24. november 2012

Planane fram over

Hei,

Nå har eg vore borte frå bloggen ei stund. Det er rett og slett fordi det ikkje har skjedd så mykje i det siste. - Litt har det jo, ellers ville det jo ikkje kommet noko på bloggen!

Det aller største eg har å meddele er det at eg har tatt avgjerda om kva eg skal gjere etter eg er ferdig i militæret. Etter litt klaging (over det å måtte bestemme meg for kva eg skal bestemme meg for..) og litt syting (over prinsippet at eg hater å bestemme meg) så har eg kommet fra til det at eg skal studere. Så alle puslespillbrikkene er klare, mangler berre å pusle dei saman.
Så i januar skal eg altså flytte ut i den store verda, aleine (...nesten) for å begynne på bachelor i Sykepleier i Førde. Det blir berre eit steg i riktig retning, for å kunne nå ambulanse, som har vore draumen i eit par år nå.
- som du kanskje har tenkt deg til, skal eg flytte inn hos min kjære Tore, sidan han har lærlingetida si i Førde, føles det berre naturlig å flytte sammen. Skummelt, men på samme tid gleda eg meg veldig!

Ellers er "nye meg" kommet, altså personen som skal overta stillinga mi når eg reiser her frå i Januar. Så til helga blir det hela i taket og tenna i tapeten, for å feire eit års tjeneste til det norske Forsvaret, det blir bra!

På bilete ser du litt av rommet mitt, klar til insp! Ryddig og fint.



Ingen kommentarer: