3. november 2015

Ein blogg å følge

Hei!

Eg må berre seie at dette trur eg er det lengste eg har blogga på nokre år. To fulle veker med meir eller mindre daglege oppdateringar? Muligens fordi eg rømmer frå bachelorskriving til bloggen, men og kanskje fordi eg har behov for å dele tankar innimellom. 

Eg har lyst å tipse dokke om ein artig bloggar som nylig har starta opp. Eg oppdaga han på Instagram før bloggen starta, og berre av navnet såg eg at dette var eit utrulig kult "fenomen". Ikkje han altså, men det han driv med. Bloggen og instagrammeren heite "Strikkefar" og er ein 23 år gammal mann som strikker klær til si vesle datter på 2 år. Så til dei som ønsker å lese ein litt annerledes pappablogg eller følge ein annerledes instagram-konto, kikk innom Strikkefar! 



... Autokorrekt på telefonen vil så gjerne kalle han for "Strikke får". Hihi!

Ingen kommentarer: