5. desember 2011

Kvifor er det så viktig?

Dette er ein form for oppfølging på temaet i forige innlegg. Eg har ein ting som siste tida virkelig har plaga meg. Kvifor er det så viktig det med kva andre meiner, tenker og synes? Om det er ein ting, som verkelig ikkje burde bety noko, så er det kva andre meiner om deg og det du gjer. Det som er viktigast, er at du gjer det du vil og ingenting anna. Kan du tenke deg for eit liv du skulle ha, om du heile tida måtte bekymre deg over kva andre tenker om deg?
Min aller beste vennine har lært seg det, at skal du kunne komme deg akkurat dit du vil i livet, uten dårlig samvittighet og mykje styr, må du rett og slett ikkje bry deg om kva andre meiner.
Altså, nå meiner eg ikkje at du skal vere ein som blokker ut alt andre seier og berre bane deg vei akkurat som det passer deg, man skal alltid vere høflig og ha omtanke for medmennesker, men det er viktig å ikkje ta seg nær av alt det negative vi mennesker klarer å lire ut av seg.
Det som er skummelt, er at dersom du ikkje klarer å "lire" av deg alt det negative som man få høre, går det fort ut over kvardagen din. Sjølvsagt er det lov å føle seg fæl i nokon dagar, for så å komme seg opp på hesten igjen, men dersom du berre får høre negative kommentarer, og aldri får tid til å klatre opp igjen, så blir veien opp, lenger og lenger.

2 kommentarer:

Kristina sa...

Åå, elsker bloggen din! Og innlegget! Denne må jeg notere meg og begynne å gå inn på.. :)

Jofrid Helene sa...

Helt enig!