1. november 2015

Bake kake søte...

... Dyppe den i fløte.


Er det ikkje sånn den sangen går? Vel, fredag og laurdag har eg vore bakemester harepus og fredag hadde eg med lærling! Eller, det vil seie, Amanda skulle bake nokon muffins eg hadde baka før med sjokoladesmørkrem, og eg stilte opp som hjelp når det trengtes. Men i går har eg baka så det holdt. Det skal jo som sagt tidligste på bloggen vere haustfest her i bygda, og for oss "nyinnflyttarar" er dette ganske spennande, da vi er vandt med korleis haustfesten er i Kjølsdalen. Bryggja har litt å vise, men det får dei nok bra til. Eg har trua! Eg var nemlig en snartur opp om for å sjå kva som rørte seg i grendahuset på Bryggja, og der var både fin sang og livlige røster. Dette blir bra! 

Kakebunnen i mikseren
Ferdig pynta. ALdri pynta rundkake før. All ære til dokke som går det til å sjå etande ut!
Så om du er i området søndag kl. 16 bør du ta turen å sjå på kva alle barna og ungdommane i Hei og Hå 4H har klart å stelle i stand :-)

 
Måtte jo smake på baksten til Amanda - dei var skikkelig gode!
Nå skal eg suse på jobb etter ei natt med lite og urolig søv. Ein har ikkje godt av å stresse så mykje, men for ei kortare periode får det gå. Mandags morgen skal eg slappe av litt.

Ingen kommentarer: