25. april 2012

Store Tyskland inneheld så mangt!

Altså, mangen vil ha mange innlegg og eg får heile tida høyre at eg må oppdatere meir. Problemet er berre det at eg har ikkje så veldig mykje å skrive om, siden eg lever ein heilt ordinær kvardag. Men siden eg gjorde noko litt spennande, får ta avhandling om helga, der eg fekk møte Hege Aardal, som eg har gått på barne- og ungdomsskule sammen med.

Då eg reiste til ho fredag, fekk en tour omkring på stallen der ho jobba, med mange, mange hestar. I løp av kvelden var ut å spiste på restaurant, handla inn litt usunt og godt til helga og tidlig til seng. Det beste med heile helga, var meir eller mindre sove lenge. Vi låg vel i senga til kl. Halv 11, som var lenge lenge! Så sto vi opp, uten andre planer enn av vi skulle til ein eller annen by. Vi kjørte til Aachen, handla litt div. Eg kjøpte meg hatt! Sidan det var litt sol, kjøpte vi oss is, og akkurat når vi satt oss ned for og spise den, kom det den hagle. Det var nokon av dei største hagla eg har sett i heile mitt liv! Når det holdt opp, sprang vi til bilen, etter mange "spørre etter veien"-stopp kjente vi oss igjen, og kunne køyre heimtil meg.

Då var det tid for å sjå korleis eg hadde det. Ho fekk ein rask tour omkring på basen og på Trollhaugen. Etter det, laga vi oss middag, flott og god taco! Nam! Så var det kvelden, og Hege reiste tilbake til Manheim for å fullføre sine siste dager i Tyskland. Ho reiser heim torsdag, altså i morgon. Søndagen vart meir eller mindre tilbrakt på sofaen, bortsett fra når vi bestemte oss for å fikse opp i blomsterbeddet uten for huset og vi reiste vi til Heerlen for å sjå Titanic 3D. Det var kjempetrist og veldig fint, og det fekk meg til å lengte heim til ein fin ein.
I morgon blir ein lang dag, siden eg skal til Spangdahlem, Ramstein og Düsseldorf i løp av dagen, så nå må eg nok legge meg. Folka heime må kose seg i russetida, militærfolka må kose seg med jobben og helga, og resten av befolkninga må kose seg med alt dei måtte ønske seg å finne på.

Ingen kommentarer: