Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg

20. november 2014

Nykverna kaffe og fersk croissant

Når eg og Tore skulle på ferie i sommar bestemte vi oss for å heller bruke penger på opplevelsar, i staden for reise og opphald. Sjølvsagt, alt kostar, men det går ann å gjere det billig. Vi tok med oss telt, liggeunderlag og soveposar og la ut på tur. Svigers var så hyggelige å låne oss bilen i ei veke, så vi hadde kjempegod plass. Det var utrulig deilig å ikkje måtte bekymre seg over om vi fekk plass til alt!


Telt, bil og ein heller ufrivillig model som fikk streng beskjed om "Smil! Eg skal ta bilde". Om han protesterte veit eg ikkje, trur eg leid av midlertidig "selektiv hørsel" i det øyeblikket.
Presenningen på bildet blei i løp av natta blåst laus, så høyrtes ut som om nokon stod utanfor teltet og slo på bølgeblekk med hammer. Tore gjekk (som helten han er!) ut og henta inn presenningen, sånn at frostpinnen i tjukkast sovepose ikkje måtte bli kald.


Vi spiste frokost på Lom Bakeri, nydelig nybakt brød og croissant og blåbærmuffins. Litt luksus som ein kan unne seg, sidan ein bur så utrulig billig (og upraktisk) på tur!


Medan vi var der gjekk vi rundt i sentrum å såg på severdigheitar og var skikkelege turistar. Vi var på bergmuseet, gjekk rundt stavkyrkja og inn i eit stort gammalt stabbur. Så såg vi Zip-Line'en som Aktiv Lom drifter, og bestemte oss for å utsette avreisen til etter vi hadde fått prøvd dette. Sidan vi var to på tur var det vanskelig å få bilete av nokon som rutsja ned, men kjekt var det uansett.
Siglande ned, over ein svær brusande foss. Eg fekk meg ein god, våt dusj av denne, sidan eg kom over stryket på akkurat riktig tidspunkt, akkurat då den ville sprute, slik som berre eg kan.

 Toppen

 Bunnen


Siste stykket

22. desember 2012

Ut på tur, ALLTID stress

Hei,

Da har eg vore på reisefot igjen, og så alltid måtte jo noko galt skje. Eg merka det at det har blitt vanlig at alt går galt når eg er ute å reiser.
Denne gangen trur eg er den verste hittil, utan om den gongen eg var nødt til å overnatte i København.
Toget kom fram, og eg hadde god tid og det var ingen problem.
Så kjem eg til gate, og flyet skal ta av 15.05. Da begynner tullet. Vi venta, og ny tid blei 15.30. Vi begynte vel å boarde rundt 15.35, så det sei seg sjølv at vi blei ein time forseinka der.
Så kjem eg til Berlin, flyet mitt vidare skal gå 17.00. Vi lander rundt 17.10
Heldigvis er dette flyet også forseinka, med 40 minutter, så eg rekk det, med god margin.
Her går det heilt crazy banana. Vi landet 19.40 og flyet til Anda går 19.55.
Om du nokon gang har flydd om Gardermoen, veit du at det er ønsketenkning å klare det med den marginen der.
Så eg tar det greit med ro, går ut tollen, og går til SAS skranken. Der må eg kjøpe ny billett, og denne gangen til Førde, 22.15.
Så eg gjekk fra å skulle heim til mamma sin heimelaga pizza, til å plutselig sove første natta i nye leiligheta. - SPENNANDE!

Eg må ærlig innrømme at wiederø av og til er irriterande punktlig, kan dei ikkje vere litt forseinka i blandt, når eg treng det?

-Over og ut!

9. november 2012

Sør-Afrika update!

Da er vi endelig tilbake til Internett! Når vi var i Plettenberg hadde vi ikkje Internett, og vi gadd ikkje bruke tid på Internettkafé, så derfor ingen innlegg.
I løp av siste veka har vi gjort så sjukt mykje! Torsdag kjørte vi til Plettenberg, spiste middag når vi kom fram og spv lenge. Fredag gjekk vi tur på stranda, satt ute i sola og las bok og bare slappa av, med en liten tur ut på fredag, der vi blei kjendt med en gjeng folk som vi hang litt med resten av uka.
Lørdag reiste vi til Bleukrat(?) Bridge, som er verdens høgaste strikkhoppbru, (216 meter) kor vi hoppa i strikk to ganger, en forlengs og en baklengs. Baklengs var så utrulig mykje uklare enn forlengs!
Så var det tilbake til Plett, kor vi spiste og etterpå reiste ut til samme plassen , og møtte folka.
Søndag var en rolig dag, vi reiste på besøk til en venn av ho vi bodde hos, kor vi spiste god mat og lå ved bassengkanten heile dagen.
Mandag skulle vi egentlig hoppe i fallskjerm, men siden det var for skyet måtte vi endre planer. Vi reiste derfor heller til Elephant Sanctuary for å hilse på elefantene der. Vi "leia" på tur, og rei dei.
Tirsdag fekk vi endelig hoppa, og det var utrulig digg! Når eg kjem heim og i orden, skal eg få lagt ut filmen av både strikkhopp og fallskjerm så dykk får sjå!
Seinare på dagen reiste vi på stranda og der bestemte oss for å reise på havkayak-tur. Det såg vi kval og delfin veldig nært!
Onsdag brukte vi på å vandre rundt Robberg, der såg vi mange ulike smådyr i tillegg til sel, delfin og kval. Denne dagen blei eg sånn relativt passe solbrent.
Torsdag reiste vi til Sanbona som er eit "wildlife reserve". Dette vil sei at dei ikkje mater dyrene, dei berre overvåker. Alle dyrene som er der, er ville og må overleve på egne kår.
Vi bodde på 5(!) stjerners hotell og nytte livet relativt godt😉
I løp av dei to safarirundene vi hadde, fekk vi sett klippspringer, Kudo, springbok, sebra, skilpadde, kvit og gyllen løve, esel, elefant, neshorn, giraff, slange, gekko, edderkopp og andre insekt og fugler.
Dette ble veldig fort oppsummert, men det er eit godt samandrag av kva vi har gjorde på, og det er mulig eg har gløymt noko..

Til din info, flyet mitt går lørdag kveld og lander søndag morgen, rundt 10.
Så er sikkert heime på TH rundt 13-ish.

På bildet ser du kor solbrent eg blei. Heh, BRUK SOLKREM, folkens. Det fungerer..

1. november 2012

Dag 4 - Sør-Afrika

Hei,

Dagens begivenhet har vore å kjøre på feil side av vegen. Det var smålig uvant, men man kom fort inn i det, sjølv om eg stussa kjapt første gongen eg skulle kjøre inn i ei rundkjøring.
Idag gjekk turen ut av Cape Town og til Cape Point.
Vi kjørte "scenic rout" (eller korleis det skrivast, om du virkelig vil vite, google det) ut fra hout Bay, som hadde nydelig natur og idylliske postkort motiv så langt øye kunne se.
På vegen stoppa vi å spiste frokost på café penguino, som hadde nydelig ciabatta med ost og skinke, og kjempegod croisant med nydelig syltetøy. Vi gjekk vidare ned vegen for å sjå på pingvinene, som gjekk rundt å tussa på stranda der.
Så gjekk turen vidare, og vi kom endelig fram til Cape Point. Det var ekstremt mykje vind (men kva kan du forvente?) og håret for kjapt opp i hårstrikk, sidan det ellers var umogleg å sjå noko. Vi gjekk på litt forskjellige stiar, og Amalie gjekk amok med kameraet sitt!
På tilbakevegen kjørte vi ei litt anna rute, og på vegen stoppa vi i Muizenberg (?) for å spise en (veldig) sein lunch. Det var utrulig god mat der!
Ellers har vi slappa av, stoppet der vi ville, og nytt friheten;)
Akkurat nå har vi nettopp kommet tilbake fra en liten tur ut på byen for å undersøke korleis utelivet her er, og det imponerte stort!
I morgon reiser vi til Plettenberg Bay, og veit ikkje heilt korleis Internett-mulighetene er der, men stay tunet, så kanskje du finner det ut!

So long, good bye!

30. oktober 2012

Dag 3 - Sør-Afrika

På biletet ser du Amalie Holm. Det er ho eg er i Sør-Afrika sammen med. Går kveld var vi på café caprise og spise middag, før vi gjekk vidare til puben Dizzy's for å sjå om der var litt liv.
På vegen gjekk vi i ganske djupsamtale, men plutselig mangler Amalie ved sidan av meg. Eg høyrer "klunk", og når eg snur meg står Amalie og holder seg til hode. Ho hadde tatt en skikkelig klassiker. Ho gjekk rett på en stolpe.

Dagen idag har vi brukt til på Waterfront. Vi var på kanal-tour og tatt pariserhjul. Vi har vore på kjøpesenter å kikka og spist god mat.
Nå er vi (Amalie) på hotellet for å ta ein Powernap, før det blir ein liten tur ut på livet, men ikkje for seint, sidan det er tidleg opp i morgon, da skal vi nemlig til kapp det gode håp!

29. oktober 2012

Dag 2 - Sør-Afrika

Hei,

I dag tok vi oss den frihet, å sov litt lenger enn i går. Vi spiste frokost på Rcafé, som ligger rett under hotellet vårt. Utrulig god mat, og gleder meg til å prøve noko nytt i morgon!
I dag har vi vore på ei anna rute med tourbussen. Denne gjekk rundt på baksida av Table Mountain, så du fekk sjå den vanvittige floraen som lever rundt om kring i Sør-Afrika. Vi gjekk av på vin-touren, gjekk ein liten tur på Groot Constantia og kjøpte ei flaske vin.
Så gjekk vi av på World of Birds, som er ein organisasjon som jobber med å hjelpe skadde og forlatte fugler, og å hjelpe utrydningstruede dyrearter.
Der brukte vi rundt to timer. Det var utrulig mange fugler å sjå, papegøye, pelikaner, gribb, flamingo, kråker, fasan, hauk, falk, ugle, turdelduer og utrulig mange andre fugletyper. Dei har også ein håndfull andre dyr, som Alpakka, Sjakal, Skilpadde, "Bambi", Marvin, grevling, og mange apetyper.
Dagens høydepunkt er uten tvil "Monkey Jungle", som er eit rom fult av relativt tamme "Herr Nilson". (null peiling på hvilken rase det et), dei klatret på oss, og det var skikkelig kult å ha holdt en ekte, levande ape!
Vi hadde eigentleg tenkt å reise på ein kanal-tour og ein tur til Roben Island, men dette blei dessverre ikkje noko av, sidan "Doktoren" i Cape Town (vinden) bestemte seg for å vere på besøk i dag.
Dette har ført til ein litt kjølig dag, men absolutt verdt det!

Amalie og eg har funnet ut at vi må ha måttet fått overdose av frisk luft i dag. Vi har ikkje vore ute sidan vi spiste frokost, og det samme gjaldt i går, og da spiste vi alt utan om middag på kvelden ute.
Planer for morgendagen er usikre, og det er bare tida som vil vise kva vi skal. Planene for kvelden er ein liten tur ut for å sjå på livet, før det blir kvelden.

På biletet her ser du dei flotte hårsveisane vi hadde etter å ha løpt i medvind eit par kvartal!

28. oktober 2012

Dag 1 - Sør Afrika

I dag har vore ein utruleg innholdsrik dag. Først stod vi opp, fekk spis litt frokost, før vi tusla bort til første stoppested til tourbussen. Vi tok denne rundt Cape Town og fekk sjå alt som er viktig å sjå. Vi gjekk av med Castle of Good Hope, og der var det nokon tropper som øvde til military tattoo neste helg, så det er mulig det er det vi gjer den siste kvelden vår i Sør Afrika. Etter det gjekk vi av på Table Mountan for å kunne ta taubana opp til toppen. Der "nytte" vi en liten lunch, eg bestile beefsub m/ chips og salat. Det som var trist var at brødet var seigt, chipsen kald og salaten inneholdt stort sett tomat, ikkje heilt min greie altså.
Vi tok så bussen vidare og stoppet i Camps Bay (stedet alle kjendiser og rikfolk og dei som er noke i Cape Town) og kjøpte ein is, for så å ta bussen vidare. Denne gangen tok vi bussen heilt til stopp, tilbake til Waterfront. Vi (Amalie) tok en kopp kaffe før vi gjekk på akvariumet "Two ocean" der det var mange flotte fisker og andre sjødyr.
Nå var det begynt å nærme seg solnedgang, så vi gjekk tilbake til hotellet for å skifte, gjekk tilbake til Waterfront for å vere med på nattour, som var ein busstur til Signal Hill for å sjå den nydelige solnedgangen.
Her streika bussen, så vi måtte vente på ny, så streika denne. Det heile vendte opp med at vi fordelte ca. 50/50.
Nå er vi endelig kommet tilbake på hotellet og skal ut å spise kvelds/middag.
Akkurat nå blåser det sterk vind ute, så det er relativt kaldt!
Ellers har eg også prestert å bli solbrent i ansiktet. Skal ha solkremen i veska i morga, nå har eg lært!

26. oktober 2012

Auf wiedersehen!

Da er dagen kommet. Dagen for avreise. I kveld reiser vi til Amsterdam, og sover der til i morga tidlig, siden flyet går 10.05, og det er greit å slippe å stresse.
Vi skal sitte på det flyet i nesten 12 timar, så håper det er god underholdning på flyet, visst ikkje, skal vi nok klare det sjølv!
Eg er utrulig spent!!

Muligheten for å blogge der nede ifra, veit eg ikkje. Muligens eg finner ein internettkafé, og eg har jo med iPad'n så det er da lov å håpe!

Uansett snakkes vi da om rundt to uker!



Tschüss!

23. oktober 2012

Velkommen til kaoset!

I helga innsåg eg at det var ikkje mulig å gå rundt grauten lenger. Det var på tide å vaske kler, om eg skulle ha nok kler til to uker i Sør-Afrika.
Nå er eg snart ferdig. Siste maskin er satt på og er snart ferdig, så da er det berre å henge opp desse kleda og vente på at dei skal tørke. Eg oppdaga at der var eit program på maskina som heiter "Express 20" om vasker kleda på 20 min! Så dei kleda som ikkje var skitne, men berre trengte ein vask fekk vere prøvekanin for dette programmet.
Ellers så er eg så smått begynt på pakkinga. Eg har pakka det meste av kler, og kofferten er ca. halvfull. Mangler sko, litt smått av kler og toalettsaker. Er skeptisk til kor mykje eg får plass til heim, men det blir spennande. Får pakke minst mulig i håndbagasjen ned, sånn at man har en nødløsning. (?)

Ellers blåser eg loddrett i Lance Armstrong saken. Du skal leite lenge etter ein idrettsutøver som ikkje har tatt noko, nokon gong for å yte betre. Nå seier eg ikkje at dei ikkje finnes! Dei er berre blitt litt utryddingstrua.

Pakketips til ein litt forvirra 20 åring som skal på første ferie "aleine" sammen med Amalie, der vi har planlagt ALT. Kva vi skal gjere, kvar vi skal gjere det og når vi skal gjere det. MAMMA?!

20. oktober 2012

Sol og fint!

I helga har eg besøk av søte Amalie. Vi skal nemlig planlegge litt turen til Sør Afrika, og bestemme oss for kva vi vil gjere, når vi vil gjere det og kvar vi vil gjere det.
Ellers så er været sånn.. heilt OK+.Altså, HEILT FANTASTISK!
Det er en liten smak av sommeren i slutten av oktober. Håper dokke koser deokke heime, i 5 grader og sludd? Eg skal hvertfall kose meg her nede!

Som dokke såg i innlegget i går har eg veldig lyst på tips ang. ting å gjere, tips og alt anne nyttig. Så eg oppfordrer alle dokke som er reisevandt til å komme med alt av tips.

19. oktober 2012

Kva treng ein eigentleg i Afrika?

Hei!

Nå er det endelig helg, og denne har vore etterlengta! Sidan Susanne er heime i Norge og eg ikkje hadde lyst til å sitte aleine å sture i veggen, så kjem Amalie på besøk i helga. Kos!
Ellers så har eg prøvd noko litt nytt denne uka. Eg har gått med sports-BH heile veka. Det har gått fint, heilt til i dag tidleg når eg skulle ta den på igjen. Det har seg altså sånn at eg har fått blåkul på kragebeinet.
Men over til noko litt meir spennande!
Først og fremst, så har min gode venninne bursdag! Såå, gratulerer med dagen, snuppa mi!
Gammelt bilde av deg, Noddi, eg beklager!
Om ei veke sitt eg på toget til Amsterdam og der skal eg møte godaste Amalie. Laurdag morgon reiser vi nemleg til SØR AFRIKA! Det blir så spennande. Så greia er at eg ikkje klarer å tenke på alt, heile tida (kven skulle trudd det?..), uansett, her er lista over ting eg har fiksa:
  • Flybillettar (Tur/Retur)
  • Reiseforsikring
  • Internasjonalt førerkort
  • Helsetrygdkort (sjølv om det gjeld bare Europa)
  • Hotel i AMS (ibis Amsterdam Airport)
  • Billeige i Cape Town siste delen av turen.(AVIS) (Der er venstrekjøring. Ææ!)
  • Hotell i Cape Town (Daddy Long Legs Art Hotel Cape Town)

Mangler bare hotell siste natta i Cape Town og å bestille togbilletten. Vi må også bestemme oss for aktiviteter vi vil gjere.
Har så vidt tenkt på kva eg treng å pakke med meg, og det er jo det basice, toalettsaker, varme klær, lette klær osv.
Eg har alt av vaksiner, hepatitt A, difteri/stivkrampe og polio så det er i orden. Ut over det kan eg ikkje komme på kva meir eg treng.
Noko du ser eg har gløymt? Send melding, mail, kommenter, melding på face, kontakt min mor, så lenge eg får med meg alt eg treng så klagar eg ikkje.

23. september 2012

Historien om å fly AWACS

For rundt ein måned sidan var eg og min roommate Susanne ute å fløy med AWACS. Dette var veldig spesielt og ei kul og annerledes oppleving.
Dagen byrja med oppmøte med den squadronen vi skulle fly med, kl. 0630 (lokal tid, siden dei som flyr snakker i GMT tid, eller EST eller noke sånn. Det er to timer tidsforskjell vertfall...), vi fekk briefing om kor vi skulle fly, korleis vêret var og kva som skulle gjerast, sikkert mykje meir også, men eg skjønte ikkje alle AAGE, GFES og RTWS'ane dei kom med (Dette er sjølvsagt forkortingar som eg kom på nå, hugsar dei ikkje, sidan eg ikkje fulgte med. Var ikkje så veldig interessant når du ikkje skjønte kva dei sa!) Og fekk litt sikkerhetsopplysningar.
- Dersom vi må nødlande, gjer slik.
- Brenner det, gjer slik. osv.
Eg kan vel seie så mykje som at vi fløy ikkje langt, og vêret var upåklageleg. litt over 30 grader, knall blå himmel og steikande sol. - Takk gud for air condition..
Så var det å gå ombord i flyet, sjekke at alt var i orden med tanke på maten som vi hadde bestilt, (som ikkje var der, forresten, så vi måtte vent til han kom med den, før vi kunne gjere noko meir. Mannen som hadde ansvar for meg og Susanne (veldig hyggelig fyr!) lovte oss det at det var forbudt for flyet å ta av med mindre alle hadde fått flightmealen sin) Etter ein liten halvtime kom den, og det var på tide å gjøre klar til å taxe fram til rullebana. Take-off skulle vere ca. 08.15, så etter å ha venta litt på maten, hadde vi begynt å få litt trangt skjema.
- Lettare sagt enn gjort. Nå viste det seg at altitude-målarane i cockpit var ulike, så det måtte fikses. Så mekanikerane sa at det ville ta kanskje ein time å fikse, så da var det bare å vente.. Eg veit ikkje kva klokka var når dei sa dei hadde fiksa det, men det tok meir enn ein time!
Så skulle vi starte motorar (eg satt i cockpit, og skule gjere det under take-off, KULT!), men motor 1 ville ikkje starte, så dei fiksa det på "Hokus pokus-vis". Klokka var nå nærare 10.30, og vi kunne endeleg taxe til rullebana. Det å få sitte sammen med piloten, maskinisten og navigatøren under take-off var virkelig ein opplevelse. Når vi var kommet høgt nok, kunne eg gå bak i flyet og sjå på alle skjermane og sjå kva som blei gjort. Veldig interessant, sjølv om vi skjønte lite. Fekk prøve å trykke litt fram og tilbake, og forklart det heilt basic, kva dei ulike prikkane var og kven som gjorde kva.
Etter mange lange tima, middagseting, brannøvelse og mykje forklaring der du som lytter smiler og nikker samstundes som du ikkje egentlig skjønnar kva dei sei.
Landingstid. Klokka er nærare 17.00 og vi begynner å gjere klar til landing. I AWACS så er det sånn at passasjersetene er heilt bakerst i flyet, vendt bak over, så man kan trygt seie eg vart dårlig. I tillegg har flyet minimalt med vinder. Det er i cockpit og på nødutgangdørene.
Med viftene på fult, vannflaska i hånda og ein liten anger på at eg åt så mykje middag, pusta eg letta ut når eg kjendte flyet traff rullebana. Her skjer det. Vi sakker ikkje av, og i eit millisekund tenkte eg "ÅGUD", men alle ser rolig ut, så eg stressa ikkje. plutselig kjenner eg at nasa på flyet vender opp igjen. Eg skjønte ingenting. "Vi tok en tuch and go." får eg beskjed om. Vere bort i bakken med hjula for så å ta av igjen.  - Pilottrening.
Eg var alt da begynt å bli litt dårlig, sidan det tross alt var nærare 35 grader ute, var det relativt godt med turbulens. Så da var det berre å vente litt da, siden vi nå måtte virkelig ta ein 360.
Da vi hold på med innflygninga spør han som sitte ved siden av meg om det går bra, fordi nå har eg slutta å smile. Eg smile så tappert eg kan tilbake og prøver å motstå fristelsen til hilse på middagen igjen. Nasa vender nedover igjen, og eg kjenner heile kroppen be til alle høgare makter om at vi ikkje tar enda ein tuch and go, siden han mannen ved siden av, sa at det var vanlig med 2-3 tuch and go.
Men nei, vi landa. Safe and sound. Eg hiver inn på flaska og kjenner at eg storgleda meg til å trekke frisk luft og ha beina planta på asfalten igjen.

Det viste seg da at han som hadde hatt ansvaret for oss hadde hatt sin siste flygetur, og det er ein tradisjon om at dei skal bli dynka i vatn. Tradisjon tru, stod fire brigde der, klar for å sprute på han. Eg misunte han litt. Vi hadde budd i eit kjølig og fint klima inne i flyet, og nå var det plutselig 35 grader.

Bilde funnet på nette, her ser du menna i aksjon

Lurer du på kva anna dei gjer på basen er nettisda deira linka her, E3-A component.

10. september 2012

What a weekend!

Altså, dokke har vell skjønt det at når eg skal ut å reise, så er det alltid noko som ikkje går som det skal. Denne gangen var ikkje noko unntak. Eg hadde bestilt det toget som gjekk 16.37, slik at eg var i DUS ca. 17.50, men dette toget var altså 25 minutter forseinka, noko som gjorde det at Susanne var ein ENGEL og kjørte meg til Düsseldorf. Da var eg der litt før halv 6, noko som førte til at eg var framme i Düsseldorf. Dersom eg hadde tatt toget, hadde eg akkurat gått inn på..
Flyet fra Düsseldorf til Oslo var i rute, og vi landet på tida, og alt var velstand. Så gjekk eg på Taxfree og fiksa siste tingene til folka heime, før eg gjekk igjennom tollen, sjekka inn på nytt og gjekk til gate. Eg sett meg ved gaten, og får beskjed om at flyet er forsinka med ein time, sidan dei manglar fly-crew. Så eg ringer Tore for å sei at vi blir ein time forseinka til Florø. Det er da det går opp for meg, eg sitter på feil Gate. Eg skal jo til Førde eg. Så eg legger på telefonen, og legger på sprang.
Eg skal fra gate 2 til 19F. Det tar ca. 8 minutter og gå, klokka er 21.55 og flyet skal ta av 22.15. Når eg kommer fram, står der Gate Closing, men eg var ikkje sist. Der var mange (til og med flyvertinna) som gjekk på rein vane ned til Gate 2-10.
Så kom fredagen og helgas hemmelighet kunne endeleg offentliggjerast. Mamma og Georg gifta seg i Førde!!
Gratulerer med dagen, begge to!
Klargjøring
Forlovarane 
Sorenskrivaren i Førde
Mamma og Georg etter middag
Seremonien var over før den begynte, nesten. Heile 5 minutt tok det! Så gjekk turen til Rica Hotell for å spise middag. Etter å ha tatt bilete, var det å hive seg i bilen og kjøre til Bergen, der det venta konfirmasjon til godaste Iselin! Etter veldig god middag, dessert og kake, var det tilbake på hotellet og slappe av.
<3 td="td">
Eg orka ikkje meir enn halve sjokoladedesserten, så Jørgen tok over. Alt går til Grisen, er ikkje det dét heite?
Fikk møte gutten min igjen!


Søndag var avreisedag, og ut-sjekk var 11.00, så vi (les:eg) bestemte oss for å bruke tida til å besøkte tanta og Thomas som også var i Bergen. Det var utrulig koselig



Fine "lille-"søskenbarnet 
Fine søskenbarnet! 
 Turen ned igjen, gjekk knirkefritt, bortsett fra toget som var 10 minutt forseinka, men eg vil kalle det heile den mest vellykka reisa mi så langt i forsvaret!

24. juli 2012

Strikkhopp

Vemork brua, 84 meter fra brua til elva
Lørdag 14 juni var eg så vidt komen heim, før eg og Tore snudde nesa mot Telemark og Rjukan. Planen var nemlig at nå skal vi hoppe i strikk. Det var en lang tur, og vi kjørte på relativt dårlige vegar, men det var lite/ingen trafikk så det gjekk litt opp i opp. Vi kjørte til Lærdal, ned til Geilo og endeleg var vi i Telemark. Eg kjente på det at i Tyskland har vi ikkje svinger, tuneller, smale vegar og vertfall ikkje ein god kombinasjon av desse. Det var skikkelig skummelt berre å køyre igjennom Lotetunnelen, så nedover måtte Tore køyre Lærdalstunnelen, eg nekta.
Det hadde regna litt i løp av dagen, og når vi kom fram, begynte det å regne igjen, så det å sove i telt og vakne kald og våt, var ikkje så utruleg fristande, så vi tok inn på hotell.
Vi såg litt TV og sov relativt lenge.
Hotellfrokosten var ikkje den aller beste eg har ete, men det var godt med mat. Sjølv åt eg ikkje så mykje, sidan eg var redd for kva følgje det fekk når ein hoppa i strikk. Ingen hadde fortalt meg noko, så eg fann ut at det var best å vere på den sikkre sida.
Vi kjørte opp/ned til stedet. Vi var begge sikkre på at vi skulle oppover fjellet, men nei. Vi skulle ned i eit juv. Vi kom fram, gjekk bort på brua og såg, og det begynte å kile så smått i magen.
Vi meldte oss på, og da var det berre å vente.
Vi var 22 og 23, og dei var på nr. 10, så  det var ca. ein time å vente. Difor gjekk vi i bilen og satt der å venta, når vi kom ned, var dei på nr. 19, så det var plutsleg ikkje så lenge igjen. Dei hoppa og hoppa, og så var det vår tur å få på oss selane. Tore skulle hoppe først, så medan han hoppa, måtte eg dessverre stå å gjere meg klar. Han hadde eit fint hopp, sa mannen, og eg fekk beskjed om å stige over til den "kassa" som hang på utsida av brua.
Da kom Tore opp igjen, og han såg ut som om han hadde hatt det kjempe gøy! Eg fekk festa strikken, klatra opp på podiet og stod i ein slags "Hands up" stilling. Så hoppa eg, eller du legg deg fram over og hopper når du er i slutten av fallet, og du kan ikkje gjere anna enn og hoppe. 3-2-1 og du faller.
"Hands up"
Og GUD for ein følelse. Det var akkurat samme følelsen eg hadde når eg hoppa ut av flyet, dei alle første sekundene av fritt fall, men den varte mykje lenger, sidan eg nå hadde litt meir høgebegrep enn det eg hadde på 4000 meter.
Sjølvsagt, som alle og ein kvar som kjenner meg hadde forutsett, hylte eg. Eg hylte skikkelig høgt, lyst og lenge. Fritt fall følelsen er så ekkel, på ein god måte altså, at det å ikkje hyle er heilt umogleg for meg.
Endeleg kjente eg strikken ta, og eg spratt litt hit og dit følte eg, sjølv om det ikkje kan kalles sprette heller, sidan det går så lang tid mellom kvar "sprett".
Så kom den "Heise-deg-opp"-tauet, som du skulle ta tak i og feste i beltet. Det var faktisk vanskligare enn eg hadde trudd. For det første så måtte man dra opp tauet som kom ned. Og berre det var litt vanskelig å koble. Så var det å få festa karabinkroken og ha henda i "Eg er klar"-possisjon. Så kjende eg at det begynte å trekke i tauet, egvar på veg opp. Vel oppe fekk eg beskjed om at det var eit fint hopp, og fikk eit "Gratulerer" sjølv om eg ikkje forstod heilt kvifor, der og da.
Så var det over. Like fort som det var begynt. Det var meir eller mindre rett tilbake i bilen å begynne på den lange turen heim. Vi stoppa på Geilo og spiste pizza på peppes og så var det berre å køyre heile vegen heim. Fra Sogndal til Breim sov eg meir eller mindre, noko som var skikkelig digg. Det var veldig langt å køyre for ein (s)liten kropp.

Høgt ned, sa du?


Ingen av bileta er mine, sidan vi ikkje hadde tid til å ta bilete av kvarandre, og ingen av oss hadde kamera.

23. juli 2012

Reise-karma?

Då er eg tilbake i Tyskland, etter mykje om og men. Det slår ikkje feil, kvar einaste gong eg skal heim skal nokon vise fram kor viktige dei er. Sist var det vekterstreik, nå er det mangel på flygelederar. Det heile enda opp med over ein time forsinka heim den 13. Eg må berre seie det at eg har skjønt kor viktige dokke er, vertfall, om det hjelper. Eg har forresten tenkt litt på det der dei mange timane eg satt på Gardermoen, er det nokon av flygeledarane som blir påverka av sin eigen ferie?
Søndag, 22. juli skulle eg ned igjen, men sjølvsagt måtte flygeledarane vise kven som var sjefen. Flyet fra Anda var rundt 20-30 minutt forsinka og det gjorde absolutt ingenting sidan eg hadde litt over to timar på Gardermoen med venting. Flyet til Køben skulle gå 18.05, men det flyet som skulle komme, fekk tekniske problem, så vi måtte vente til dei hadde klargjort eit nytt fly, flydd fra Køben til Oslo og klargjort det på nytt. Ny tid blei da 18.45. Så kom det melding om at dette flyet hadde fått "slot-tid", som vil sei dei må avvente, sidan det er for lite folk og mange fly. Så da blei ny tid 19.35. Eg hadde mange filmar, så kjedeleg var det heldigvis ikkje. Problemet var berre det at flyet fra Køben til Düsseldorf gjekk 20.40. Det tar litt over ein time å fly Oslo-Køben, så du kan tru eg vart stressa.
Endeleg tok flyet av, og vi var på veg. Nesten framme i Køben, får vi melding om at passasjerar som skal til Düsseldorf er blitt om booka til ein annan flygning. Da var det berre å finne transfer-center, få vite når flyet gjekk, finne bagasje, få hotell og komme seg avgårde. Eg venta på bagasjen i over ein time, og sto i "Ankomst Service"-kø i ein halv time. ENDELEG på veg til hotellet og senga.
Når vekkerklokka ringte, tenkte eg berre "Ånei", så eg hoppa i dusjen, spiste ein veldig god frokost og bega meg til flyplassen. Resten av reisa gjekk som smurt, heldigvis.

Så da kan eg krysse av enda ein check, nemlig å miste flyet! Heldigvis gjekk det bra.
Om ikkje så lenge kjem innlegg om veka heime. Strikkhopp, Malakoff, fjelltur og anna kjekt!

Testing av web på nye dataen!

1. juli 2012

Au revoir, Paris

Fredag etter jobb, tok eg en kjapp dusj før eg hoppa i bilen og reiste til Amalie på SHAPE (Suprem Headquarters Allied Powers Europe) for å slippe å sitte heime aleine på Trollhaugen. Anette og Susanne er nemlig heime på ferie, og det blir litt kjedelig å sitte heime aleine ei heil helg.
Kom fram i rundt 6-tida, og fra da av såg vi litt film, for så å reise på karaoke-night. Det var sikkelig gøy, bortsett fra at vi faktisk ikkje hadde guts til å gå opp på scena før det var forseint.
Så gjekk vi tilbake igjen, og etter litt om og men gjekk vi å la oss. Morgenen etter, kl. 06.00 ringte vekkerklokka. Vi skal til Paris, på Red Hot Chili Peppers! Da var det å få på seg kleda og tusle ned til gaten. Vi hadde bestilt taxi til kl. 07.00, siden toget gjekk 07.40, og det tok ca. 10 minutt å kjøre. Vi venta, venta og venta. 07.10, 07.20, 07.30, og 07.40. 40 miutt etter dei skulle vere her, var dei enno ikkje kommet! Så vi traska tilbake til brakka, spiste frokost, for så å legge seg igjen. Eg trur det er lenge siden eg har drømt så mykje som eg gjorde dei to timane eg sov den morgenen.
Vi vokna i 12 tida, fant ut at vi ikkje kunne sitte her og stirre i veggen, så vi reiste til Brugge, ein by i Belgia i nærheita av havet. Vi fekk ikkje sett havet, men der var kanaler, så vi fekk sjå rennande vatn, i det minste.
Vi åt middag på ein relativt dyr restaurant, med elefant-porsjoner, eg klarte ikkje spise halvparten av "pasta(Det var spaghetti) carbonaraen min.
Så møtte vi resten av gjengen, kjøpte litt sjokolade og andre godsaker, for så å ta toget heim igjen.
På basen var det feiring av 4. juli, som er Amerikas frigjøringsdag. Det var tivoli, fyrverkeri, og alt ein ser på TV. Eg (les: Amalie) kjøpte sukkerspinn og popcorn, og tok to karuseller. Radio-biler og ein annan som var veldig morosam (sjølv om eg føler meg for gammal til å synes at karusellar er morosame).
Søndag, sov vi nesten tolv timar den natta. Vi fordreiv dagen med å ligge på sofaen og sove, sjå film (Harry Potter!) og slappe av.
Etter omlag 18 med soving og avslapping, kjørte eg tilbake, såg EM-finalen (Eller heilt til Italia leda 2-0, sidan eg tvilte på redusering) og nå har eg lagt meg. Good nigth people

To be continued ..