20. september 2012

Når ein les til eksamen er det viktig og ...

Passe på å få gjort mest mulig anna enn å lese. Dette kalles TV3 syndrom og har vore relativt godt utbredt på Trollhaugen siste vekene, hos meg hvertfall. Dette går ut på at du leser i 10 minutter, for så å gjere noko anna i 15 minutter eller lenger. Vaske kler, vaske gulv, rydde og andre veldig unyttige ting...
Formgjeving ? "Salt lakris stjerne"- ting
Bli fasinert av den store grønne gresshoppa som Susanne påsto beit.
Sminke seg litt!
Ta bilete av seg sjølv. Her har du "Dagens outfit" Heh.
Og når du først skal lese, så må ein gjere det slik. Det er viktig å legge seg i senga for å lese når du har planer om å lese mykje, gjer du ikkje det, er det stor risiko for at du våkner av at du holder på å falle ut av stolen. Slapp kropp + stol med hjul = skummelt!
Sove / lese - intervaller
Her får du dagens trim, snu hovudet heile 90 grader for å sjå dette biletet i riktig vinkel (Les: gløymte å snu det, men orka ikkje fikse det)

Skulle sjå oppgitt ut over lesing til eksamen, men dette er da like godt utrykk.

Sjå ut som om du helst har lyst til å brenne boka eller legge deg og sove.
Ellers har eg pådratt meg yrkesskade! Eller, den minst alvorlige typen skade ein kan få på kontor, men like vel er eg overbevist om at det er den mest smertefulle! papirkutt på tre fingre, og det eine slutta aldri å blø.
Den forulukka figeren.

Aua fingeren!

SJÅ MAMMA! Eg har fått like lange negler som deg <3>
Nå skal eg krype inn i eksamenslesningsbobla mi..

15. september 2012

Mareritt

I natt hadde eg eit mareritt. Det var sjølvsagt skummelt, og eg vakna fleire gonger, men begynte alltid å drømme samme drømmen. Ganske travelt igrunn. Denne drømmen hugsar eg så godt, at eg tenkte eg kunne dele den med dokke.
I drømmen er eg altså ombord på ein kystvakt båt, og vi (eg og to til) ligg på lugaren og sover på kvelds tid, siden vi skal på nattskift.
Vi blir vekt av en brå lyd, lyden av metall som blir benda ein veg det ikkje er meininga at den skal bli benda, og vi ser at det er ein liten innover bul i skroget på skipet der som lugaren vår er. Vi går opp og spør, men før vi er oppe, blir vi møtt  av mange redde folk som løper til lugarane sine og roper "SJØORM! ALLE TIL LUGARANE SINE!" Vi løp tilbake, og plutselig var det panorama vind på lugaren, ut i havet, og vi kunne sjå ormen. Den var virkelig grusom. Såg litt ut som på bildet nedenfor. Den snodde seg rundt skipet, og du merket at den elska og kunne sjå på deg, og sjå kor redd du var. Som om det var nok, at den ikkje trengte å ødelegge skipet, det var meir for kjedsomhetens skuld.. Det enda med at den snodde seg rundt skipet, og tok seg god tid til å sjå inn i alle lugarane, og markere seg alle som var der, før den knuste skipet, og eg vakna. Så smådrømte eg litt, om korleis vi klarte oss og sånn, før eg begynte å virkelig drømme igjen.


Fæl, ikkje sant?
Denne gangen var drømmen ikkje så fæl, fordi eg sov, men eg var bevisst på at eg drømte, så eg klarte og styre drømmen litt, slik at den ikkje vart så skummel. Men dette sjøorm-dyret var mykje smartare enn det forige, på ruta tegna den opp personane som var i rommet, slik at den kunne passe på at ingen rømte, så heile lugaren låg heilt i ro under dyna og lata som om vi ikkje eksisterte. Så klarte eg å bevege på meg. Kva trur dokke skjedde? ... Jo, eg hikka.. Så den tegna meg opp, og for vidare til neste lugar. Så kom vi på en plan, men ein måtte bli igjen og ta plassen til den som er tegna opp. Ei jente på lugaren tok på seg oppgaven, i håp om at vi skulle klare å jage unna, lure vekk eller noko anna lurt. Vi lista oss opp til dekk, og begynte å planlegge. Dyret kunne ikkje snu seg rundt skipet, siden den hadde ei anna form, lignande som på bildet nedanfor. Her er det litt blurry, fordi eg sovna fra kontrollen på drømmen, men så våkna eg av vekkerklokka, og bestemte meg for å slumre, slik at eg kunne bli ferdig med drømmen.
Eg hugsa ikkje kva planen var, og kva vi gjorde, men det enda opp med at vi blei gode venner med dyret, og  det bestemte seg for å beskytte oss, i staden for å drepe oss. Grei deal, eller kva?
Ein blanding av denne og ein badeleike eg hadde når eg var mindre.

Trøttetryne kl. 5 idag tidlig..

10. september 2012

What a weekend!

Altså, dokke har vell skjønt det at når eg skal ut å reise, så er det alltid noko som ikkje går som det skal. Denne gangen var ikkje noko unntak. Eg hadde bestilt det toget som gjekk 16.37, slik at eg var i DUS ca. 17.50, men dette toget var altså 25 minutter forseinka, noko som gjorde det at Susanne var ein ENGEL og kjørte meg til Düsseldorf. Da var eg der litt før halv 6, noko som førte til at eg var framme i Düsseldorf. Dersom eg hadde tatt toget, hadde eg akkurat gått inn på..
Flyet fra Düsseldorf til Oslo var i rute, og vi landet på tida, og alt var velstand. Så gjekk eg på Taxfree og fiksa siste tingene til folka heime, før eg gjekk igjennom tollen, sjekka inn på nytt og gjekk til gate. Eg sett meg ved gaten, og får beskjed om at flyet er forsinka med ein time, sidan dei manglar fly-crew. Så eg ringer Tore for å sei at vi blir ein time forseinka til Florø. Det er da det går opp for meg, eg sitter på feil Gate. Eg skal jo til Førde eg. Så eg legger på telefonen, og legger på sprang.
Eg skal fra gate 2 til 19F. Det tar ca. 8 minutter og gå, klokka er 21.55 og flyet skal ta av 22.15. Når eg kommer fram, står der Gate Closing, men eg var ikkje sist. Der var mange (til og med flyvertinna) som gjekk på rein vane ned til Gate 2-10.
Så kom fredagen og helgas hemmelighet kunne endeleg offentliggjerast. Mamma og Georg gifta seg i Førde!!
Gratulerer med dagen, begge to!
Klargjøring
Forlovarane 
Sorenskrivaren i Førde
Mamma og Georg etter middag
Seremonien var over før den begynte, nesten. Heile 5 minutt tok det! Så gjekk turen til Rica Hotell for å spise middag. Etter å ha tatt bilete, var det å hive seg i bilen og kjøre til Bergen, der det venta konfirmasjon til godaste Iselin! Etter veldig god middag, dessert og kake, var det tilbake på hotellet og slappe av.
<3 td="td">
Eg orka ikkje meir enn halve sjokoladedesserten, så Jørgen tok over. Alt går til Grisen, er ikkje det dét heite?
Fikk møte gutten min igjen!


Søndag var avreisedag, og ut-sjekk var 11.00, så vi (les:eg) bestemte oss for å bruke tida til å besøkte tanta og Thomas som også var i Bergen. Det var utrulig koselig



Fine "lille-"søskenbarnet 
Fine søskenbarnet! 
 Turen ned igjen, gjekk knirkefritt, bortsett fra toget som var 10 minutt forseinka, men eg vil kalle det heile den mest vellykka reisa mi så langt i forsvaret!

6. september 2012

Kva blir det neste?

I dag skal eg heim til vakre Noreg. Tingen er berre det, at kvar gang eg skal heim, så skjer det noko med flytrafikken. Eg nevner i fleng, vekterstreiken, flyeledermangel, forsinkelsar i luftrommet over heile Noreg og forsinkelsar ellers i luftrommet som gjer at ein minstar siste fly og må overnatte i Københamn.
Denne gangen er det streik i Lufthansa. Enn så lenge er det berre Berlin, Frankfurt og Munchen, men dei trapper fort opp.
Eg bekymrer meg fordi innsjekkinga til min flyvning som er med SAS, er med Lufthansa, sidan dei er medlem av Star Alliance.
Eg skal heim, uansett! .. med mindre verden har tenkt til å følge Murphy's law, alt som kan gå galt vil gå galt, og flyet styrtar. Dersom det skjer, vil eg bare sei at eg er ufatteleg glade i dykk alle!
(Viktig med litt galgenhumor i blant!)
Skal dessverre ikkje heim til Fagre Nordfjord denne gongen, ein heil månad til det. Er det ikkje nydeleg?


5. september 2012

Frisk, men sjukmeldt

Da har det seg altså sånn at eg er blitt sjukmeldt. Eg er ikkje sjuk. Bare smittsom.
Eg har altså pådratt meg augebetennelse, og det er tydeligvis smittsomt.
Det heile begynte med at eg tidligare har kjent at auga var litt "tørre", klødde, svei og verka litt. Tenkte ikkje så mykje over det, og tenkte at eg berre hadde litt tørre auge, også såg eg meg i spegelen, og det kvite i auga var ikkje kvitt lenger. Heller litt grå/gult. Så eg Googla det. Ikkje lurt kan ein seie. Google ha meg til å tru at eg hadde leversydom.
Måtte jo sjekke om eg såg feil da.. Men kamera oppfattet det også da!
Paranoid, much?
Så eg fann ut at det var kanskje best å vertfall høyre med Medic om dei kunne ta ei blodprøve, så eg fekk bekrefta at eg var heilt iorden.
Så eg gjekk ned, og ho ville sende meg til en spesialist, også kalt optiker da, som skulle sjå.
Han såg med en gang kva det var, og det heile tok vel rundt 5 minutter.
Fekk to forskjellege augedråpar, ein mot betennelsen og ein mot tørre slimhinner.
Tilbake på jobb, og alt var fint og flott, fram til Medic fekk brev fra optikeren med kva som var galt, og ba meg komme ned. Ho sa egentlig kort og greit at eg ikkje fekk vere på jobb resten av veka, sidan eg var smittsom (gnikka meg i auge og tar på ting). På ho virka det som om eg, lille "kid'n" født i 92, hadde planer om å gnikke meg i auga og ta på alt og alle.
Så nå sitter eg her og leser litt til eksamen med TV3 syndrom, leser i 10 minutt, og gjør andre ting inn i mellom. Lurer på å gå ut å klippe plen, men nå går det Harry Potter på TV!


Sååå, her er dagens sjuke-"outfit"

30. august 2012

Klippe klippe?

Denne veka har eg hatt store planer om å legge meg tidleg kvar kveld. -.. Lettare sagt enn gjort. Har faktisk lagt meg så tidlig som 21.30 nokon kveldar, men det blir aldri til at eg legger meg til å sove. Først skal eg lese litt, så når eg legger meg til, så blir haudet mitt stappfullt av tankar og ting eg må hugse på. Nå til helga skal vi ha eit relativit stort arrangement, og sjefen er vekk, så eg har mykje ansvar.
Alt er meir eller mindre fiksa, så eg har egentlig ikkje noko behov for å bekymre meg eller stresse, men eg har arva det genet (... mamma! ) som gjer at eg ikkje klarer å slappe av før alt er som det skal.
Så for å seie det sånn, gledar eg meg til laurdag. Den natta skal eg sove som ein baby!
SJÅ! Eg har fått ganske langt hår nå!

... Og lang lugg!



























Det er kanskje på tide med ein klipp?

25. august 2012

Vaske-laurdag

Det er miiin dag idag. Herregud for ein herleg dag!
Trøttetryne?
Pop tarts! Nam!!


Også måtte jo eg finne på noko. Viktig å finne på unnskyldninger for å ikkje lese til eksamen! 
... Så eg vaska golvet. På ein laurdagskveld. Frivillig. 
VASKEBESTA

Heh. Skittent vant seie du? 


Kan meddele at eg ikkje var lang nok til å nå heilt inn til veggen.

Barne-TV minner!

Fekk eit plutselig behov for Barne-TV nostalgia.






24. august 2012

Puslespill

Siste veka har eg holdt på med noko som virkar som eit evighets-prosjekt. Eg puslar eit pusslespill på 1000 bitar. I svart/kvitt. Nå er eg ferdig!



22. august 2012

Klapp på skuldra!

Eg har nådd enda ein milepæl. Tirsdag morgon var eg nemlig ute å jogga. På morgonen. Altså tidleg. Eg var førstemann som jogga akkurat den løypa i skogen det er eg 100 % sikker på. Det var nemlig spindelvev rundt heile løypa. Så eg såg sikkert ut som en galning der eg sprang rundt med veivande arma, for å unngå å få det i ansiktet.
Sjølv om eg jogga, måtte eg stoppe å ta bilete sidan det er så mykje fint ute på morgonen, når sola ikkje heilt har stått opp, insekta har så vidt vakna og fuglane så vidt har begynt å varme opp kvitringa si.
Fine lille fuglehuset

Sola strekker seg frem mellom trea


Dårlig kvalitet på telefonen min, men det er dis i åpningen der. 

Fine benker. Midt i skogen.

Vegar overalt.

Denne vegen betyr nesten ferdig!



20. august 2012

Varmt som i ... ?

Dei siste dagane har det vore så varmt her nede! Holy. Du sitt heilt stille i sofaen, og likevel svettar du som om du låg ute i sola. På torsdag, hadde bilen meir eller mindre stått i sola heile dagen, og når eg skulle gire, brann eg meg på metallet på girspaken, og skinnsetene var eg sikker på at ein kunne steike egg på.
Så i går var det på tide å gjere noke med det, fordi eit murhus som først er blitt varmt blir ikkje kaldt med det første. Så da kommer den geniale oppfinnelsen Air Condition inn i biletet. Den sto oppe på tørkerommet, men eg fann ut at vi måtte nå bruke den, når vi har. Så eg bar den ned i stova. Det hørtes forresten ut som om ein elefant med plastfolie under beina gjekk ned trappa. 

Litt sånn føler eg det er ute. Alt berre smeltar.

17. august 2012

AWACS

I dag har eg flydd med ein AWACS.

 Innsida av AWACS. 
 Air refueling. Utrulig kult! Fekk dessverre ikkje med meg dette.
AWACS i lufta.

26. juli 2012

Innbruddstyv, romvesen eller vinden?

I går kveld når eg låg i senga og las bok, ante eg fred og ingen fare. Det var så varmt at eg hadde satt opp vindet for å få litt friskare og "klad" luft, så hører eg plutselig en rar lyd. Den gjentar seg ofte og eg tenker "Så rart?" Plutseleg hører eg det smelle i ei dør, eller eg trur vertfall det, så høyre eg same lyden igjen, og tenker det høyres nesten ut som skjer i noko. Nettingen, kanskje?
Eg lister meg stille og forsiktig bort til vinduet, snubler litt i haugane med skitten tøy eg skal vakse, ferdig sortert. Drar gardinene fra så vidt, akkurat nok til å kikke ut. Eg ser ingenting, men ser at Susanne har høyrt det same, sidan det er lys i vindauget hennar, og eg ser skuggen bevege seg. Så da fant eg ut at da kan eg gå og sjekke, sånn at dersom eg blir .. det var mange tanker i hodet mitt. Eg er så veldig husredd, at der og da slo tanken om romvesen meg. Heh, litt trøtt, varm og redd.
Så går vi ned, slår på lys inne og ute, og nei. Absolutt ingen ting. Susanne henter lykter og vi lyser rundt på plenen, men nei. Det er like tomt som på dag-tid, det einaste som er å legge merke til er kor utruleg varmt det er, greit nok at det er sommar, men det er da vel grenser? Det var jo like varmt som når det er ein fin dag heime med litt vind!
Sidan vi ikkje fann noko var det berre å tusle tilbake til senga. Eg kunne ikkje fatte og begrip kva det var, men noko var det, vi høyrte jo det begge to.

Militæret ass.

TENK å møte han i døra da? Skummelt!

24. juli 2012

Strikkhopp

Vemork brua, 84 meter fra brua til elva
Lørdag 14 juni var eg så vidt komen heim, før eg og Tore snudde nesa mot Telemark og Rjukan. Planen var nemlig at nå skal vi hoppe i strikk. Det var en lang tur, og vi kjørte på relativt dårlige vegar, men det var lite/ingen trafikk så det gjekk litt opp i opp. Vi kjørte til Lærdal, ned til Geilo og endeleg var vi i Telemark. Eg kjente på det at i Tyskland har vi ikkje svinger, tuneller, smale vegar og vertfall ikkje ein god kombinasjon av desse. Det var skikkelig skummelt berre å køyre igjennom Lotetunnelen, så nedover måtte Tore køyre Lærdalstunnelen, eg nekta.
Det hadde regna litt i løp av dagen, og når vi kom fram, begynte det å regne igjen, så det å sove i telt og vakne kald og våt, var ikkje så utruleg fristande, så vi tok inn på hotell.
Vi såg litt TV og sov relativt lenge.
Hotellfrokosten var ikkje den aller beste eg har ete, men det var godt med mat. Sjølv åt eg ikkje så mykje, sidan eg var redd for kva følgje det fekk når ein hoppa i strikk. Ingen hadde fortalt meg noko, så eg fann ut at det var best å vere på den sikkre sida.
Vi kjørte opp/ned til stedet. Vi var begge sikkre på at vi skulle oppover fjellet, men nei. Vi skulle ned i eit juv. Vi kom fram, gjekk bort på brua og såg, og det begynte å kile så smått i magen.
Vi meldte oss på, og da var det berre å vente.
Vi var 22 og 23, og dei var på nr. 10, så  det var ca. ein time å vente. Difor gjekk vi i bilen og satt der å venta, når vi kom ned, var dei på nr. 19, så det var plutsleg ikkje så lenge igjen. Dei hoppa og hoppa, og så var det vår tur å få på oss selane. Tore skulle hoppe først, så medan han hoppa, måtte eg dessverre stå å gjere meg klar. Han hadde eit fint hopp, sa mannen, og eg fekk beskjed om å stige over til den "kassa" som hang på utsida av brua.
Da kom Tore opp igjen, og han såg ut som om han hadde hatt det kjempe gøy! Eg fekk festa strikken, klatra opp på podiet og stod i ein slags "Hands up" stilling. Så hoppa eg, eller du legg deg fram over og hopper når du er i slutten av fallet, og du kan ikkje gjere anna enn og hoppe. 3-2-1 og du faller.
"Hands up"
Og GUD for ein følelse. Det var akkurat samme følelsen eg hadde når eg hoppa ut av flyet, dei alle første sekundene av fritt fall, men den varte mykje lenger, sidan eg nå hadde litt meir høgebegrep enn det eg hadde på 4000 meter.
Sjølvsagt, som alle og ein kvar som kjenner meg hadde forutsett, hylte eg. Eg hylte skikkelig høgt, lyst og lenge. Fritt fall følelsen er så ekkel, på ein god måte altså, at det å ikkje hyle er heilt umogleg for meg.
Endeleg kjente eg strikken ta, og eg spratt litt hit og dit følte eg, sjølv om det ikkje kan kalles sprette heller, sidan det går så lang tid mellom kvar "sprett".
Så kom den "Heise-deg-opp"-tauet, som du skulle ta tak i og feste i beltet. Det var faktisk vanskligare enn eg hadde trudd. For det første så måtte man dra opp tauet som kom ned. Og berre det var litt vanskelig å koble. Så var det å få festa karabinkroken og ha henda i "Eg er klar"-possisjon. Så kjende eg at det begynte å trekke i tauet, egvar på veg opp. Vel oppe fekk eg beskjed om at det var eit fint hopp, og fikk eit "Gratulerer" sjølv om eg ikkje forstod heilt kvifor, der og da.
Så var det over. Like fort som det var begynt. Det var meir eller mindre rett tilbake i bilen å begynne på den lange turen heim. Vi stoppa på Geilo og spiste pizza på peppes og så var det berre å køyre heile vegen heim. Fra Sogndal til Breim sov eg meir eller mindre, noko som var skikkelig digg. Det var veldig langt å køyre for ein (s)liten kropp.

Høgt ned, sa du?


Ingen av bileta er mine, sidan vi ikkje hadde tid til å ta bilete av kvarandre, og ingen av oss hadde kamera.

23. juli 2012

Reise-karma?

Då er eg tilbake i Tyskland, etter mykje om og men. Det slår ikkje feil, kvar einaste gong eg skal heim skal nokon vise fram kor viktige dei er. Sist var det vekterstreik, nå er det mangel på flygelederar. Det heile enda opp med over ein time forsinka heim den 13. Eg må berre seie det at eg har skjønt kor viktige dokke er, vertfall, om det hjelper. Eg har forresten tenkt litt på det der dei mange timane eg satt på Gardermoen, er det nokon av flygeledarane som blir påverka av sin eigen ferie?
Søndag, 22. juli skulle eg ned igjen, men sjølvsagt måtte flygeledarane vise kven som var sjefen. Flyet fra Anda var rundt 20-30 minutt forsinka og det gjorde absolutt ingenting sidan eg hadde litt over to timar på Gardermoen med venting. Flyet til Køben skulle gå 18.05, men det flyet som skulle komme, fekk tekniske problem, så vi måtte vente til dei hadde klargjort eit nytt fly, flydd fra Køben til Oslo og klargjort det på nytt. Ny tid blei da 18.45. Så kom det melding om at dette flyet hadde fått "slot-tid", som vil sei dei må avvente, sidan det er for lite folk og mange fly. Så da blei ny tid 19.35. Eg hadde mange filmar, så kjedeleg var det heldigvis ikkje. Problemet var berre det at flyet fra Køben til Düsseldorf gjekk 20.40. Det tar litt over ein time å fly Oslo-Køben, så du kan tru eg vart stressa.
Endeleg tok flyet av, og vi var på veg. Nesten framme i Køben, får vi melding om at passasjerar som skal til Düsseldorf er blitt om booka til ein annan flygning. Da var det berre å finne transfer-center, få vite når flyet gjekk, finne bagasje, få hotell og komme seg avgårde. Eg venta på bagasjen i over ein time, og sto i "Ankomst Service"-kø i ein halv time. ENDELEG på veg til hotellet og senga.
Når vekkerklokka ringte, tenkte eg berre "Ånei", så eg hoppa i dusjen, spiste ein veldig god frokost og bega meg til flyplassen. Resten av reisa gjekk som smurt, heldigvis.

Så da kan eg krysse av enda ein check, nemlig å miste flyet! Heldigvis gjekk det bra.
Om ikkje så lenge kjem innlegg om veka heime. Strikkhopp, Malakoff, fjelltur og anna kjekt!

Testing av web på nye dataen!

13. juli 2012

Nordfjordeid, here I come

Nå er det like før heimreise og perm i ei heil veke. Eg kan ikkje hugse sist eg hadde 10 heile dagar fri, utan jobb skule eller andre planar. Einaste eg skal er malakoff, til og med da skal eg berre nyte tida! Det skal bli så deilig å berre nyte 10 dagar med familie, venner og kjæreste.
For tida har eg vore ei veke aleine på Trollhaugen og jobb. Gjennom det har eg lært at eg aldri bu aleine, det blir berre for einsamt. I helga var eg i Maastricht og på søndag kom Anette heim. Endeleg slutt på tilstanden som "eneboer".
Nå er det ei heil veke med mykje motor som ventar. Malakoff, grilling, sommerferie igrunn.

12. juli 2012

Anholdt

Siden det for tiden er veldig mange som er på sommerferie, er det ikkje så veldig mykje som skjer på supporten. Så i dag kom anette over like etter lunch og henta nokon vedlegg til regneskapet, siden ho trudde det var månedsskifte og at regneskapet skulle leverest.
Vi satt å snakka litt sammen med dei andre på supporten, når telefonen plusteleg ringer. "Hello this is from the IMP (International Military Police), could you please come down to our office? We have something we would like to discuss with you." Eg sa jo sjølvsagt at dette var ingen problem.Sjølv om eg er hundre prosent sikker på at eg ikkje har gjordt noko galt, så blir eg skremt og det føltes ut som eg hadde fått beskjed om at eg skulle i fengsel.
Eg kjørte ned og kom inn i resepsjonen, ble sluppet igjennom døra, og dei begynner å prate.
"Det har blitt observert eit norsk kjøretøy som har kjørt på nokon. Vi har kontaktet SNR (Senior National Representativ) og han seier at du kjører rundt i eit norsk tjenestekøyretøy. Dessuten, nå når eg ser deg så passer du godt til beskrivelsen."
Eg kjenner at eg blir heilt fortvila, fordi eg er sikker på at eg ikkje har kjørt på nokon som helst.
"Så dette betyr av vi er nødt til å anholde deg." Han tar frem handjern, tar dei på meg, og eg begynner å gråte. Sjølvsagt. Eg var livredd, i sjokk og andre følelser ein ikkje kan beskrive. Så tok han dei av, og eg skjønte ingenting.
Han førte meg inn på eit kontor, ta "muggshot" med navn og fødselsdato.
Han går for å fikse noko, og eg får beskjed om å sette meg ned i sofaen som er der, noko eg sjølvsagt gjer.
Eg høyre litt murring i gangen, og plutselig, ut av det blå, kjem Anette inn døra.

Alt dette var altså ein spøk i fra Anette sin side. Ho følger altså opp tradisjonen der den som dimmer kødder med den som blir igjen.



"Mug shot"

Kjerringa til venstre og meg full av tårer til høgre

1. juli 2012

Au revoir, Paris

Fredag etter jobb, tok eg en kjapp dusj før eg hoppa i bilen og reiste til Amalie på SHAPE (Suprem Headquarters Allied Powers Europe) for å slippe å sitte heime aleine på Trollhaugen. Anette og Susanne er nemlig heime på ferie, og det blir litt kjedelig å sitte heime aleine ei heil helg.
Kom fram i rundt 6-tida, og fra da av såg vi litt film, for så å reise på karaoke-night. Det var sikkelig gøy, bortsett fra at vi faktisk ikkje hadde guts til å gå opp på scena før det var forseint.
Så gjekk vi tilbake igjen, og etter litt om og men gjekk vi å la oss. Morgenen etter, kl. 06.00 ringte vekkerklokka. Vi skal til Paris, på Red Hot Chili Peppers! Da var det å få på seg kleda og tusle ned til gaten. Vi hadde bestilt taxi til kl. 07.00, siden toget gjekk 07.40, og det tok ca. 10 minutt å kjøre. Vi venta, venta og venta. 07.10, 07.20, 07.30, og 07.40. 40 miutt etter dei skulle vere her, var dei enno ikkje kommet! Så vi traska tilbake til brakka, spiste frokost, for så å legge seg igjen. Eg trur det er lenge siden eg har drømt så mykje som eg gjorde dei to timane eg sov den morgenen.
Vi vokna i 12 tida, fant ut at vi ikkje kunne sitte her og stirre i veggen, så vi reiste til Brugge, ein by i Belgia i nærheita av havet. Vi fekk ikkje sett havet, men der var kanaler, så vi fekk sjå rennande vatn, i det minste.
Vi åt middag på ein relativt dyr restaurant, med elefant-porsjoner, eg klarte ikkje spise halvparten av "pasta(Det var spaghetti) carbonaraen min.
Så møtte vi resten av gjengen, kjøpte litt sjokolade og andre godsaker, for så å ta toget heim igjen.
På basen var det feiring av 4. juli, som er Amerikas frigjøringsdag. Det var tivoli, fyrverkeri, og alt ein ser på TV. Eg (les: Amalie) kjøpte sukkerspinn og popcorn, og tok to karuseller. Radio-biler og ein annan som var veldig morosam (sjølv om eg føler meg for gammal til å synes at karusellar er morosame).
Søndag, sov vi nesten tolv timar den natta. Vi fordreiv dagen med å ligge på sofaen og sove, sjå film (Harry Potter!) og slappe av.
Etter omlag 18 med soving og avslapping, kjørte eg tilbake, såg EM-finalen (Eller heilt til Italia leda 2-0, sidan eg tvilte på redusering) og nå har eg lagt meg. Good nigth people

To be continued ..