Nå er det endelig helg, og denne har vore etterlengta! Sidan Susanne er heime i Norge og eg ikkje hadde lyst til å sitte aleine å sture i veggen, så kjem Amalie på besøk i helga. Kos!
Ellers så har eg prøvd noko litt nytt denne uka. Eg har gått med sports-BH heile veka. Det har gått fint, heilt til i dag tidleg når eg skulle ta den på igjen. Det har seg altså sånn at eg har fått blåkul på kragebeinet.
Men over til noko litt meir spennande!
Først og fremst, så har min gode venninne bursdag! Såå, gratulerer med dagen, snuppa mi!
Gammelt bilde av deg, Noddi, eg beklager! |
- Flybillettar (Tur/Retur)
- Reiseforsikring
- Internasjonalt førerkort
- Helsetrygdkort (sjølv om det gjeld bare Europa)
- Hotel i AMS (ibis Amsterdam Airport)
- Billeige i Cape Town siste delen av turen.(AVIS) (Der er venstrekjøring. Ææ!)
- Hotell i Cape Town (Daddy Long Legs Art Hotel Cape Town)
Mangler bare hotell siste natta i Cape Town og å bestille togbilletten. Vi må også bestemme oss for aktiviteter vi vil gjere.
Har så vidt tenkt på kva eg treng å pakke med meg, og det er jo det basice, toalettsaker, varme klær, lette klær osv.
Eg har alt av vaksiner, hepatitt A, difteri/stivkrampe og polio så det er i orden. Ut over det kan eg ikkje komme på kva meir eg treng.
Noko du ser eg har gløymt? Send melding, mail, kommenter, melding på face, kontakt min mor, så lenge eg får med meg alt eg treng så klagar eg ikkje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar