18. november 2011

OBS! Pass på kvarandre!

Det å trykke nokon ned er utrulig lett, men det som oftast er tilfellet er at vi trykker oss sjølv ned. Det byrjar ofte med ein nedlatande kommentar frå ein annan eller ein hendelse som gjer at sjølkjensla di får ein knekk.
Sjølv har eg nylig krasja i ein bil. Med meg gjekk det ganske bra, fekk berre blåmerker etter bilbelte, men bilen vart bra skadd. (For å sjå bilete av bilen, trykk her). Etter det var eg så utrulig usikker på alt som hadde med bil og fart å gjere at første gangen eg kjørte bil etter på, skalv heile meg, sidan det var andre i bilen (når eg kjørte etter ulykka altså! Var aleine i krasjet) klarte eg å samle meg. Første gangen eg var aleine i bilen der imot. Ågud. Tårene trilla som en foss. Det var altså noko av det skumlaste eg har vore med på nokon gong.

I sånne stunder er det fint med gode venner som kan hjelpe deg igjennom vanskelige tider. Det er også fint med Disney. Her er eit sitat i fra Ole Brumm, der Christoffer Robin seier til Brumm:
"Promis me you'll always remember: You're braver than you believe, and stronger than you seem, and smarter than you think."

Ole Brumm er en fin fyr som lærer deg å sette pris på mat!

1 kommentar:

MHU sa...

Liker tankespillet - flott skrevet, så åpent og ærlig. Liker det :)