Viser innlegg med etiketten hjelp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hjelp. Vis alle innlegg

5. april 2013

P3 Skolesessions

Synes alle som har facebook burde gå inn på P3 Skole Session og stemme på Eid VGS!

Trykk < HER > for å stemme

Skjermdump NRK P3

17. mars 2013

Bilen min er borte!?

Hei,

I går var eg ut sammen med nokon av jentene i klassa. Det var ein kjekk kveld, med litt spenning. Vi tok taxi heim rundt 01.45, og når eg kom heim og gjekk ut av taxien begynte eg å stusse litt. Det var nemlig bilspor i fra nedsida av huset, der bilen min står. Eg skjønte jo ingenting. Kven skulle ha køyrt der? Husverten er vekke (trur eg. Evt. veeeldig stille heile helga?), og Tore er ikkje her, så det første som slår meg var at bilen MÅ jo vere stjelt! Eg kjenner hjartet begynner å pumpe litt ekstra, og eg tusla rundt hjørnet, og får sjå at bilen min er vekk. Oh no!
Det som er greia, er at i eit par sekunder innbiller eg meg at den var ståle. Eg hadde jo køyrt bilen til vors! Den står trygt parkert opp med Linn og Beathe. Men skal sei eg fekk panikk. Var like før eg ringte Tore altså!

1. 2. 3. 



7. desember 2012

Kva treng ein egentlig på Madla?

Nå veit ikkje eg heilt kven som les bloggen min utan om familie og venner, men dersom du er ein som er innkalla til Fosvarets førstegangsteneste og skal til Madla, så er her ei lita liste over kva du treng/ikkje treng ta med. - Dette er sjølvsagt i tillegg til Forsvarets pakkliste!

  • Forsvaret holder forstatt på bikke(senge-)strekken sin, og det er ikkje alltid så lett å få en til å vere stram og fin. Det kan vere lurt å ha med seg bukseseler (fest ein klipp i kvart hjørne og stram) eller "svigermor". Det er den som følger med bandasje e.l. som du fester med. (liten strikk bit med to metallstykker på enden som har små tagger på). Dette gjer at bikkestrekken blir veldig bra, og ikkje trengs å gjerast kvar morgon, noko som igjen gjer at du sparer mykje tid.
  • 
    Her har eg lagt fram ting eg trudde eg trengte. Mykje kunne eg lagt igjen heime.
    
  • Musikk m/ propper. Er godt å kunne blokkere ut alle i blandt. Du bur trossalt i ein liten gang med 20-40 stykker (kjem ann på troppen), og kan vere godt å slippe unna.
  • Vinterkull: Egne ullsokker. Du får berre to par i forsvaret, og det kan vere greit å ha fleire.
  • Jenter: Hårstrikk som er så lik din egen hårfarge som mulig. Så dei raude og grønne strikka dine kan godt ligge igjen heime, med mindre du har raudt eller grønt hår, sjølvsagt.
  • Jenter: Hårspray/hårskum. Kvar veke har er det permoppstilling, og da skal håret vere plettfritt, ingen tuster osv, så å ha litt skum å dra over for å feste tuster osv. kan vere lurt. Eg brukte over ein heil boks hårspray i rekrutten.
  • Sover du lett kan ørepropper vere tingen. Da er det berre å putte i, og sove. Vi sov på 10 mannsrom og av og til hadde man lyst å kaste skoen sin på noken som låg og fnisa, eller snorka osv.
  • Bærbart musikkanlegg. Eg hadde eit sånn lite fra Rema 1000 som kosta 99,- og brukte to AA batteri. Den var til STOR hjelp under morgonvasken, og ellers.
Flotte jenter, nylig fått utdelt uniform. Holdninga er ikkje heilt på plass, ser du.
Kva treng du ikkje? Altså, ta det med om du vil, men dette var dei tingene eg fekk mindre/ikkje bruk for.
    Levering av grønn-sats
  • Joggesko, med mindre du absolutt vil trene i dine egne. Du får både ute/inne sko.
  • Slippers, du får uttdelt
  • Hodelykt (med mindre den har rødt lys, har den ikkje det får du bare brukt den inne i teltet)
  • Dersom du har iPad eller nettbrett vil eg anbefale deg å ta med det i steden for PC. Tar mindre plass!
  • Jenter: Dersom du føler det mest komfortabel i eget undertøy, ta med det, men sports-bh/hot-pants du får utdelt er komfortable og i mykje betre kvalitet enn det gutta får!
  • Jenter: Ikkje ta med deg alt du eiger av sminke, og ikkje ting som er dyrt. Bagen du har sivilt i får gjennomgå litt, i tillegg til at du i tjeneste ikkje har lov til å "klæsje" på med det du vil. Det skal sjå så naturlig ut som overhode mogleg. Ellers så får du bare sminka deg i helgane, så opp til deg!

Det er begrenset kor mykje plass du har. I skapet har du to hyller du kan ha sivile ting i, og dei skal ikkje vere overfylte (sjølv om eg fikk det påpeika på nesten kvar einaste inspeksjon).

Når du først er der, her er ting som er lure å huske på!
    
  • Når dokke vasker gulvet, BRUK SVABER! Det vi gjorde, var å fjærne alt som ikkje kunne bli vått fra gulvet, tømme litt vatn her og der, for så å bruke svaber til å samle alt på en plass. Det er ekkelt å sjå kor skittent der blir etter ein dag.
  • Begynn tidlig med pugging av våpenregler og distinsjoner. Det er nesten garantert å komme prøver i det.
    VÅPENREGLER
    
  • Ver snill med andre! Dette går egentlig bare på det at du skal bu med samme folka i to måneder, så det er kjedelig å ha egla på seg halve troppen før lunch, om du skjønner kva eg meiner?
  • Gjør som befalet seier. Bokstavlig. Ingen "eg trudde....". Aldri si imot befalet.
  • Ikkje ver en "suck up" eller "know it all". Det er litt upopulært å vere den som kan alt om alt, dersom du begynner å skryte for mykje av det.
  • Når dokke reiser ut i helgane, pass på kvarandre. Det er ingenting som er så kjedelig som å våkne søndags morgen i arresten hos MP (Kan eg tenke meg vel og merke, eg var der aldri!)
 Det er heilt sikkert meir, men det klarer eg ikkje komme på nå. Har du tips, er det berre å kommentere!

4. desember 2012

Ønskeliste

Hei,

Da er det ei ny veke, og mykje liv her nede.
For øyeblikket har vi besøk av Amalie og Sebastian fra SHAPE. Dei skal dimme nå dei også, Sebastian i morga, og Amalie fredag neste veke. Grunnen til at dei er her, er at dei skal fly AWACS. Dei skal ha pilottreningsflyvning, som er barre masse tuch-and-goes. Eg er eigentlig litt glad for at eg ikkje skal vere med da.
Eg blei nemlig utrulig dårlig da eg var å flydde, og vi hadde tuch-and-goes, og det var berre ein gong. Nei, glad for det, ja.

Som dokke sikkert har fått med dokke, skal eg og Tore flytte sammen etter jul. Vi flytter inn i ei umøblert leilighet, og da seier det seg sjølv at vi treng mykje forskjelleg.
Seng, kvitevarer og slike ting, fikser vi meir eller mindre sjølv.
Som sagt, er den umøblert, så sånn som panner, kjørel, vaskesaker, søppelbøtter, tørkestativ, støvsuger og slik, er ting vi gjerne kunne tenke oss å få til jul.
(Dersom du kjøper noko av dette, er det viktig at dokke samkjører, så vi ikkje ender opp med 5 steikepanner og tre tørkestativ...!)

Kluten eg strikker på! (Tar gjerne imot Tuva, helårsgarn, 50 g, pinne 3,5-4 om du har liggande, som ikkje blir brukt!)

19. oktober 2012

Kva treng ein eigentleg i Afrika?

Hei!

Nå er det endelig helg, og denne har vore etterlengta! Sidan Susanne er heime i Norge og eg ikkje hadde lyst til å sitte aleine å sture i veggen, så kjem Amalie på besøk i helga. Kos!
Ellers så har eg prøvd noko litt nytt denne uka. Eg har gått med sports-BH heile veka. Det har gått fint, heilt til i dag tidleg når eg skulle ta den på igjen. Det har seg altså sånn at eg har fått blåkul på kragebeinet.
Men over til noko litt meir spennande!
Først og fremst, så har min gode venninne bursdag! Såå, gratulerer med dagen, snuppa mi!
Gammelt bilde av deg, Noddi, eg beklager!
Om ei veke sitt eg på toget til Amsterdam og der skal eg møte godaste Amalie. Laurdag morgon reiser vi nemleg til SØR AFRIKA! Det blir så spennande. Så greia er at eg ikkje klarer å tenke på alt, heile tida (kven skulle trudd det?..), uansett, her er lista over ting eg har fiksa:
  • Flybillettar (Tur/Retur)
  • Reiseforsikring
  • Internasjonalt førerkort
  • Helsetrygdkort (sjølv om det gjeld bare Europa)
  • Hotel i AMS (ibis Amsterdam Airport)
  • Billeige i Cape Town siste delen av turen.(AVIS) (Der er venstrekjøring. Ææ!)
  • Hotell i Cape Town (Daddy Long Legs Art Hotel Cape Town)

Mangler bare hotell siste natta i Cape Town og å bestille togbilletten. Vi må også bestemme oss for aktiviteter vi vil gjere.
Har så vidt tenkt på kva eg treng å pakke med meg, og det er jo det basice, toalettsaker, varme klær, lette klær osv.
Eg har alt av vaksiner, hepatitt A, difteri/stivkrampe og polio så det er i orden. Ut over det kan eg ikkje komme på kva meir eg treng.
Noko du ser eg har gløymt? Send melding, mail, kommenter, melding på face, kontakt min mor, så lenge eg får med meg alt eg treng så klagar eg ikkje.

5. desember 2011

Kvifor er det så viktig?

Dette er ein form for oppfølging på temaet i forige innlegg. Eg har ein ting som siste tida virkelig har plaga meg. Kvifor er det så viktig det med kva andre meiner, tenker og synes? Om det er ein ting, som verkelig ikkje burde bety noko, så er det kva andre meiner om deg og det du gjer. Det som er viktigast, er at du gjer det du vil og ingenting anna. Kan du tenke deg for eit liv du skulle ha, om du heile tida måtte bekymre deg over kva andre tenker om deg?
Min aller beste vennine har lært seg det, at skal du kunne komme deg akkurat dit du vil i livet, uten dårlig samvittighet og mykje styr, må du rett og slett ikkje bry deg om kva andre meiner.
Altså, nå meiner eg ikkje at du skal vere ein som blokker ut alt andre seier og berre bane deg vei akkurat som det passer deg, man skal alltid vere høflig og ha omtanke for medmennesker, men det er viktig å ikkje ta seg nær av alt det negative vi mennesker klarer å lire ut av seg.
Det som er skummelt, er at dersom du ikkje klarer å "lire" av deg alt det negative som man få høre, går det fort ut over kvardagen din. Sjølvsagt er det lov å føle seg fæl i nokon dagar, for så å komme seg opp på hesten igjen, men dersom du berre får høre negative kommentarer, og aldri får tid til å klatre opp igjen, så blir veien opp, lenger og lenger.

4. desember 2011

Eg har ikkje ord!



Kva for ein verden er det vi lever i, der det går så langt? Tenk over kva du seier, og kven du seier det til. Kjenner du ein som du veit blir erta veldig mykje, så koster det deg ikkje mykje å seie nokre hyggelige ord, der personen kan sjå at du meiner det. Av og til er det viktig å blåse litt (eigentlig er det noko ein burde gjere heile tida, men det er vanskelig!) i kva andre meiner, og gjer det som er riktig. Det kan faktisk redde livet til ein person, ikkje berre fysisk, men også psykisk. Det er ein lang veg opp, dersom du har nådd bunnen, men den er lettare å klatre om du har nokon som er med å drage og skubbe deg opp den verste kneika!

2. desember 2011

PLAN-fadder

I dag fekk eg brev fra PLAN. Eg har fått meg ein fadderunge. Ei søt 6 år gammal jente i Kenya! Fikk bilete og informasjon om ho og familien  i dag. Det varmar meg utrulig om hjertet å vite at eg hjelper ei lita jente med å komme seg opp og fram. Hvertfall med tanke på at det ikkje er mykje som skal til!

30. november 2011

Ei hjelpande hand

Nå når det i grunn er vinter (sjølv om det er skikkelig haust-vær ute) er det viktig for oss som har meir enn nok, å tenkte på dei som ikkje har så mykje. Da tenker eg i grunn på kler. Denne årstida er kald og det er utrulig mange mennesker i mange land som ikkje har nok kle til å halde seg varme nok. Det er i fattige land, der det er høgt skille mellom rik og fattig dette i hovudsak skjer.
Akkurat nå holder eg på å rydde i kleskapet mitt. Ikkje rydde som i å legge alt skikkelig, men rydde som i ta vekk ABSOLUTT alt eg ikkje bruker/vil ha lenger. Målet mitt er å gi vekk mest mogleg til eit veldedig formål. Problemet mitt er at eg vil at kledene skal gå direkte til dei som treng det, ikkje til Fretex eller anna, der kledene blir solgt. Nokon som veit om verdige/trengande organisasjoner som kunne trenge ein god del poser med klede, i alle farger, former og størrelser?

Denne sangen handler ikkje akkurat om kler, men om det er noko som er livsviktig, er det vatn.
Dersom du føler for å hjelpe 4H, i sammarbeid med PLAN, sitt arbeid i Sierra Lone, som er eit av verdas fattigaste land med å bygge 44 brønner, slik at dei slepp å gå heile dagen for å hente ein liten balje med vatn, gi ein liten sum til dette kontonummeret, 9365.17.76560.

25. november 2011

Om det å miste nokon - uventa

Har du nokon gong mista nokon, heilt uventa? Sjølv har eg mista ein god venn, som valgte sjølv at han ikkje ville meir. Det har skjedd mykje rundt meg, der folk har gått bort, uten at nokon skjønna kva som skjedde eller kvifor det skjedde slik. Så mange ganger, har eg vore bort i at nokon eg kjenner har mista ein dei var glad i.
Det er stygt å seie det, men alle dei gongane det ikkje har vore eg som kjende dei, har eg vore utrulig takknemlig for at det ikkje er meg som er i den posisjonen. Eg føler sjølvsagt med dei, og synes det er fælt, men eg er så utrulig glad for at det ikkje er ein av mine fine som har gått bort.
I slike stunder er det viktig å stå sammen - vere hos kvarandre. Ikkje nødvendigvis fysisk, men også psykisk. Fortell personen at du tenke er på han/ho. Det hjelper litt, og er en fattig trøst - men bedre enn ingenting.

Om du har mista ein du var glad i, som valgte sjølv, er dette ein av dei finaste sangane eg veit om.

Rascal Flatts - Why

I desse tunge stundene er det viktig å hugse på ein ting, du betyr noko, ting betyr noko, alle betyr noko!
Josh Groban - You are loved

Liten metafor i desse lysa her. Dersom du ser etter, står det eit lys aleine heilt framme, klart og tydelig. Srer du etter, er det nokon lyst i bakgrunnen der også. Desse er vennane dine, slik du kanskje føler det i ein sin situasjon. Sanninga er at dei eigentlig står så nær deg, at lyset i teorien burde brenne fortare. Slik som sorg oftast er god å ha litt aleine, men best å prossesere saman med andre.

Du er aldri aleine, husk det!

12. april 2011

Twitter er frustrerande!

Etter mykje strev og illsinte og frustrerte rop fra meg, har eg endelig begynt å forstå Twitter.
Eg har hatt Twitter-kontoen min siden desember 2009, og det er først nå eg begynner å forstå, kvifor, korleis, kva og kven og alle andre spørjeord.
Dersom du har tips, kom gjerne med dei, fordi eg skjønna det berre så vidt!

Har du Twitter? 
Skriv inn adressa di under, så kan eg "follow'e" (Haha, norsk-engelsk er litt standar for tida.. Huff..) deg!

Min Twitter, sjekk den ut, og kanskje du har lyst til å "follow'e"? (Igjen, huff..)