23. september 2012

Historien om å fly AWACS

For rundt ein måned sidan var eg og min roommate Susanne ute å fløy med AWACS. Dette var veldig spesielt og ei kul og annerledes oppleving.
Dagen byrja med oppmøte med den squadronen vi skulle fly med, kl. 0630 (lokal tid, siden dei som flyr snakker i GMT tid, eller EST eller noke sånn. Det er to timer tidsforskjell vertfall...), vi fekk briefing om kor vi skulle fly, korleis vêret var og kva som skulle gjerast, sikkert mykje meir også, men eg skjønte ikkje alle AAGE, GFES og RTWS'ane dei kom med (Dette er sjølvsagt forkortingar som eg kom på nå, hugsar dei ikkje, sidan eg ikkje fulgte med. Var ikkje så veldig interessant når du ikkje skjønte kva dei sa!) Og fekk litt sikkerhetsopplysningar.
- Dersom vi må nødlande, gjer slik.
- Brenner det, gjer slik. osv.
Eg kan vel seie så mykje som at vi fløy ikkje langt, og vêret var upåklageleg. litt over 30 grader, knall blå himmel og steikande sol. - Takk gud for air condition..
Så var det å gå ombord i flyet, sjekke at alt var i orden med tanke på maten som vi hadde bestilt, (som ikkje var der, forresten, så vi måtte vent til han kom med den, før vi kunne gjere noko meir. Mannen som hadde ansvar for meg og Susanne (veldig hyggelig fyr!) lovte oss det at det var forbudt for flyet å ta av med mindre alle hadde fått flightmealen sin) Etter ein liten halvtime kom den, og det var på tide å gjøre klar til å taxe fram til rullebana. Take-off skulle vere ca. 08.15, så etter å ha venta litt på maten, hadde vi begynt å få litt trangt skjema.
- Lettare sagt enn gjort. Nå viste det seg at altitude-målarane i cockpit var ulike, så det måtte fikses. Så mekanikerane sa at det ville ta kanskje ein time å fikse, så da var det bare å vente.. Eg veit ikkje kva klokka var når dei sa dei hadde fiksa det, men det tok meir enn ein time!
Så skulle vi starte motorar (eg satt i cockpit, og skule gjere det under take-off, KULT!), men motor 1 ville ikkje starte, så dei fiksa det på "Hokus pokus-vis". Klokka var nå nærare 10.30, og vi kunne endeleg taxe til rullebana. Det å få sitte sammen med piloten, maskinisten og navigatøren under take-off var virkelig ein opplevelse. Når vi var kommet høgt nok, kunne eg gå bak i flyet og sjå på alle skjermane og sjå kva som blei gjort. Veldig interessant, sjølv om vi skjønte lite. Fekk prøve å trykke litt fram og tilbake, og forklart det heilt basic, kva dei ulike prikkane var og kven som gjorde kva.
Etter mange lange tima, middagseting, brannøvelse og mykje forklaring der du som lytter smiler og nikker samstundes som du ikkje egentlig skjønnar kva dei sei.
Landingstid. Klokka er nærare 17.00 og vi begynner å gjere klar til landing. I AWACS så er det sånn at passasjersetene er heilt bakerst i flyet, vendt bak over, så man kan trygt seie eg vart dårlig. I tillegg har flyet minimalt med vinder. Det er i cockpit og på nødutgangdørene.
Med viftene på fult, vannflaska i hånda og ein liten anger på at eg åt så mykje middag, pusta eg letta ut når eg kjendte flyet traff rullebana. Her skjer det. Vi sakker ikkje av, og i eit millisekund tenkte eg "ÅGUD", men alle ser rolig ut, så eg stressa ikkje. plutselig kjenner eg at nasa på flyet vender opp igjen. Eg skjønte ingenting. "Vi tok en tuch and go." får eg beskjed om. Vere bort i bakken med hjula for så å ta av igjen.  - Pilottrening.
Eg var alt da begynt å bli litt dårlig, sidan det tross alt var nærare 35 grader ute, var det relativt godt med turbulens. Så da var det berre å vente litt da, siden vi nå måtte virkelig ta ein 360.
Da vi hold på med innflygninga spør han som sitte ved siden av meg om det går bra, fordi nå har eg slutta å smile. Eg smile så tappert eg kan tilbake og prøver å motstå fristelsen til hilse på middagen igjen. Nasa vender nedover igjen, og eg kjenner heile kroppen be til alle høgare makter om at vi ikkje tar enda ein tuch and go, siden han mannen ved siden av, sa at det var vanlig med 2-3 tuch and go.
Men nei, vi landa. Safe and sound. Eg hiver inn på flaska og kjenner at eg storgleda meg til å trekke frisk luft og ha beina planta på asfalten igjen.

Det viste seg da at han som hadde hatt ansvaret for oss hadde hatt sin siste flygetur, og det er ein tradisjon om at dei skal bli dynka i vatn. Tradisjon tru, stod fire brigde der, klar for å sprute på han. Eg misunte han litt. Vi hadde budd i eit kjølig og fint klima inne i flyet, og nå var det plutselig 35 grader.

Bilde funnet på nette, her ser du menna i aksjon

Lurer du på kva anna dei gjer på basen er nettisda deira linka her, E3-A component.

Ingen kommentarer: