19. mars 2012

Alpane baby!

For ei førstegangstjeneste eg har blitt tildelt! Eg kjem enno ikkje over kor heldig eg har vore. Først ei helg i Roma, så ei helg i dei franske Alpene og til helga skal eg til Normandie i Frankrike på tur sammen med jobben i sammenheng med d-dagen. Neste helg blir det sannsynligvis tur til Brüssel før turen går hem 4. April, altså onsdagen i påskeveka, dersom datoen skulle vere feil.. Eg skal også i løp av mai hoppe i fallskjerm. Det blir utrulig skummelt, men kult!

Eg har også fått prøvd meg på go kart og å køyre på Auto-Bahn. Go kart var utrulig morsomt! Det var enkelt men likevel vanskelig. Det var jo "berre" å kjøre bilen, men det gjekk fort, det var biler bak deg og foran,i tillegg til mange og knappe svingar. Eg lovar deg, etter 30 min, eg var seriøst sjøsjuk. Turen heimover på motorveien gjekk mykje lettare enn den til. Til go kart, følte eg det gjekk skikkelig fort i 110 km/t, og eg følte at bilen rista som berre det. Etter go kart gjekk det å kjøre i 130 km/t som en leik. Skummelt i grunn, men var godt å ikkje måtte stresse med alt der var å stresse med, og kunne ta det litt meir med ro.

I helga var vi i Alpane og sto på ski. Det var så digg, fordi det var samme hvilken løype du tok, det var alltid ein eller annan heis i bunnen av bakken som kunne frakte deg opp igjen. Det var utallige bakker og utsikten var som å leve i eit postkort. Fantastisk vær, passe mengde med folk, supert føre og herlige ski! Lørdag var det afterski og god stemning, søndag var det tåke, snøvær og litt kaldere, så den dagen i bakken vart ikkje like lang, heldigvis, siden vi skulle kjøre heim igjen også.

Forsvaret har lært meg mykje på nesten tre måneder.
Det har lært meg:
Sette pris på enkel kvardagsluksus, det er viktig.
Vite kor god mestringsfølelsen er, følelsen av eit smilande befal er ubeskrivelig.
Finne ut kor stor kreds som spiller i korps egentlig fortjener for å marsjere på 17. mai, det er faktisk veldig vanskelig, så applaus!
All mat smaker godt så lenge du er sliten og sulten nok, seie berre felt.
Lagarbeid/sjølvstendig arbeid, samarbeid er nøkkelen til alt.
Eg er ein god kokk. Middagane mine her nede, er nam!

Eg har nå overtatt jobben fullstendig. Nå har eg ansvar for jobbtelefonen og nøkler. Det var digg og bli enda litt meir sjølvstendig, nå mangla eg berre at Tarjei stikke så.. Neei, eg tulla!

Som dokke sikkert skjønnar, storkoser eg meg her nede. Beklager litt at eg ikkje skriver kva jobben min går ut på, men det er i bunn og grunn fordi at eg veit ikkje kor mykje eg kan sei, og da er et bedre å berre ikkje seie noko! Men kan seie at min jobb er å gjere det Admnistration Officer ikkje rekker/har tid til, derav ordet assistent.

To be continued...

1 kommentar:

Kristin sa...

Lika at du trivs :D ditta virka sjukt spennande!