Viser innlegg med etiketten Blogg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blogg. Vis alle innlegg

4. april 2016

Eit innfall som førte til eit innlegg

Hei!

Nå fekk eg plutselig lyst til å skrive noko lite her inne på bloggen igjen. Det er sporadiske postar, men eg ser på statisitkkane at nokon er iallefall innom av og til. Kven det er og kva dei vil, det er det verre med. Uansett seg eg pris på deg som kikkar innom, uansett om du er ein Bot eller et faktisk menneske.

Siste tida har gått i mykje jobbing, sosiale hendelser og avslapping. Eg har fått meg 50% vikariat i akuttmottaket på Førde Sentralsjukehus. I tillegg har eg klart å fullføre Helse Førde sitt vikarkurs - som gjere at eg kan ta ekstravakter i ambulansen som ambulanseassisten. Nokre av kursdeltakarane har tenkt å ta 160 koden, som er utrykkningslappen, men eg tenker eg venter med det til eg har fått litt tid bak i bilen og køyrt den litt på rolige turer. Ambulansen er mykje høgare, breidare og lenger enn nokon annan bil eg har køyrt, så det tar litt tid å bli vandt til å manøvrere den.


12. november 2015

Sjokoladeran

Hei folkens!

I dag er det trollsk stemning her i Førde! Lett sykdekke, sol og blå himmel nokon stadar og tjukk tåke ligg lavt over somme deler av Førde. Ein ting som eg sjokka oppdaga når eg var i butikken nå i veka var forskjellen i kilopris på Freia sin Melkesjokolade 200G plate og eventyrsjokoladen. 200G koster 163,- per kilo og eventyrsjokoladen koster 391! Det er nesten dobbelt så dyrt for den lille som den store.Sjukt.



Om du ser til venstre,  er det prisen på de store 200G platene og til høgre er Freia sin eventyrsjokolade. Desse bildene er tatt hos Rema 1000, og eg må sei eg stille spørsmål om å bidra til at folk kjøper store sjokoladeplater frem for dei små, om ein skal tenke økonomisk. I alle fall om ein er student. Men så skal ein jo prøve å tenke sunt også, og når ein først skal kose seg med litt sjokolade, har eg ikkje lyst å måtte kjøpe 200 gram for å ete ei eller to rad og så legge sjokoladen i skapet og ete 180 gram meir enn eg først og fremst hadde tenkt til. SKJERPINGS!



Er du ikkje einig da? Så mykje i prisforskjell? Kostar virkelig embalasjen til Freia så mykje at det skal vere så stor forskjell? Eg endte opp med å kjøpe ein annan sjokolade, for å protestere mot prisforskjellane. Då kjøpte eg Kinder Bueno, og der oppdaga eg ein annan ting ( i tillegg til at det ser ut for at er lenge sidan eg har vore i sjokoladehylla). Kinder Bueno har fjerna den raude tråden de haddei embalasjen, som gjorde at du kunne rive i et hjørne og tråden hjalp deg med å åpne pakningen. Den er altså vekk. #Frustrasjon.

Neei, god helg! Eg skal på Ambulansekurs i helga. Det blir bra! :)

6. november 2015

For eit sammensurium av tankar!

Hei!

Det vart rett og slett ikkje tid til blogging i går. Dagen byrja rimelig seint, med sein og godt frokost som flinke T laga til. Så vart det tur (spontantur for min del, hadde egentlig ikkje tenkt å vere med) til Sogndal slik at Tore fekk kjøpt seg frikøyringsutstyr. Så gjekk turen heim og vi heiv oss rundt å reiste på trening. Kjenner det veldig godt i brystet og magen at det var ei stund siden sist eg trente skikkelig arm/mage. MEN desto bedre, meinar nå eg. Eg elska å sjå progresjonen.

Markløft med min faste treningspartner!

Dagen i dag har gått med til å skrive oppgåve, siden eg tok meg fri i går. Men har skrevet nesten 500 ord i dag, så kan seie meg greit fornøgd med dagens innsats. I morgon må eg nok på skulen for å finne meir forskning, då eg har endra vinkling litt, og treng andre artiklar. Litt surt, då eg var kjempefornøgd med den eine eg nå må kutte; men hei! Eg har jo lest ein forskningsartikkel som var nyttig, så kunnskapen min er blitt betre.
I tilleg til at eg nå skal skrive bachelor er eg jo med på Forskriftskurset, som gjere at eg i bland har litt fleire fristar og forholde meg til enn eg kunne tenkt meg... MEN om 21 dagar. TRE VEKER er bacheloren levert og eg er forhåpentligvis enten på vei på fest eller allerede godt i gang med å feste. Å levere bachelor er ikkje akkurat småtterier!


Huff, dette vart eit usammenhengande innlegg, men det er en sånn dag der det ikkje lenger er heilt system i haudet etter all fagstoffet som kvernar rundt der nå. Nå skal eg snart rusle på badet å freshe meg opp og fikse meg for kvelden. Skal ta nokre glass med vin, og det spørs om det ikkje blir en liten tur ut også etter kvart!

GOD HELG!

4. november 2015

Prosjekt: Rosebukett 2.1

Hei!

Tenkte eg skulle gi dokke ei oppdatering på korleis det går med rosebuketten eg har som prosjekt. Det kom ein uventa "bump" i progresjonen då vi reiste heim på torsdag i forrige veke og ikkje var heime igjen før seint søndags kveld. Utruleg nok var dei framleis i live, sjølv om dei viste tydelige tegn på "mishandling". I dag har dei fått gått igjennom ei skikkelig rydde og kutte runde, der eg fjerna gamle løv og kutta av det som var blitt dårlig på stilkane.


Eg klipte av en god del som ikkje var verdt å ha på stilkane meir. Der er til og med TO knopper nå. Så sidan sist har det kommet ein til! Spennande. Kanskje er der fleire rundt hjørnet?

Alt dette måtte gå. Nokre av stilkane var blitt mørke og såg ikkje bra ut heilt nederst, difor måtte mykje av nokre stilkar klippast. Nå satsar eg på at blada og dei nye stilkane vil sterkne og stivne litt etter kvart, for akkurat nå er dei litt slappe. Satser på at det er helgas dehydrering som gjere det, og at dei snart er store, sterke, flotte roser nok ein gong.

.. Det er kjekt å ha noko å dille med innimellom Bachelorskriving. Som rosebukettar og blogg.

3. november 2015

Ein blogg å følge

Hei!

Eg må berre seie at dette trur eg er det lengste eg har blogga på nokre år. To fulle veker med meir eller mindre daglege oppdateringar? Muligens fordi eg rømmer frå bachelorskriving til bloggen, men og kanskje fordi eg har behov for å dele tankar innimellom. 

Eg har lyst å tipse dokke om ein artig bloggar som nylig har starta opp. Eg oppdaga han på Instagram før bloggen starta, og berre av navnet såg eg at dette var eit utrulig kult "fenomen". Ikkje han altså, men det han driv med. Bloggen og instagrammeren heite "Strikkefar" og er ein 23 år gammal mann som strikker klær til si vesle datter på 2 år. Så til dei som ønsker å lese ein litt annerledes pappablogg eller følge ein annerledes instagram-konto, kikk innom Strikkefar! 



... Autokorrekt på telefonen vil så gjerne kalle han for "Strikke får". Hihi!

1. november 2015

Bake kake søte...

... Dyppe den i fløte.


Er det ikkje sånn den sangen går? Vel, fredag og laurdag har eg vore bakemester harepus og fredag hadde eg med lærling! Eller, det vil seie, Amanda skulle bake nokon muffins eg hadde baka før med sjokoladesmørkrem, og eg stilte opp som hjelp når det trengtes. Men i går har eg baka så det holdt. Det skal jo som sagt tidligste på bloggen vere haustfest her i bygda, og for oss "nyinnflyttarar" er dette ganske spennande, da vi er vandt med korleis haustfesten er i Kjølsdalen. Bryggja har litt å vise, men det får dei nok bra til. Eg har trua! Eg var nemlig en snartur opp om for å sjå kva som rørte seg i grendahuset på Bryggja, og der var både fin sang og livlige røster. Dette blir bra! 

Kakebunnen i mikseren
Ferdig pynta. ALdri pynta rundkake før. All ære til dokke som går det til å sjå etande ut!
Så om du er i området søndag kl. 16 bør du ta turen å sjå på kva alle barna og ungdommane i Hei og Hå 4H har klart å stelle i stand :-)

 
Måtte jo smake på baksten til Amanda - dei var skikkelig gode!
Nå skal eg suse på jobb etter ei natt med lite og urolig søv. Ein har ikkje godt av å stresse så mykje, men for ei kortare periode får det gå. Mandags morgen skal eg slappe av litt.

29. oktober 2015

Graver etter gull

Hei!

Som dokke kanskje fikk med dokke, var eg til tannlegen forrige onsdag å trakk ei visdomstann. Nå har heldigvis sjølve såret grodd, slik at smertene så og sei vekke. Det kan av og til gjere vondt om eg ikkje er forsiktig når eg tygge harde ting eller pusser tennene litt uforsiktig. MEN, ein ting eg hadde gløymt når det kom til å trekke tann var det hullet som kjem etter sårflata er grodd igjen og tannkjøttet skal begynne å gro "opp" til resten av tannkjøttet. For det som er med det hullet, er at det meste av mat som er i små bitar, dei blir sittande fast ned i det hullet

Frustrert frøken som er lei av å måtte grave etter "gull" i hullet etter tanna.
Altså, det gjere ikkje vondt eller noko slikt, men det er litt plagsomt å måtte stikke fingeren inn i munnen å forsiktig grave ut smulen, brokkolibiten eller macaronien sånn dann og vann under måltidet. Blir ikkje restaurantbesøk med det første, for å seie det sånn!

Frosten kjem!
Det er forresten begynt å bli skikkelig kald haust i Førde nå!

27. oktober 2015

Minien i familien.

Hei!

Eg kjem frå ein familie der vi er tre søsken, og eg er den midterste. I Følge naturen bør jo eg då vere midters i lengde også, ikkje sant? Vell.. det stemmer ikkje. Eg trur det var manko på lager den dagen DNA'et mitt var innom for å plukke opp centimeter. I alle fall i forhold til mine søsken. MI VESLESØSTER PÅ 15 ÅR ER BLITT HØGARE ENN MEG.

Og ikkje berre litt heller, det er faktisk merkbart...

Mamma, Amanda og meg. Nokon som ser at centimeterane mine manglar?!

23. oktober 2015

Rosebuketten som spirer?

Hei!


Eg veit ikkje heilt korleis eg har fått det til, men eg trur eg har fått grønne fingre på eit vis. Eller, kanskje ikkje alle fingrane mine er grønne, sidan fredsliljenen mine ikkje blir anna enn grønne (dei har ikkje hatt blomster på fleire månedar). Men rosene mine derimot. Dei vekse. Alttså, ikkje i høgda, og (enn så lenge) har det ikkje kome fleire blomtra, men bladene kjeme lysegrønne, nye og friske.


Desse bilda er då altså tekne med ti dagers mellomrom, og dei har begynt å vokse! Sidan vi skjeldan kjøper bukettar, er dette noko som er heilt nytt for meg. Er dette vanlig? Er det vanlig at skuddene begynner å vokse? Kjem eg nå til å ville få blomsterkopper?


Om nokon andre vil følge opp suksessen ved å gå i mine fotspor, så skiftar eg vatn ca. annankvar dag, har en ts sukker og ei ts sitronsaft per halvliter med vatn. Kan også vere lurt å ha nokre dråpar klorin i etter kvart, då dette drep bakteriane som likar seg i vatnet og startar nedbrytingsprosessen, eller noko sånn. Oppskrifta fann eg på det O' store internett og eg hugsar ikkje kven som hadde lagt det ut, men eg sprer meir enn gjerne kunnskapen.

22. oktober 2015

Prokastinering og sånn

Hei!

Dagens innlegg kjem dessverre heilt på tampen av kvelden. Dagen idag har gått med på å skrive litt på oppgåva, bake brød (som smakte himmelsk), og ellers utsette det eg veit eg bør gjere. Eg har nemlig prokastinert, for å bruke eit fint ord for å utsette ting. 

...Eg har også synes passelig synd i meg sjølv som har litt smerter i kjeven og munnen etter å ha trekt Tanna i går. For dei som ikkje er klar over det, smerteterskel som et lite ekorn, og er særdeles lite glad i å ha vondt. Så då blir stakkars Tore gåande å høyre på mi klaging over "at det er så vondt å snakke" eller, "ikkje kil meg, det er så vondt å smile", og ikkje minst når stakkaren er god og klemmer meg, men klemmer på feil side. Då må Nina ha litt tid før ho klare å fungere optimalt igjen. 

Nå i disse tider sitter jo eg og skriver min bachelor, og eg motivasjonen er merkbart varierande. Nokon dagar føler eg for å sitte heile dagen og berre skrive, fordi eg eg er kommet så godt i gang. Andre dagar er stolen alt for hard, strikketøyet alt for fristande og leiligheta er plutselig gullande rein.


Det er noko i det.



21. oktober 2015

Sukker her, sukker der, sukker overalt!

I helga var eg på besøk med Renate i Bergen, og sidan ho hadde bursdag på mandag (gratulerer med overstått!) måtte vi sjølvsagt bake kake. Renate hadde alt funnet ut hvilken vi skulle bake, og det var ingen ringare enn kaka som Tv2's God Morgen Norge hadde kåra til norges beste sjokoladekake. Den levde virkelig opp til sitt navn, må eg ærlig innrømme. Så mektig og god med masse smak av god, saftig sjokolade. Eit liite kakestykke er meir enn godt nok for min vesle kakemage i alle fall.

Før vi baka kake, var vi en tur på Hillesvåg ullvarefabrikk, der det lukta deilig, rein, norsk ull i det du åpna døra til butikken. Det var jo ikkje så rart, då garnet blir produsert rett over, i 2. etasje. Det var åpent opp, og ein kunne sjå maskinene og mykje av produksjonsporsessen. Når vi var der, fekk eg forsinka bursdagsgave med Renate, så nå skal det snart bli tjukk og god "uta-på"-gensar i friske fargar på meg!

 Og uten å tenke oss heilt om, lagde vi også Crème Brûlée frå botnen av. Fryktelig enkelt og farlig godt. Vi brukte oppskrifta til MatPrat, og eg må ærlig innrømme at eg (alt for) lenge har sett på Crème Brûlée som teknisk utfordrande, men det vanskligaste var faktisk å skille eggekvite frå eggegule og å skrape vaniljefrøene ut frå vaniljestanga. Så det var ikkje voldsomt teknisk utfordrande, noko ein likar, når det er så godt og så enkelt!



Og om du orkar noko meir etter all denne pratinga om sukker og ull, hadde eg satt pris på om du kanskje ville ta turen innom Facebook-sida mi og likt denne, så kanskje du får med deg neste innlegg også?

25. november 2014

Speleavhengig

Det er rart kor avhengig det går ann å bli av ein liten, firkanta skjerm. Gløymer eg den heime, føles det ut som om eg manglar ein arm. Ein blir liksom ekstra einsam når ein ikkje har den lille boksen til å kommunisere med kvarandre. Den siste tida har eg blitt avhengig av spelet "2048". Eit veldig poenglaust spel, som går ut på at ein skal gange sammen bokser med tall på til ein endar opp med ein boks med tallet 2048. Eg synes det var utrulig vanselig i starten, men med øving kan ein bli god på det meste, og eg fekk det til! 






I morgon startar vi i prasis. Vi skal til Vassenden Barnehage i faget"Helsefremmande og forebyggande", der vi skal ta for oss temaet hygiene. Det blir spennande. Eg har alt leita fram støvlar, regnkle, termodress og vinterstøvlar, klar for barnehagelivet!


7. april 2013

Vårrengjøring!

Hei,

I dag har eg og Tore hatt ein skikkelig reingjøringsdag. Klesvask, og leilighet. Vi har i tillegg rydda gjesterommet, slik at alt har fått ein plass. Det rommet har nemlig til nå berre vore eit rom der vi berre plasserer ting, så da tar man problemet før det blir for stort, så slepp man sånne store skippertak! Merker eg blir veldig fornøgd når eg ser inn på rommet nå. Neste som står for tur, er klesrommet. Kjenner eg ikkje har heilt lyst å begynne, siden det der er mest mitt rot, men eg får vel berre bite i det sure eplet.

7. April. To dager til eksamensresultatet kjem. Eg kjenner eg er kjempenervøs. Nesten meir nervøs enn til eksamen. Himmel.

Crazy hairday.

5. april 2013

P3 Skolesessions

Synes alle som har facebook burde gå inn på P3 Skole Session og stemme på Eid VGS!

Trykk < HER > for å stemme

Skjermdump NRK P3

Filmer fra aking i påska!



Det er altså ein utrulig bratt bakke med berre skare..


Her har du ein liten filmsnutt fra påskas aking!

11. mars 2013

Eksamen over hele linja..

Hei,

Etter ei utrulig inneffektiv helg, har eg endelig kommet skikkelig igang igjen med eksamenlesinga. Drittjobb, men må gjerast. Nå sitter eg og repeterer oppgaveheftet, ved å digitalisere det (skrive det på data). Har ikkje sjekka facebook ein einaste gong, så er ganske fornøgd!
Ovnen har endelig tatt fyr, sola skinner, eg har siesta i glasset og livet er ikkje så alt for ille, om ein velger å sjå på den lyse sida.
Eg merker at hjerna mi er klar over at det skjer noko snart, eg sover dårlig igjen. Har eg mykje å tenke på, eller er stressa over noko som skal skje, veit eg at eg kjem til å sove dårlig. Oh well, eg er fortsatt ung!




7. mars 2013

1-2-3 SKRIK

Hei,

Himmel og hav. Det har vore ein sjukt lang dag. Begynte på skulen 30 min tidligare enn vanlig idag. Vi har berre fått masse info ang. eksamen og repetert ein del, det skal vi gjere i ei heil veke. TENK 7 dagar til eksamen. GOSJ!
Som et lite avbrekk idag, reiste eg til Salong 44 for å få fiksa augebrya. Skulle gjerne reist til Eid og til FIN for å få fiksa det, men av og til kan ein rett og slett ikkje prioritere utsende, men eg gjorde det idag. Eg må sei eg likte best å gjere det på FIN. Måten ho gjorde det på fekk med til å grine, og det er ikkje tull. Først så voksa ho vekk det grøvste med alt for varm voks for så å nuppe i evigheta. Og for å få det pøøøøøørfekt brukte ho "flombelysning" på augene/augebryna mine. Føltes vertfall sånn ut. Tårene kom litt lettare sidan det kjem litt ekstra fuktigheit når ho river, men tenk å ville myse med auga og ikkje få lov, augevippane mine fekk seg eit bad, for å seie det slik... Dette er vel 4 eller 5 gangen eg gjer dette, men det er fortsatt greit vondt. - Eg veit litt meir kva eg skal forvente, men eg skulle alltid ønske eg var drita kvar gang eg gjorde det, slik at eg ikkje kjenner det så godt, neida, joda, heh.
Ein skal lide for skjønnheita, eller?


Resultatet!
Greit fornøgd. Skulle gjerne ikkje hatt dei SÅ tynne, men det er jo for seint nå, så jaja!


21. februar 2013

Pannekaketorsdag

God morgen,

Nå sitter eg og Amanda og nyter ei rolig morgenstund. Ho sitter på Netflix og eg surfa på nettet.
Idag skal vi lage pannekaker og oreokuler. Pannekakene er sjølvsagt til middag, sidan Tore har ønska det til middag i over ei veke. Det er egentlig veldig greit. - Å få middagsønsker altså.
Det er så kjedelig å gjennomsøke butikkane etter middgstips. Det å klare å variere middag er virkelig vanskeligare enn eg trudde. Hittil har eg klart meg med glans!

Trollet har poppa opp av eska!

20. februar 2013

Ny utforming!

Åh, det var deilig. Har hatt samme utforminga i nesten eit halvt år! Kva synes du om designet?

Orangutang

Hei,

Nå sitter eg og ser på ostesmørbrøda mine som ligg i ovnen for å bli varme og sprø.
Idag skal eg jobbe med Anatomi til eg krepera, fram til eg må hoppe i dusjen og køyre til sentrum for å plukke opp Amanda, som kjem for å besøke oss. Kos!

Ein av fem om dagen!