6. september 2012

Kva blir det neste?

I dag skal eg heim til vakre Noreg. Tingen er berre det, at kvar gang eg skal heim, så skjer det noko med flytrafikken. Eg nevner i fleng, vekterstreiken, flyeledermangel, forsinkelsar i luftrommet over heile Noreg og forsinkelsar ellers i luftrommet som gjer at ein minstar siste fly og må overnatte i Københamn.
Denne gangen er det streik i Lufthansa. Enn så lenge er det berre Berlin, Frankfurt og Munchen, men dei trapper fort opp.
Eg bekymrer meg fordi innsjekkinga til min flyvning som er med SAS, er med Lufthansa, sidan dei er medlem av Star Alliance.
Eg skal heim, uansett! .. med mindre verden har tenkt til å følge Murphy's law, alt som kan gå galt vil gå galt, og flyet styrtar. Dersom det skjer, vil eg bare sei at eg er ufatteleg glade i dykk alle!
(Viktig med litt galgenhumor i blant!)
Skal dessverre ikkje heim til Fagre Nordfjord denne gongen, ein heil månad til det. Er det ikkje nydeleg?


Ingen kommentarer: