7. november 2015

Oppskrift: Tomatsaus

Hei!

Det var nok vin i går, sjølv om vi ikkje tok turen ut. Så i dag er eg litt redusert, men dagen blir litt bedre når middagen er så god som denne eg laga i dag! Heime laga pizza med alt som kan lagast frå botnen. Heimelaga pizzadeig, heime laga tomatsaus toppa med ost, pepperoni, bacon og kalkunfillet. SÅ GODT!


Dette er begynt å bli min "spesialitet" om ein kan kalle det, det. Pizzaen blir bedre og bedre for kvar gong, med dei untaka når eg prøver noko nytt som ikkje er heilt vellykka. Eg har eksprementert med ulikt fyll og ostetypar, og tomatsausen blir litt bedre for kvar gong eg prøver meg fram og finn noko som gjere den godt. Tomatsausen er frykelig enkel og kostar nesten ingenting.

Nok til fire små pizzaer som saus eller to store sammen med kjøttdeig, som pizzafyll.

1 boks hermetiske tomater. (ca. 10 kr.)
1 liten boks tomatpuré 140G (ca. 6 kr)
1 stor løk (ca. 2 kr) Grov-/finhakka
2-3 fedd kvitløk finhakka
Halv ts Chillipaste
litt salt og pepper
Urter som oregano, basilikum, timian

Eg likar ikkje bitane av løk, så eg lar heile greia få ei god runde med stavmikseren når alt er blanda, men om du vil ha løkbetane, råda eg det til å stavmikse før du tilsetter løken.
Løken skal forøvrig steikast blank før ein har den i sausen. Når alt er klart, gi sausen eit oppkok, og den kan godt stå og småkoke litt og kjøle seg ned før ein brukar den.

Slenger med stemningsbilde frå første advent i fjor. Ååh, som eg gleda meg til advent og jul!


Så totalt sett, om ein kjøper dei billigare alternativene kan ein lage mykje saus for under 20 kr, om ein har urtene og chilipaste i skapet. Det er ikkje verst! .. Eg brukar denne sausen på kjøttdeiga når eg laga kjøttdeig og spagetthi, som saus i lasagne og andre rettar ein har tomatsaus i. Det er ei god grunnoppkrift i alle fall :)

Ingen kommentarer: