20. august 2012

Varmt som i ... ?

Dei siste dagane har det vore så varmt her nede! Holy. Du sitt heilt stille i sofaen, og likevel svettar du som om du låg ute i sola. På torsdag, hadde bilen meir eller mindre stått i sola heile dagen, og når eg skulle gire, brann eg meg på metallet på girspaken, og skinnsetene var eg sikker på at ein kunne steike egg på.
Så i går var det på tide å gjere noke med det, fordi eit murhus som først er blitt varmt blir ikkje kaldt med det første. Så da kommer den geniale oppfinnelsen Air Condition inn i biletet. Den sto oppe på tørkerommet, men eg fann ut at vi måtte nå bruke den, når vi har. Så eg bar den ned i stova. Det hørtes forresten ut som om ein elefant med plastfolie under beina gjekk ned trappa. 

Litt sånn føler eg det er ute. Alt berre smeltar.

Ingen kommentarer: