25. november 2011

Om det å miste nokon - uventa

Har du nokon gong mista nokon, heilt uventa? Sjølv har eg mista ein god venn, som valgte sjølv at han ikkje ville meir. Det har skjedd mykje rundt meg, der folk har gått bort, uten at nokon skjønna kva som skjedde eller kvifor det skjedde slik. Så mange ganger, har eg vore bort i at nokon eg kjenner har mista ein dei var glad i.
Det er stygt å seie det, men alle dei gongane det ikkje har vore eg som kjende dei, har eg vore utrulig takknemlig for at det ikkje er meg som er i den posisjonen. Eg føler sjølvsagt med dei, og synes det er fælt, men eg er så utrulig glad for at det ikkje er ein av mine fine som har gått bort.
I slike stunder er det viktig å stå sammen - vere hos kvarandre. Ikkje nødvendigvis fysisk, men også psykisk. Fortell personen at du tenke er på han/ho. Det hjelper litt, og er en fattig trøst - men bedre enn ingenting.

Om du har mista ein du var glad i, som valgte sjølv, er dette ein av dei finaste sangane eg veit om.

Rascal Flatts - Why

I desse tunge stundene er det viktig å hugse på ein ting, du betyr noko, ting betyr noko, alle betyr noko!
Josh Groban - You are loved

Liten metafor i desse lysa her. Dersom du ser etter, står det eit lys aleine heilt framme, klart og tydelig. Srer du etter, er det nokon lyst i bakgrunnen der også. Desse er vennane dine, slik du kanskje føler det i ein sin situasjon. Sanninga er at dei eigentlig står så nær deg, at lyset i teorien burde brenne fortare. Slik som sorg oftast er god å ha litt aleine, men best å prossesere saman med andre.

Du er aldri aleine, husk det!

Ingen kommentarer: