15. september 2012

Mareritt

I natt hadde eg eit mareritt. Det var sjølvsagt skummelt, og eg vakna fleire gonger, men begynte alltid å drømme samme drømmen. Ganske travelt igrunn. Denne drømmen hugsar eg så godt, at eg tenkte eg kunne dele den med dokke.
I drømmen er eg altså ombord på ein kystvakt båt, og vi (eg og to til) ligg på lugaren og sover på kvelds tid, siden vi skal på nattskift.
Vi blir vekt av en brå lyd, lyden av metall som blir benda ein veg det ikkje er meininga at den skal bli benda, og vi ser at det er ein liten innover bul i skroget på skipet der som lugaren vår er. Vi går opp og spør, men før vi er oppe, blir vi møtt  av mange redde folk som løper til lugarane sine og roper "SJØORM! ALLE TIL LUGARANE SINE!" Vi løp tilbake, og plutselig var det panorama vind på lugaren, ut i havet, og vi kunne sjå ormen. Den var virkelig grusom. Såg litt ut som på bildet nedenfor. Den snodde seg rundt skipet, og du merket at den elska og kunne sjå på deg, og sjå kor redd du var. Som om det var nok, at den ikkje trengte å ødelegge skipet, det var meir for kjedsomhetens skuld.. Det enda med at den snodde seg rundt skipet, og tok seg god tid til å sjå inn i alle lugarane, og markere seg alle som var der, før den knuste skipet, og eg vakna. Så smådrømte eg litt, om korleis vi klarte oss og sånn, før eg begynte å virkelig drømme igjen.


Fæl, ikkje sant?
Denne gangen var drømmen ikkje så fæl, fordi eg sov, men eg var bevisst på at eg drømte, så eg klarte og styre drømmen litt, slik at den ikkje vart så skummel. Men dette sjøorm-dyret var mykje smartare enn det forige, på ruta tegna den opp personane som var i rommet, slik at den kunne passe på at ingen rømte, så heile lugaren låg heilt i ro under dyna og lata som om vi ikkje eksisterte. Så klarte eg å bevege på meg. Kva trur dokke skjedde? ... Jo, eg hikka.. Så den tegna meg opp, og for vidare til neste lugar. Så kom vi på en plan, men ein måtte bli igjen og ta plassen til den som er tegna opp. Ei jente på lugaren tok på seg oppgaven, i håp om at vi skulle klare å jage unna, lure vekk eller noko anna lurt. Vi lista oss opp til dekk, og begynte å planlegge. Dyret kunne ikkje snu seg rundt skipet, siden den hadde ei anna form, lignande som på bildet nedanfor. Her er det litt blurry, fordi eg sovna fra kontrollen på drømmen, men så våkna eg av vekkerklokka, og bestemte meg for å slumre, slik at eg kunne bli ferdig med drømmen.
Eg hugsa ikkje kva planen var, og kva vi gjorde, men det enda opp med at vi blei gode venner med dyret, og  det bestemte seg for å beskytte oss, i staden for å drepe oss. Grei deal, eller kva?
Ein blanding av denne og ein badeleike eg hadde når eg var mindre.

Trøttetryne kl. 5 idag tidlig..

Ingen kommentarer: