Viser innlegg med etiketten Vær. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vær. Vis alle innlegg

12. november 2015

Sjokoladeran

Hei folkens!

I dag er det trollsk stemning her i Førde! Lett sykdekke, sol og blå himmel nokon stadar og tjukk tåke ligg lavt over somme deler av Førde. Ein ting som eg sjokka oppdaga når eg var i butikken nå i veka var forskjellen i kilopris på Freia sin Melkesjokolade 200G plate og eventyrsjokoladen. 200G koster 163,- per kilo og eventyrsjokoladen koster 391! Det er nesten dobbelt så dyrt for den lille som den store.Sjukt.



Om du ser til venstre,  er det prisen på de store 200G platene og til høgre er Freia sin eventyrsjokolade. Desse bildene er tatt hos Rema 1000, og eg må sei eg stille spørsmål om å bidra til at folk kjøper store sjokoladeplater frem for dei små, om ein skal tenke økonomisk. I alle fall om ein er student. Men så skal ein jo prøve å tenke sunt også, og når ein først skal kose seg med litt sjokolade, har eg ikkje lyst å måtte kjøpe 200 gram for å ete ei eller to rad og så legge sjokoladen i skapet og ete 180 gram meir enn eg først og fremst hadde tenkt til. SKJERPINGS!



Er du ikkje einig da? Så mykje i prisforskjell? Kostar virkelig embalasjen til Freia så mykje at det skal vere så stor forskjell? Eg endte opp med å kjøpe ein annan sjokolade, for å protestere mot prisforskjellane. Då kjøpte eg Kinder Bueno, og der oppdaga eg ein annan ting ( i tillegg til at det ser ut for at er lenge sidan eg har vore i sjokoladehylla). Kinder Bueno har fjerna den raude tråden de haddei embalasjen, som gjorde at du kunne rive i et hjørne og tråden hjalp deg med å åpne pakningen. Den er altså vekk. #Frustrasjon.

Neei, god helg! Eg skal på Ambulansekurs i helga. Det blir bra! :)

11. mars 2013

Eksamen over hele linja..

Hei,

Etter ei utrulig inneffektiv helg, har eg endelig kommet skikkelig igang igjen med eksamenlesinga. Drittjobb, men må gjerast. Nå sitter eg og repeterer oppgaveheftet, ved å digitalisere det (skrive det på data). Har ikkje sjekka facebook ein einaste gong, så er ganske fornøgd!
Ovnen har endelig tatt fyr, sola skinner, eg har siesta i glasset og livet er ikkje så alt for ille, om ein velger å sjå på den lyse sida.
Eg merker at hjerna mi er klar over at det skjer noko snart, eg sover dårlig igjen. Har eg mykje å tenke på, eller er stressa over noko som skal skje, veit eg at eg kjem til å sove dårlig. Oh well, eg er fortsatt ung!




29. oktober 2012

Dag 2 - Sør-Afrika

Hei,

I dag tok vi oss den frihet, å sov litt lenger enn i går. Vi spiste frokost på Rcafé, som ligger rett under hotellet vårt. Utrulig god mat, og gleder meg til å prøve noko nytt i morgon!
I dag har vi vore på ei anna rute med tourbussen. Denne gjekk rundt på baksida av Table Mountain, så du fekk sjå den vanvittige floraen som lever rundt om kring i Sør-Afrika. Vi gjekk av på vin-touren, gjekk ein liten tur på Groot Constantia og kjøpte ei flaske vin.
Så gjekk vi av på World of Birds, som er ein organisasjon som jobber med å hjelpe skadde og forlatte fugler, og å hjelpe utrydningstruede dyrearter.
Der brukte vi rundt to timer. Det var utrulig mange fugler å sjå, papegøye, pelikaner, gribb, flamingo, kråker, fasan, hauk, falk, ugle, turdelduer og utrulig mange andre fugletyper. Dei har også ein håndfull andre dyr, som Alpakka, Sjakal, Skilpadde, "Bambi", Marvin, grevling, og mange apetyper.
Dagens høydepunkt er uten tvil "Monkey Jungle", som er eit rom fult av relativt tamme "Herr Nilson". (null peiling på hvilken rase det et), dei klatret på oss, og det var skikkelig kult å ha holdt en ekte, levande ape!
Vi hadde eigentleg tenkt å reise på ein kanal-tour og ein tur til Roben Island, men dette blei dessverre ikkje noko av, sidan "Doktoren" i Cape Town (vinden) bestemte seg for å vere på besøk i dag.
Dette har ført til ein litt kjølig dag, men absolutt verdt det!

Amalie og eg har funnet ut at vi må ha måttet fått overdose av frisk luft i dag. Vi har ikkje vore ute sidan vi spiste frokost, og det samme gjaldt i går, og da spiste vi alt utan om middag på kvelden ute.
Planer for morgendagen er usikre, og det er bare tida som vil vise kva vi skal. Planene for kvelden er ein liten tur ut for å sjå på livet, før det blir kvelden.

På biletet her ser du dei flotte hårsveisane vi hadde etter å ha løpt i medvind eit par kvartal!

21. oktober 2012

Koseleg helg!

Hei!

Da har eg kjørt Amalie til toget. Det har vore ei herlig helg. mykje avslapping, men absolutt ikkje kjedelig. Fredag var det eigentleg  bare å spise og sjå TV før vi tok kvelden. Vi sov lenge - til halv 12! Så reiste vi på basen og handla litt, det lille eg magla til taco og litt diverse.
Etter det gjekk vi ein tur i skogen. Du ser mange bilete av det under her. Når vi kom tilbake grilla vi oss lunch, siden det var så fint veir. Vi satt ute å spiste i berre tynn genser, så var som en litt kjølig sommerdag. Herlig!
Så såg vi litt tv og slappa av. Etter det var det taco og filmtid. Vi såg Tangled, som er ein utrulig bra film!
Tidligare på dagen hadde vi laga sjokolagemousse. NAM!
Tidligkveld, og vi var oppe i 10-10.30 tida. Vi spiste frokost og så reiste vi til Landgraaf og gjekk opp dei 500 trappetrinnene til Snow World og skuet ut over det ganske land. På topppen der, kan du på ein klar dag sjå over 4 mil nord, sør, øst og vest!
Heh. Mangla eit bilete der gitt!
Har du hatt ei fin helg?

20. oktober 2012

Sol og fint!

I helga har eg besøk av søte Amalie. Vi skal nemlig planlegge litt turen til Sør Afrika, og bestemme oss for kva vi vil gjere, når vi vil gjere det og kvar vi vil gjere det.
Ellers så er været sånn.. heilt OK+.Altså, HEILT FANTASTISK!
Det er en liten smak av sommeren i slutten av oktober. Håper dokke koser deokke heime, i 5 grader og sludd? Eg skal hvertfall kose meg her nede!

Som dokke såg i innlegget i går har eg veldig lyst på tips ang. ting å gjere, tips og alt anne nyttig. Så eg oppfordrer alle dokke som er reisevandt til å komme med alt av tips.

23. september 2012

Historien om å fly AWACS

For rundt ein måned sidan var eg og min roommate Susanne ute å fløy med AWACS. Dette var veldig spesielt og ei kul og annerledes oppleving.
Dagen byrja med oppmøte med den squadronen vi skulle fly med, kl. 0630 (lokal tid, siden dei som flyr snakker i GMT tid, eller EST eller noke sånn. Det er to timer tidsforskjell vertfall...), vi fekk briefing om kor vi skulle fly, korleis vêret var og kva som skulle gjerast, sikkert mykje meir også, men eg skjønte ikkje alle AAGE, GFES og RTWS'ane dei kom med (Dette er sjølvsagt forkortingar som eg kom på nå, hugsar dei ikkje, sidan eg ikkje fulgte med. Var ikkje så veldig interessant når du ikkje skjønte kva dei sa!) Og fekk litt sikkerhetsopplysningar.
- Dersom vi må nødlande, gjer slik.
- Brenner det, gjer slik. osv.
Eg kan vel seie så mykje som at vi fløy ikkje langt, og vêret var upåklageleg. litt over 30 grader, knall blå himmel og steikande sol. - Takk gud for air condition..
Så var det å gå ombord i flyet, sjekke at alt var i orden med tanke på maten som vi hadde bestilt, (som ikkje var der, forresten, så vi måtte vent til han kom med den, før vi kunne gjere noko meir. Mannen som hadde ansvar for meg og Susanne (veldig hyggelig fyr!) lovte oss det at det var forbudt for flyet å ta av med mindre alle hadde fått flightmealen sin) Etter ein liten halvtime kom den, og det var på tide å gjøre klar til å taxe fram til rullebana. Take-off skulle vere ca. 08.15, så etter å ha venta litt på maten, hadde vi begynt å få litt trangt skjema.
- Lettare sagt enn gjort. Nå viste det seg at altitude-målarane i cockpit var ulike, så det måtte fikses. Så mekanikerane sa at det ville ta kanskje ein time å fikse, så da var det bare å vente.. Eg veit ikkje kva klokka var når dei sa dei hadde fiksa det, men det tok meir enn ein time!
Så skulle vi starte motorar (eg satt i cockpit, og skule gjere det under take-off, KULT!), men motor 1 ville ikkje starte, så dei fiksa det på "Hokus pokus-vis". Klokka var nå nærare 10.30, og vi kunne endeleg taxe til rullebana. Det å få sitte sammen med piloten, maskinisten og navigatøren under take-off var virkelig ein opplevelse. Når vi var kommet høgt nok, kunne eg gå bak i flyet og sjå på alle skjermane og sjå kva som blei gjort. Veldig interessant, sjølv om vi skjønte lite. Fekk prøve å trykke litt fram og tilbake, og forklart det heilt basic, kva dei ulike prikkane var og kven som gjorde kva.
Etter mange lange tima, middagseting, brannøvelse og mykje forklaring der du som lytter smiler og nikker samstundes som du ikkje egentlig skjønnar kva dei sei.
Landingstid. Klokka er nærare 17.00 og vi begynner å gjere klar til landing. I AWACS så er det sånn at passasjersetene er heilt bakerst i flyet, vendt bak over, så man kan trygt seie eg vart dårlig. I tillegg har flyet minimalt med vinder. Det er i cockpit og på nødutgangdørene.
Med viftene på fult, vannflaska i hånda og ein liten anger på at eg åt så mykje middag, pusta eg letta ut når eg kjendte flyet traff rullebana. Her skjer det. Vi sakker ikkje av, og i eit millisekund tenkte eg "ÅGUD", men alle ser rolig ut, så eg stressa ikkje. plutselig kjenner eg at nasa på flyet vender opp igjen. Eg skjønte ingenting. "Vi tok en tuch and go." får eg beskjed om. Vere bort i bakken med hjula for så å ta av igjen.  - Pilottrening.
Eg var alt da begynt å bli litt dårlig, sidan det tross alt var nærare 35 grader ute, var det relativt godt med turbulens. Så da var det berre å vente litt da, siden vi nå måtte virkelig ta ein 360.
Da vi hold på med innflygninga spør han som sitte ved siden av meg om det går bra, fordi nå har eg slutta å smile. Eg smile så tappert eg kan tilbake og prøver å motstå fristelsen til hilse på middagen igjen. Nasa vender nedover igjen, og eg kjenner heile kroppen be til alle høgare makter om at vi ikkje tar enda ein tuch and go, siden han mannen ved siden av, sa at det var vanlig med 2-3 tuch and go.
Men nei, vi landa. Safe and sound. Eg hiver inn på flaska og kjenner at eg storgleda meg til å trekke frisk luft og ha beina planta på asfalten igjen.

Det viste seg da at han som hadde hatt ansvaret for oss hadde hatt sin siste flygetur, og det er ein tradisjon om at dei skal bli dynka i vatn. Tradisjon tru, stod fire brigde der, klar for å sprute på han. Eg misunte han litt. Vi hadde budd i eit kjølig og fint klima inne i flyet, og nå var det plutselig 35 grader.

Bilde funnet på nette, her ser du menna i aksjon

Lurer du på kva anna dei gjer på basen er nettisda deira linka her, E3-A component.

20. august 2012

Varmt som i ... ?

Dei siste dagane har det vore så varmt her nede! Holy. Du sitt heilt stille i sofaen, og likevel svettar du som om du låg ute i sola. På torsdag, hadde bilen meir eller mindre stått i sola heile dagen, og når eg skulle gire, brann eg meg på metallet på girspaken, og skinnsetene var eg sikker på at ein kunne steike egg på.
Så i går var det på tide å gjere noke med det, fordi eit murhus som først er blitt varmt blir ikkje kaldt med det første. Så da kommer den geniale oppfinnelsen Air Condition inn i biletet. Den sto oppe på tørkerommet, men eg fann ut at vi måtte nå bruke den, når vi har. Så eg bar den ned i stova. Det hørtes forresten ut som om ein elefant med plastfolie under beina gjekk ned trappa. 

Litt sånn føler eg det er ute. Alt berre smeltar.

24. juli 2012

Strikkhopp

Vemork brua, 84 meter fra brua til elva
Lørdag 14 juni var eg så vidt komen heim, før eg og Tore snudde nesa mot Telemark og Rjukan. Planen var nemlig at nå skal vi hoppe i strikk. Det var en lang tur, og vi kjørte på relativt dårlige vegar, men det var lite/ingen trafikk så det gjekk litt opp i opp. Vi kjørte til Lærdal, ned til Geilo og endeleg var vi i Telemark. Eg kjente på det at i Tyskland har vi ikkje svinger, tuneller, smale vegar og vertfall ikkje ein god kombinasjon av desse. Det var skikkelig skummelt berre å køyre igjennom Lotetunnelen, så nedover måtte Tore køyre Lærdalstunnelen, eg nekta.
Det hadde regna litt i løp av dagen, og når vi kom fram, begynte det å regne igjen, så det å sove i telt og vakne kald og våt, var ikkje så utruleg fristande, så vi tok inn på hotell.
Vi såg litt TV og sov relativt lenge.
Hotellfrokosten var ikkje den aller beste eg har ete, men det var godt med mat. Sjølv åt eg ikkje så mykje, sidan eg var redd for kva følgje det fekk når ein hoppa i strikk. Ingen hadde fortalt meg noko, så eg fann ut at det var best å vere på den sikkre sida.
Vi kjørte opp/ned til stedet. Vi var begge sikkre på at vi skulle oppover fjellet, men nei. Vi skulle ned i eit juv. Vi kom fram, gjekk bort på brua og såg, og det begynte å kile så smått i magen.
Vi meldte oss på, og da var det berre å vente.
Vi var 22 og 23, og dei var på nr. 10, så  det var ca. ein time å vente. Difor gjekk vi i bilen og satt der å venta, når vi kom ned, var dei på nr. 19, så det var plutsleg ikkje så lenge igjen. Dei hoppa og hoppa, og så var det vår tur å få på oss selane. Tore skulle hoppe først, så medan han hoppa, måtte eg dessverre stå å gjere meg klar. Han hadde eit fint hopp, sa mannen, og eg fekk beskjed om å stige over til den "kassa" som hang på utsida av brua.
Da kom Tore opp igjen, og han såg ut som om han hadde hatt det kjempe gøy! Eg fekk festa strikken, klatra opp på podiet og stod i ein slags "Hands up" stilling. Så hoppa eg, eller du legg deg fram over og hopper når du er i slutten av fallet, og du kan ikkje gjere anna enn og hoppe. 3-2-1 og du faller.
"Hands up"
Og GUD for ein følelse. Det var akkurat samme følelsen eg hadde når eg hoppa ut av flyet, dei alle første sekundene av fritt fall, men den varte mykje lenger, sidan eg nå hadde litt meir høgebegrep enn det eg hadde på 4000 meter.
Sjølvsagt, som alle og ein kvar som kjenner meg hadde forutsett, hylte eg. Eg hylte skikkelig høgt, lyst og lenge. Fritt fall følelsen er så ekkel, på ein god måte altså, at det å ikkje hyle er heilt umogleg for meg.
Endeleg kjente eg strikken ta, og eg spratt litt hit og dit følte eg, sjølv om det ikkje kan kalles sprette heller, sidan det går så lang tid mellom kvar "sprett".
Så kom den "Heise-deg-opp"-tauet, som du skulle ta tak i og feste i beltet. Det var faktisk vanskligare enn eg hadde trudd. For det første så måtte man dra opp tauet som kom ned. Og berre det var litt vanskelig å koble. Så var det å få festa karabinkroken og ha henda i "Eg er klar"-possisjon. Så kjende eg at det begynte å trekke i tauet, egvar på veg opp. Vel oppe fekk eg beskjed om at det var eit fint hopp, og fikk eit "Gratulerer" sjølv om eg ikkje forstod heilt kvifor, der og da.
Så var det over. Like fort som det var begynt. Det var meir eller mindre rett tilbake i bilen å begynne på den lange turen heim. Vi stoppa på Geilo og spiste pizza på peppes og så var det berre å køyre heile vegen heim. Fra Sogndal til Breim sov eg meir eller mindre, noko som var skikkelig digg. Det var veldig langt å køyre for ein (s)liten kropp.

Høgt ned, sa du?


Ingen av bileta er mine, sidan vi ikkje hadde tid til å ta bilete av kvarandre, og ingen av oss hadde kamera.

13. juni 2011

Eg etterlyser: Sommer og sol

Kvar er sommaren? Eg saknar å kunne gå i shorts, solbriller, lette luftige t-skjorter, store vesker med sommarpreg, flippfloppa eller gladiatorsko, store stårhatter og bli brunare og brunare for kvar dag som går.

Eg vil ha knallblå himmel med steikande sol, sånn at du ikkje kan gå barføtt på asfalten, fordi det er så varmt. Eg vil hoppe i sjøen fordi det er så varmt ute at det ikkje er verandes oppe på land. Eg vil ligge på stranda dag ut og inn og berre kose meg. Bli brun og slappe av.

8. januar 2010

-20 grader, er litt for kaldt

Global oppvarming er virkelig oppskrytt må eg sei. Det er iskaldt ute! Isteden for den milde vinteren det var i fjord, er det heller så kaldt at vi held på å bli sjuke bare vi opnar døra ut.

Isteden for å vere slik:

Varmt og deilig med blomster og grønne trer. Ingen snøv så langt auget ser, +30 grader celcius


Er det slik:

Kaldt og fælt med masse snø og is. Snøv overalt og -20 grader celcius


Der er sjølvsagt positive og negative sider med all denne snøen og alt, men akkurat nå føler eg at det bare er kaldt, glatt og masse unødvendig snøv.