10. november 2011

Plutseleg er alt stille....

Det er ein ting eg har tenkt på. Tanken traff meg etter eg hadde sett dei 10 første episodene i serien "Switched at birth". Denne handlar meir eller mindre om to jenter som blei bytta om rett etter dei var født. Sjå trailer her.

Tenk deg korleis det må vere å miste ein av sansene sine.. Ein dag våkner du om morgonen, utan å kunne snakke/høyre/sjå. Eg meiner det er to veldig forskjellige ting å vere døv frå fødsel av og å bli det når du skjønna kva lyd er osv.

Korleis kjennes det ut, å vere 20 år, plutselig ein dag når du vakna, høyrer du ingenting. Din verden er plutselig satt på "mute", og det er få ting du kan gjere for å endre dette.
Eller at du vaknar og du ikkje klarar å formidle det du vil, like enkelt som før, eller kanskje du vaknar, men det er ikkje lyst rundt deg. Totalt svart, eller berre små skimmer av noko som kan ligne på blind?
Eg kan ikkje tenke meg for ein omstillingsprosess det må vere for å meir eller mindre totalt legge om livet sitt.

Sjølv kjenner eg ingen med den typen "handicap" men veit om ein som er døv. Eg hadde ikkje hatt noko i mot å møte/bli kjend med ein som var døv/blind/stum.

Tenk deg da...
Nå skal det berre seiast at dette er ikkje eit innlegg der eg utrykker at eg synes synd i dei som er døve, stumme eller blinde! Fordi det er det ikkje, det er meir eit innlegg der eg utrykker min fasinasjon av kor sterke desse menneskene er, og kor utrulig viktig det er å huske på dei som har handikap som ein ikkje oppdagar så lett.

Ingen kommentarer: