26. april 2012

Eg er på interenettet.

Ok, OK, ok. Eg veit det ikkje er bra å skryte, men når du for første gang får publisert noko du har skrive, er det kult! Dersom du går inn på http://blan.no/ny-p-blan vil du kunne lese om kva info eg meiner ein ny b-LAN`er må vite. Eg er superstolt, sjølv om det er ganske lite, er det for meg ganske stort.

25. april 2012

Store Tyskland inneheld så mangt!

Altså, mangen vil ha mange innlegg og eg får heile tida høyre at eg må oppdatere meir. Problemet er berre det at eg har ikkje så veldig mykje å skrive om, siden eg lever ein heilt ordinær kvardag. Men siden eg gjorde noko litt spennande, får ta avhandling om helga, der eg fekk møte Hege Aardal, som eg har gått på barne- og ungdomsskule sammen med.

Då eg reiste til ho fredag, fekk en tour omkring på stallen der ho jobba, med mange, mange hestar. I løp av kvelden var ut å spiste på restaurant, handla inn litt usunt og godt til helga og tidlig til seng. Det beste med heile helga, var meir eller mindre sove lenge. Vi låg vel i senga til kl. Halv 11, som var lenge lenge! Så sto vi opp, uten andre planer enn av vi skulle til ein eller annen by. Vi kjørte til Aachen, handla litt div. Eg kjøpte meg hatt! Sidan det var litt sol, kjøpte vi oss is, og akkurat når vi satt oss ned for og spise den, kom det den hagle. Det var nokon av dei største hagla eg har sett i heile mitt liv! Når det holdt opp, sprang vi til bilen, etter mange "spørre etter veien"-stopp kjente vi oss igjen, og kunne køyre heimtil meg.

Då var det tid for å sjå korleis eg hadde det. Ho fekk ein rask tour omkring på basen og på Trollhaugen. Etter det, laga vi oss middag, flott og god taco! Nam! Så var det kvelden, og Hege reiste tilbake til Manheim for å fullføre sine siste dager i Tyskland. Ho reiser heim torsdag, altså i morgon. Søndagen vart meir eller mindre tilbrakt på sofaen, bortsett fra når vi bestemte oss for å fikse opp i blomsterbeddet uten for huset og vi reiste vi til Heerlen for å sjå Titanic 3D. Det var kjempetrist og veldig fint, og det fekk meg til å lengte heim til ein fin ein.
I morgon blir ein lang dag, siden eg skal til Spangdahlem, Ramstein og Düsseldorf i løp av dagen, så nå må eg nok legge meg. Folka heime må kose seg i russetida, militærfolka må kose seg med jobben og helga, og resten av befolkninga må kose seg med alt dei måtte ønske seg å finne på.

18. april 2012

Kvardagen i GK

Da er det lunch tider i GK for meg. Har spist meg to små baguetter fra Natex som eg virkelig har lagt min elsk på. Dei har nemlig ost og bacon-biter opp på. Dei er veldig gode. Nam! Tenkte eg skulle prøve å beskrive ein meir eller mindre normal dag her i GK.
07.00 Rice`n shine!
Spise frokost (som regel frokostblanding-favoritten min. Den har sjokkerande nok sjokolade i seg)
Kle på seg uniform
Fikse hår, evt sminke (Kommer ann på dagsformen kor mykje eg gidder å gjere ut av det)
07.45 Kjøre på jobb
Opne supporten, skru på maksiner osv
08.00 Arbeidsdagen starter
Jobb jobb jobb jobb lunch jobb jobb jobb
16.00 Ferdig for dagen.
Inni mellom alle jobb og luch en gang på dagen er det trening som regel, men det varierer. Av og til er treing 12.45, 14.00,  16.00, eller seinare enn det. Kommer ann på kva du vil trene og litt sånn.
Så er det heim, middagstid. Har vore flink ålaga middag, men har hatt dager, som i går da eg berre ikkje orka lage middag, så eg spiste forkostblanding istedenfor.
Så er det vanlige husplikter som vaske kler, rydde litt her og der, ta ut av oppvaskemaskin, og andre vanlige plikter i eit hus. Også må ein jo vere sosial, så Skype og Facebook er jo gode å ha, også har vi jo TV, PS2, filmer, bøker og mykje anna gøy, så her er meir enn nok å finne på, for å dagen til å gå.

I form for trening prøvde eg igår noko heilt nytt. Spinning. Det var dødsgøy og god trening, men rompa mi kjennes ut som en einaste stor blåkul. AU! Så blir ei stund til neste gang, om eg skal klare å sitte skikkelig på sykkelen.
Eg skal også prøve meg på riding her nede, men på Nederlandsgrensa, siden dei snakka så mykje bedre engelsk enn dei sta tyskerane.
Eg har vore med ein av soldatane her og svømt i Brunssum, noko som var kjekt, i forhold til kva det har vore på skulen.
Jogging rundt i skogen her. Fantastisk område. Skulle ønske eg hadde meir tid til å utforske, men her er så mykje å gjere etter jobb at eg knapt klarer å få gjort alt eg vil.
Edit: Innebandy er fast kvar onsdag og fredag, og det er gøy å spille med folk som er skikkelig gode, som får deg til å føle det som en firvirra kattunge i skogen med mange rare lyder som er overalt. Dårlig samenlikning men.
Og i dag har eg prøvd klatring i Herleen. Det var sinsykt kjekt og slitsomt. Mestringsfølelsen av å komme seg til topps på vanskelige og lange ruter var fantastisk!

To be continued..

9. april 2012

Til fagre Nordfjord og tilbake!

Da er eg heime etter god og lang påskeferie. Merker år eg sit her i sofaen at det er godt å vere tilbake. Kom ned igjen, og på stovebordet sto det to store sjokoladekaniner! Dette er det kjære Nora, vaskedama vår som har kommet med. Det var skikkelig kos!
Heime i påska har eg festa med gode venner, møtt kjente eg ikkje har sett på lenge og spist mykje middag med alle i heile familien.
Vi var på roadtrip til Stadt og ellers berre loka vi rundt.

Eg skulle på ein måte virkelig ønske at eg hadde supertøff tjeneste sånn at eg alltid hadde mykje spennande å skrive om, anna enn berre reising osv. Sjølvsagt er jo det også interessant, men det et jo ikkje like kult som å kunne skrive om Cold Respons eller noko, men dokke får dessverre berre leve med det, folks.
Også må eg beklage for alle skrivefeil. Det er berre iPad'en min som ikkje liker alle orda eg skriv, også får ein besøk av mr. Autocorrect. Veldig kos.
Og enda en ting! Eg Bruker som sagt iPad til å blogge med, så eg får ikkje lastet opp bilder på denne siden det er flash, og det liker ikkje Apple..

To be continued...

25. mars 2012

Om det å bu på ein buss i Frankrike

Veka har vore veldig spennande. Har vore mykje sjølvstendig på jobb, og det har vore greit å få eit overblikk på korleis eg har lyst til gjere det, i tillegg til at eg har funnet ut litt kva eg er usikker på.
Denne helga har det vore velferdstur til Normandie i Frankrike. I løp av helga har eg meir eller mindre budd på bussen. Vi skulle egentlig starte 07.00, men siden dei i Frankrike har siesta, måtte vi starte 06.30 fra Brunssum for å rekke frami tide før den begynte,siden noken var litt seine og vi kjørte litt feil og sånn rakk vi ikkje dette, og kjørte rett vidare rikeste post, som var champagne smaking. Utrulig kult! Vi fekk god lunch, men dokke kjenner meg, kresen som berre det, så baguette med roastbeef blei min lunch. Hadde dei berre ikkje hatt crabsticks i pastasalaten.. Neida.
Så var det vidare. Neste post er å kjøre heile veien til hotellet Honefluer (null peiling på korleis det skrives, men det ser da fransk ut det der, gjer det ikkje?) det var lange timer og vi blei forseinka grunnet kø på motorveien uten for Paris. Men! Eg fekk sett Eifeltornet!! Sånn langt bak i horisonten da, bur still. Sett er sett! Så endelig framme med hotellet, spise middag og gå og legge seg.
Dagen etterpå, anmarsj 09.00 (egentlig 08.00 men sjåførane måtte ha 10 timer fri, visst nok) vi droppa Point Due Hock (veit ikkje korleis det skrives, men fryser jo fransk ut det også, eller?) og reiste rett til Freds museet for å få informasjon om 2. Verdenskrig og d-dagen. Mange grusome fakta og bilder, og eg fann ut at vi blir ganske godt skjerma for mykje av det som skjedde på skulen. Så reiste vi til den Amerikanske gravplassen. Det var så utrolig fint der! Sjølvsagt var det trist. Det var så ubegripelig mange kross og stjerner! (jødane blei begravd med stjerne som stein, isteden for kors). Det var mange tusen. Eg er sikker på at der var opp mot 10 000 kors. Fint på linje, loddrett, vannrett og diagonalt. Vidare på 360• kino, for å sjå filmklipp i fra sjølve d-dagen. Det var mykje grusomt. Det var i alt over 2,8 millioner soldater i fra Polen, Frankrike, Britania, USA og andre land som deltok i denne operasjonen.
Etter det var det til en liten landsby å spise lunch før vi reiste tilbake til hotellet. Vi skulle egentlig innom ein plass som handlet om Pegasus, men droppa det, siden det egentlig ikkje var så mykje å sjå, og vi hadde ein på bussen som var ekspert på krigshistorie. Ein må bruke dei resurser ein har! Det var det mest interessante på heile turen, synes eg i grunn, siden det var så detaljert fortalt og han kunne sitt.
Tilbake til hotellet hadde vi to timer til å vandre rundt i byen og sjå. Det var en veldig koselig by, med en haug med restauranter. Middag og litt fest, så sove og opp til en ny dag i buss. Kjørte til en plass som lager Calvados, som er en blanding av eplecider og whiskey,om eg forstod han riktig. Litt dårlig engelsk med fransk aksent er ikkje så lett og forstå. Så var det smaking og retning heim med berre stopp for lunch og litt "strekke på beina"-pauser.
I løp av turen gjekk eg og Tarjei nesten tom for samtale emner. Sånn går det når ein sitter to heile dager på buss sammen og det ikkje er så mykje anna å gjere på.
Er det nokon som skal nemnast i dette innlegget her må det vere Anette. Ho planla turen for alle sammen, bookaalt og fiksaog styra heile tida. Ho hadde stålkontroll og utførte oppgaven med glans, mener nå eg. Og det er eg sikkert ikkje aleine om! *klapp klapp*

To be continued...

19. mars 2012

Alpane baby!

For ei førstegangstjeneste eg har blitt tildelt! Eg kjem enno ikkje over kor heldig eg har vore. Først ei helg i Roma, så ei helg i dei franske Alpene og til helga skal eg til Normandie i Frankrike på tur sammen med jobben i sammenheng med d-dagen. Neste helg blir det sannsynligvis tur til Brüssel før turen går hem 4. April, altså onsdagen i påskeveka, dersom datoen skulle vere feil.. Eg skal også i løp av mai hoppe i fallskjerm. Det blir utrulig skummelt, men kult!

Eg har også fått prøvd meg på go kart og å køyre på Auto-Bahn. Go kart var utrulig morsomt! Det var enkelt men likevel vanskelig. Det var jo "berre" å kjøre bilen, men det gjekk fort, det var biler bak deg og foran,i tillegg til mange og knappe svingar. Eg lovar deg, etter 30 min, eg var seriøst sjøsjuk. Turen heimover på motorveien gjekk mykje lettare enn den til. Til go kart, følte eg det gjekk skikkelig fort i 110 km/t, og eg følte at bilen rista som berre det. Etter go kart gjekk det å kjøre i 130 km/t som en leik. Skummelt i grunn, men var godt å ikkje måtte stresse med alt der var å stresse med, og kunne ta det litt meir med ro.

I helga var vi i Alpane og sto på ski. Det var så digg, fordi det var samme hvilken løype du tok, det var alltid ein eller annan heis i bunnen av bakken som kunne frakte deg opp igjen. Det var utallige bakker og utsikten var som å leve i eit postkort. Fantastisk vær, passe mengde med folk, supert føre og herlige ski! Lørdag var det afterski og god stemning, søndag var det tåke, snøvær og litt kaldere, så den dagen i bakken vart ikkje like lang, heldigvis, siden vi skulle kjøre heim igjen også.

Forsvaret har lært meg mykje på nesten tre måneder.
Det har lært meg:
Sette pris på enkel kvardagsluksus, det er viktig.
Vite kor god mestringsfølelsen er, følelsen av eit smilande befal er ubeskrivelig.
Finne ut kor stor kreds som spiller i korps egentlig fortjener for å marsjere på 17. mai, det er faktisk veldig vanskelig, så applaus!
All mat smaker godt så lenge du er sliten og sulten nok, seie berre felt.
Lagarbeid/sjølvstendig arbeid, samarbeid er nøkkelen til alt.
Eg er ein god kokk. Middagane mine her nede, er nam!

Eg har nå overtatt jobben fullstendig. Nå har eg ansvar for jobbtelefonen og nøkler. Det var digg og bli enda litt meir sjølvstendig, nå mangla eg berre at Tarjei stikke så.. Neei, eg tulla!

Som dokke sikkert skjønnar, storkoser eg meg her nede. Beklager litt at eg ikkje skriver kva jobben min går ut på, men det er i bunn og grunn fordi at eg veit ikkje kor mykje eg kan sei, og da er et bedre å berre ikkje seie noko! Men kan seie at min jobb er å gjere det Admnistration Officer ikkje rekker/har tid til, derav ordet assistent.

To be continued...

11. mars 2012

No parlo Italiano (?)

For eit liv! Det har skjedd så mykje i løp av denne veka at eg veit ikkje kvar eg skal byrje. Ta det reint informelle (er det eit ord?) først, siden det er greit å ha det på det reine. Kom ned mandag, jobb tirsdag-torsdag, var i Roma torsdag-søndag. Eg bur i eit hus sammen med to, snart ein, andre og har eget rom og bad. Det er litt hybel følelse igrunn, og det er flott. Sånn, nå det gøye! Det som er ille med dette innlegget er at eg føler det kommer til å bli ordentlig skrytete. Sånn litt over the top liksom, but here goes. I løp av ei veke har eg opplevd nok for ein heil sommerferie. Det er så fantastisk at det skjer noko heile tida. Eg har også opplevd noko eg ikkje har gjort før. Heimlengsel, virkelig heimlengsel. Ikkje berre sånn at du savner hus og heim, men virkelig lengsel. Det var ille, men med gode folk rundt seg, går alt bra. When in Rome, do as the Romans, heiter det. Det har eg gjort. Eg har spist pizza, pasta, opplevd Colosseum, Vatikan Staten, St. Peters kyrkja, Fedrelands alteret, ulike ruiner, mange flotte kyrkjer og tempel og mange, mange fontener. Pizzaen i Italia kan ikkje samanlignast med noko. "Italiensk pizza" finnes berre i Italia. Uansett kva du seier, så er den "borte bra, men hjemme best". Pastaen var god, og eg smakte noko veldig merkelig. Pasta baller. Det var, og er skikkelig vanskelig å bestemme seg for om eg likte det eller ikkje. Det var så rart at det, nei det. Eg har også funnet ut at det er eit land som er glad i ost. Eg har fått ost servert på alt eg har spist her nesten. Pizza, pasta, ja det var alt da, men et er seriøst høgt forbruk av ost! Eg har også fått bruke solbrillene mine flittig. Vi hadde nydelig veir. Sol og varmt heile helga. Det var så fantastisk! Gjekk i kort shorts og singlett og synes det var kjempevarmt, i mars. Digger det! Eg har virkelig forelska meg i byen Roma! Arkitekturen, maten, isen, det morsomme språket, men det som virkelig gjorde turen så bra, var folka ein var med. Ein god gjeng med ungdommer på tur som kan reise rundt å gjere alle turist-ting uten å klage, og likevel kunne gå ut å storkose seg på kvelden.

4. mars 2012

Nå skjer det!

Da er bagane klar, og eg mangler meir eller mindre berre å ha på meg uniformen og reise til Flyplassen, så er eg igang. Å ha ei helg heime har vore fantastisk. Å komme heim til mamma sin mat, møte folka igjen, få vere på ein skikkelig fest på puben, å det var fint. Det skal bli spennande å komme ned å få sjå. Eg skal prøve så godt eg kan å ta bilde og oppdatere undervegs. Dersom nokon ønsker å sende meg noko, har mamma og pappa adressa mi og telefonnummeret til byggingen eg bur i. Forlegningnen heiter "Trollhaugen" og er reine luksusboligen for nokon som er i forsvaret. Enerom, Internett i huset og "private" dusjen. Med det mener eg at du kan dusje aleine, men låst dør.

Her har du eit bilete av meg i uniformen min! Fy filler'n den er fin da?!

3. mars 2012

Kontramelding!

Da har eg en vanvittig nyhet å dele med dokke.. Det blir ikkje ks Norge på meg likevel. Dette er ei stor kontramelding. Eg veit eg ikkje har uttrykt at eg er så innmarig stor fan av dei, men nokon ganger må ein berre bite i det sure eplet. Er det ikkje det dei seier?

Eg skal noko mykje artigere og mykje skumlare. Det hadde seg altså sann at torsdag etter oppstilling, innlevering av våpen og litt avslapping (for første gang i historien, slappe vi av i Forsvaret, med uniform), fekk eg beskjed om at eg var nødt til å springe ned på personellavdelinga. Som sagt så gjort. Kom ned der, og vart møtt av løytnant Grieg. Han fortalte meg at det var opna seg ei stilling, grunna ein dimmisjon. Eg kjende eg blei små skeptisk til kva det var nå eg skulle bli skubbet ut i. Overraskelsen var hyggelig, og vesle Nina skal plutselig til Tyskland og arbeide for NATO. Kven hadde trudd at når eg skulle inn i Forsvaret så skulle eg klare å rote meg bort i noko sånn? Under informasjonsdagen fekk eg vite at der varså inmarig mange muligheter eg ikkje hadde vurdert i heile tatt. Så akkurat nå er eg heime på øverføringsperm, for så å reise til Geilenkirchen, Tyskland på mandag.

Når eg satte meg på flyet heim på fredagskveld, gjekk det opp for meg at, eg skal faktisk heim! Til mamma, pappa, Amanda og alle andre eg er glad i. Det var like før eg begynte å gråte.
Rekrutten er ferdig og det var en sykt bra opplevelse. Folka gjorde det bra. Fekk god kontakt med 5. Komp, mange på 5.2 og alle på 5.1. Det er snålt å tenke på at vi ikkje kommer til å vere sammen neste veke.
Noken som hugsa at eg lova å ikkje legge over? Vel... Eg har adoptert noken nye ord. Løpe, vann, lue, uke. Alt var i rein frustrasjon over å ikkje bli forstått.

27. februar 2012

Rekrutten er snart over..

Da er det siste veke av rekrutten. Det er litt trist at vi på troppen og kompaniet etter 8 veker sammen skal sprees for alle vinder. Det er folk som skal til utlandet, folk som skal i nord, sør , aust og vest. Etter å ha budd i samme kaserne, gang og rom skal vi plutselig reise ein fremme plass og bli kjendt med nye igjen. Eg gleder meg til å komme til Oslo og få informasjon om korleis tjenesten min blir. Eg veit ingenting, og det har ikkje vore lett å finne info på nettet heller. Det er ikkje så mykje info om Kongeskipet, anna enn sånn kor lang båten er osv. og akkurat nå har eg skikkelig heimlengsel etter 2 mnd vekke fra hus og heim, familie og venner. Savner også å kunne legge seg i senga med kler på, med god samvittighet..
I forrige veke var vi på IMO 60 kurs, eit kurs alle må igjennom for å kunne arbeide på båt. Dette var kjekt og spennande.
Siden dei seier bilde seie meir enn 1000 ord, eller noko sånn, gir eg meg her og lar bileta bekrive.
To be continued











18. februar 2012

Feltveke, krig og kongeskipet

Da var vi kommet tilbake fra feltveke. Himmel for eit opplegg. Sjølv om det vart meir søvn og mat enn eg trudde, var det likevel slitsomt. Når eg våkna i dag tidleg føltes det ut som eg var skikkelig fyllesjuk. Det var ikkje så kult.
Vi reiste ut til Evje på mandag, og satt på buss i ca. 4 timer. Endelig framme, så var det å drasse alt av utstyr opp på teigen vår. Det var mykje kortare enn eg hadde trudd det skulle vere, siden eg hadde sett for meg at vi skulle gå og bere på sekken i fleire Roma. Det skjedde heldigvis ikkje. Vi kom fram, fekk utlevert teltplass og kom igang med oppsetting av telt, plassering av BC og latrine, og fyrt opp i multifuelen. Så var det litt leksjon i lyd og lysdisiplin. Det var egentlig overraskande å sjå kor mykje lyd og lys kunne avsløre deg og kor godt det egentlig hørtes.
Tirsdag var det mykje leksjon. I tillegg fekk vi vite neste tjenestested. Og Menig Erviksæter skal tjenestegjøre på Kongeskipet Norge! Linn fekk sitt ønske om fregatt og er overlykkelig siden ho får ha våpen i tjenesten. onsdag begynte alvoret. Da var det litt leksjon, før feltgudstjenesta var kl . 18.00 og det var krig. Etter feltgudstjenesta fekk alle ein kopp saft og ei 200 grams sjokoladeplate. Det var virkelig ei fantastisk overrasking. Alle var overlykkelig på grunn av den sjokoladeplata. Heile onsdagsnatt og torsdag gjekk med på å observere Fi(fienden) og sitte på vaktpost. Torsdagskvelden vart det action. Vi gjekk fra grøn beredskap, (1 fyringsvakt, 1 mann på vaktpost) til gul beredskap (1 fyringsvakt 1 på vaktpost og 2 KTS( klar til strid) i telt, ganske ofte. Så blei det rød beredskap. Det vil seie 50% på stilling ( vaktpost) og 50% KTS i telt. Medan det pågikk, var lag Alfa ( mitt lag) på VKP (veikontrollpost) og det var da Fi angreip. Det var rød fis over alt, heliosane fløy over alt og det var totalt kaos. Det er det gøyaste eg har vore med på, på lenge. Det var nesten akkurat som da vi var små og leika "piom piom" i skogen. Etter set, fekk dei som ville vere med å angripe Fi med eit ildhåndgrep. Tøffaste jentene på troppen, meg og Linn var jo sjølvsagt med på dette. Det var artig å snike seg fram, prøve å ikkje lage en lyd samtidig som vi måtte bevege oss fort fram. Plutselig høre eg "piiiiiiiiiiiiip" og ser eit rødt lys som fyker opp. Vi hadde gått på en snublebluss. Alle 24 ned på bakken og nå fauk kulene. Det sa pang over alt, befalet skaut med flerskudd og vi stakkars rekruttene på enkeltskudd med ladegrep mellom kvart einaste skudd.
Etter dette, var det tre timer søvn, nedpakking av leir og buss tilbake og så var det oppskver. Pussing av multifuel, primus, vask av liggeunderlag og alt anna som vart brukt.
Det var ei kjekk, slitsom, skitten og våt veke, men alt i alt, en fantastisk tur, der du var godt kjent med alle sammen.

12. februar 2012

Eg trur eg dør. Men det er gøy!

Dersom noken hadde sagt til meg at eg skulle springe ei heil mil sammenhengande ein gong haddeveg ledd og sagt "yeah, right." Men på tirsdag så sprang vi HH-løpet. Det var noke av det verste eg har vore med på! Vi sprang tropp-vis, og 5.1 var først ut. Vi sprang og sprang og det virka som om det aldri slutta å komme nye svinger rundt det jævlig store vatnet. Det var fleire ganger ned den bakken at eg tenkte "dersom eg sklir her, da brekke eg beinet. Det hørtes fint ut!" Det tok heile 66 minutt å springe rundt. Og siste 4 km gjekk det på pur vilje. Å springe dei siste 100 meterane er det tyngste eg har gjort i heile mitt liv. Petter (han som pusha meg nesten heile vegen) meir eller mindre drog meg over apell-plassen. Når vi kom i mål var eg så sliten at eg berre lo og grein om kvarandre. Den lille koppen med saft-greier var det beste eg hadde smakt på lenge, og det seier litt..!
Vi har forberett oss en del på øvelsen vi skal ha neste veke. Mykje telt-bretting, multi-fuel pussing og pakking av sekk.
Vi har også vore på skytebana. Eg hadde aldri trudd skyting skulle vere gøy, men det var det faktisk! Eg fekk ikkje til liggande, men kneståande og ståande gjekk faltisk veldig bra. Noke som var kjekt siden nesten alle andre fekk liggande mykje bedre til.
Alle på troppen fekk også oppleve at vi har en ulykkesfugl på troppen. Ho heiter jo da Rekrutt Selstad. Ho tok av seg vernebrillene, og akkurat da flaug det ei varm patron forbi, som landa på siden av auget hennar. Så ho fekk brannsår på siden av auget og krutt inn på auget. Så ho gjekk rundt med ein svær bandasje på haudet og såg ut som om ho hadde kløyvd haudet i to og prøvd å lappa det sammen, om du setter det litt på spissen..
Vi har også hatt retest av styrke og 3000 meter. Eg sprang ikkje, siden eg har fått strekk.
Men eg gjorde det bedre på alle styrketestane. 10 hangups, 10 pushups pg 21 situps ! Meget fornøgd.
To be continued...

3. februar 2012

Blod, svette og tårer.

Da er det endelig helg. Det har vore ei vanvittig lang veke. Krigens krav, testing av CS-gass, hardhausen, feltdag, mykje våpen og relativt lite søvn.
Troppen har blitt ein enda meir sammensveiset gjeng, og det er berre heilt fantastisk kor godt så forskjellige folk, kan gå så lett sammen.
Vi har fått dreisen på morgenvask, og permvask begynner og å sitte som en rutine. Bikkestrekken har ikkje vore kritisert heile veka, gulvet kommentert ein gong, og brettekantar berre så vidt. Eg er veldig stolt over rommet mitt. Alle står på, og gjer ein super jobb.
Krigens krav var ikkje så ille som eg hadde trudd. Eg såg jo for meg at det skulle vere, unnskyld utrykket, heilt jævlig, men det var ikkje så grusomt som eg hadde trudd. Sjølvsagt var det tungt, og eg kasta nesten opp når vi var ferdig, men det er liksom blitt "ok" å kaste opp fordi du er så sliten.
CS-gass, derimot. Der er det ingenting anna og seie enn "Aldri igjen". Det var heilt ærlig det verste eg har vore med på. Auga svei, det dryppa tårer, dei renn ikkje liksom. Nesa var blitt omgjort til Niagara fallet, og halsen kjendis ut som om det var gnikka full av jalapeno (iPad'n hakke sånn "nj" tegn) og hostemuskelen fekk seg ei real treningsøkt. Det var vanskelig å puste og det var utrulig ubehagelig. Huda kjentes ut som den var skikkelig solbrendt og noken sto med hårføner og varma opp huda. Dét svei, skal eg fortelle deg! Dagen etterpå, var bihulene mine så reine som dei aldri har vore og huda svei egentlig enda, men fuktighetskrem og en skikkelig vask gjorde susen.
Hardhauser er på ein måte krigens krav, berre styrke-delen, på ein måte. Det var tungt, men ikkje så veldig utmattende, meir slitsomt der og da.
Festdag, var en lang dag. Over 12 timer ute i en del minusgrader, mykje "i ro sitting" og lite og lære, på en måte. Var berre fire poster så. Det kjekkeste var kamuflasje og forflytning. Telt var også gøy, men primus, det var ein leksjon som var unødvendig lang og kjedelig.
Vi har også begynt å trene til skyttermerket. Neste veke skal vi på skytebanen onsdag og torsdag, og fredag er det HH-løpet. 8-9 kilometer lang løype, der vi skal springe samlet tropp og ha "god stemning" som befalte vårt seie titt og ofte.



Gjørmeløypa, på en fin sommerdag. Den har høyrt mange stygge ord..

To be continued...

27. januar 2012

Litt bilder ...

Siden vi ikkje har lov å ha på oss mobil i tjenste, er det lite bilde som blir tatt... Her er dei som eg har på telefonen for augenblinken.
Trommeøving

Ikkje alle er gode i Othello, eller kva, Strøm? Haha!
Våpenreglar, som heng på do (til pugging)
Distinksjonar, som heng på do (Til pugging)
Distinksjoner, som heng på do (til pugging)
Barbering av Berret, ikkje så veldig kjekt, men med sukker til går det bra
Ikkje alle er gode i gramatikk, nei..
To be continued ...

23. januar 2012

Slitsomt, men kjekt!

Militæret er ikkje så hardt som eg trudde det ville vere. Ja, det er hardt, men ikkje så hardt. Eg har jo sjølvsagt (allerede) kasta opp under 3000 meteren. Vi fekk streng beskjed om å ikkje stoppe, og at dersom vi måtte spy, var det berre å spy ut til sida mens du sprang. Dette førte til at jakka mi, den skal vaskes, fort som fy, for å seie det på en minst mulig ekkel måte.
Eg har også grått etter trning fordi eg rett og slett var så sliten.

Nå i helga var det førte permhelg. Det var merkelig å sjå at verden uten for gjerdet gjekk sin vandte gang. Fredag var det middag hos onkelen (Øyind ) og Cesilie. En kveld som gjekk med på middag, sjå TV og berre slappe av, og nyte livet uten for "muren".
Lørdag, sov eg lenge! Heilt til 10, noko som var heilt fantastisk. Så dreiv vi litt dank i Stavanger sentrum, og berre slappa av, for så å reise tilbake, spise taco(!) til middag og ut på by'n en "liten" tur. I mellomtida var eg en tur til søskenbarnet Eva, med god lasagne middag.
Søndagen gjekk med til klesvask, stryking og skap-rydding.

Idag var det styrketest og kondisjonstest. Det går ut på å springe 3000 meteren, sit-ups, push-ups og kroppsheving. Denne "vesle" jenta her, klarte 3000 meteren på 18 minutt (Forkjøla, så det var litt surt...), 18 sit-us (Hadde gangsperre, så ikkje maksimalt), 7 push-up (som er en bedring på den eine eg klarte veka før) g 6 hang-ups, om og er en bering, på den ene eg klarte for ei veke sida!

Livet i Madlaleiren er flott, med en fin tropp og flotte befaler.


To be continued....

14. januar 2012

Stress, kaos og rot

Dei første dagane i rekrutten, er travle dager. Stress nivået er på topp heile tida. Hvertfall hos rekruttane. Nå har eg vore her i tre dager, og det føles eigentlig ut som over ei veke. På denne tida har vi rukket å få tilsnakk for å vere treige, dårlig bretting, dårlig vask av gulv, dårlig bikke-strekk (senga), ikkje ha uniform riktig. Og det er etter tre dager, der befalet har gitt oss "slakk". Korleis skal dette gå?
Vi har også fått alt av utstyr, og det er ikkje reint lite. Har ein vanvittig gangsperre i skuldrane etter å ha bært feltsekken og to stappfulle sjøbagger. Vi har klippa guttane, bretta klede til vi er grønne i tryne, for så å brette dei på nytt. Vi har shavet "bereten" (den blå hua som heng litt på snei.)
Eg har tatt meg sjølv i å tenke "kva er det eg gjer her?!" Eg har egentlig ikkje heilt forstått at eg er her enno, sjølv om det sikkert synker fort inn etter en tilsnakk eller to.
Har forresten havna i 5. kompani, tropp 1 (musikktroppen), lag 6, køye 06. Så mitt nummer er "516,06".  Eg bur på 10 mannsrom sammen med 9 kjekke jenter. Vi var ti, men ein blei dessverre dimmitert etter legebesøk.
Dagen min på Madla rekruttskule (KNM Harald Haarfagre begynner 05.00. som er uhorveleg tidleg, spør du meg. Men nå er det leggetid for ein sliten soldat.

Over og ut, for denne gong.


11. januar 2012

Pakket og klar!

Nå er det ikkje lenge igjen til avreise. Kl. 11.05 går flyet mitt frå Anda flyplass. Da blir det gjort armygirl av meg.  Bagen er pakket og eg er klar for å få utdelt uniform! Det kjem sikkert til å komme eit bilete i løp av dei første dagane med Nina i grønne klede frå topp til tå. Nå skal eg ned til vegen og hente "søskenbarnet" (vi har felles søskenbarn, Lisa) mitt, Linn. Så kjøre mamma oss inn på flyplassen! Så i løp av dagen er det Madla og utdeling av rom og seng og heile visa.

Oppstilling på Madla. Luft og sjøforsvaret.

10. januar 2012

Nå er det like før!

Eg har oppdatert utforminga på bloggen berre til "ære" for rekrutten og militærtjenesta mi. Så fram til det virkelig blir Gakk-gakk av meg ( til eg kjem meg på båt ) så blir det vel i den kjente militærgrønne-stilen. Så da skjønner du sikkert at eg har tenkt å oppdatere "dokke der heime" og alle andre som snubla innom, om livet på Madla Rekruttleir og vegen etterpå. Kor ofte eg får tid til å fortelle, vil variere. Enn så lenge veit eg eigentleg ingenting om kva fritid vi kjem til å ha osv, men følg med på facebook og twitter eller sving innom her iblant, så får du nok vite litt om livet som jente i militæret!

Før det kom opp i den lille bagen min. Den er stappfull. Eg lova.

25. desember 2011

Stolthet og fordom?

Mange mennesker rundt om i heile verden er meget fordomsfulle. Eg synes sjølv at ein stor prosent av den norske befolkning er så fordomsfulle at det er skammeleg. Meg sjølv inkludert. Skulle sjølvsagt ønske det ikkje var slik, og prøver så godt eg kan å ikkje vere det, men det er ikkje lett!
Der er mange døme på når verden dømmer før dei får tenkt seg om.
Ordtak som "du skal ikkje skue hunden på håra" og "don't judge a book by it's cover" er ord som er veldig sanne.

 Dette er ei gruppe mennesker som ofte må gå igjennom denne følelsen av å bli dømt uten grunn.

OBS! Det kjem meir. Er berre veldig seint og eg er trøtt...