MEN om 21 dagar. TRE VEKER er bacheloren levert og eg er forhåpentligvis enten på vei på fest eller allerede godt i gang med å feste. Å levere bachelor er ikkje akkurat småtterier!


Huff, dette vart eit usammenhengande innlegg, men det er en sånn dag der det ikkje lenger er heilt system i haudet etter all fagstoffet som kvernar rundt der nå. Nå skal eg snart rusle på badet å freshe meg opp og fikse meg for kvelden. Skal ta nokre glass med vin, og det spørs om det ikkje blir en liten tur ut også etter kvart!

GOD HELG!

1 kommentar:

Hege Anita sa...

Du er flink ������