Viser innlegg med etiketten Alvorlig. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Alvorlig. Vis alle innlegg

27. november 2015

Kva no?

Då var den levert. Bacheloroppgåva mi. Som eg hadde lyst å kaste ut av vinduet, men også ønska eg å passe godt på den, og holde den tett til brystet så ingen fekk gjere den noko. Eg trur det at slike oppgåver, som ein jobbar med så tett og lenge med over tid blir litt som "babyen" din. Det er i alle fall litt slik det føles. Er dritlei den, på samme måte som eg aldri vil levere den fra meg. Misforstå meg rett her, når eg seie baby. Eg hadde ikkje kasta en baby ut av vinduet.

Hugsa der Brænne safta? Den er kommet inn på Coop Extra her i Førde, og den blei kjøp inn for å feire med, da eg enno er sjuk
Fra SnapChat

Så.. kva nå? Det er siste innspurt på skulen dei neste to vekene. Litt meir forelesning om rettar i arbeidslivet, pasientrettar og ligande, framføring av oppgåva og, plutselig ferdig? Kor blei dei tre åra av da? Eg føler meg ikkje klar for å vere ferdig. Eg kan det eg skal kunne, det veit eg. Og eg er ekstremt nysgjerrig, så eg lære mykje heile vegen. Men ferdig på skule? Null meir arbeidskrav og eksamen? Gruppeoppgåver og studentfestar. Plutselig kan eg faktisk tittelere meg som sjukepleiar. SÅ SKUMMELT, men SÅ KJEKT! Skrekkblandet fryd, er ikkje det noko? Og der er absolutt mest fryd i den jenta her, men litt skrekk også, då det er skummelt å plutselig vere voksen, ansvarlig og heile pakka.


Eit bilete av eit tidligare utkast. Eg er glad for å ha levert denne oppgaven nå altså. Endeleg skal eg få praktisere sjukepleie! ... Eg må berre skaffe meg jobb først.

15. september 2012

Mareritt

I natt hadde eg eit mareritt. Det var sjølvsagt skummelt, og eg vakna fleire gonger, men begynte alltid å drømme samme drømmen. Ganske travelt igrunn. Denne drømmen hugsar eg så godt, at eg tenkte eg kunne dele den med dokke.
I drømmen er eg altså ombord på ein kystvakt båt, og vi (eg og to til) ligg på lugaren og sover på kvelds tid, siden vi skal på nattskift.
Vi blir vekt av en brå lyd, lyden av metall som blir benda ein veg det ikkje er meininga at den skal bli benda, og vi ser at det er ein liten innover bul i skroget på skipet der som lugaren vår er. Vi går opp og spør, men før vi er oppe, blir vi møtt  av mange redde folk som løper til lugarane sine og roper "SJØORM! ALLE TIL LUGARANE SINE!" Vi løp tilbake, og plutselig var det panorama vind på lugaren, ut i havet, og vi kunne sjå ormen. Den var virkelig grusom. Såg litt ut som på bildet nedenfor. Den snodde seg rundt skipet, og du merket at den elska og kunne sjå på deg, og sjå kor redd du var. Som om det var nok, at den ikkje trengte å ødelegge skipet, det var meir for kjedsomhetens skuld.. Det enda med at den snodde seg rundt skipet, og tok seg god tid til å sjå inn i alle lugarane, og markere seg alle som var der, før den knuste skipet, og eg vakna. Så smådrømte eg litt, om korleis vi klarte oss og sånn, før eg begynte å virkelig drømme igjen.


Fæl, ikkje sant?
Denne gangen var drømmen ikkje så fæl, fordi eg sov, men eg var bevisst på at eg drømte, så eg klarte og styre drømmen litt, slik at den ikkje vart så skummel. Men dette sjøorm-dyret var mykje smartare enn det forige, på ruta tegna den opp personane som var i rommet, slik at den kunne passe på at ingen rømte, så heile lugaren låg heilt i ro under dyna og lata som om vi ikkje eksisterte. Så klarte eg å bevege på meg. Kva trur dokke skjedde? ... Jo, eg hikka.. Så den tegna meg opp, og for vidare til neste lugar. Så kom vi på en plan, men ein måtte bli igjen og ta plassen til den som er tegna opp. Ei jente på lugaren tok på seg oppgaven, i håp om at vi skulle klare å jage unna, lure vekk eller noko anna lurt. Vi lista oss opp til dekk, og begynte å planlegge. Dyret kunne ikkje snu seg rundt skipet, siden den hadde ei anna form, lignande som på bildet nedanfor. Her er det litt blurry, fordi eg sovna fra kontrollen på drømmen, men så våkna eg av vekkerklokka, og bestemte meg for å slumre, slik at eg kunne bli ferdig med drømmen.
Eg hugsa ikkje kva planen var, og kva vi gjorde, men det enda opp med at vi blei gode venner med dyret, og  det bestemte seg for å beskytte oss, i staden for å drepe oss. Grei deal, eller kva?
Ein blanding av denne og ein badeleike eg hadde når eg var mindre.

Trøttetryne kl. 5 idag tidlig..

12. juli 2012

Anholdt

Siden det for tiden er veldig mange som er på sommerferie, er det ikkje så veldig mykje som skjer på supporten. Så i dag kom anette over like etter lunch og henta nokon vedlegg til regneskapet, siden ho trudde det var månedsskifte og at regneskapet skulle leverest.
Vi satt å snakka litt sammen med dei andre på supporten, når telefonen plusteleg ringer. "Hello this is from the IMP (International Military Police), could you please come down to our office? We have something we would like to discuss with you." Eg sa jo sjølvsagt at dette var ingen problem.Sjølv om eg er hundre prosent sikker på at eg ikkje har gjordt noko galt, så blir eg skremt og det føltes ut som eg hadde fått beskjed om at eg skulle i fengsel.
Eg kjørte ned og kom inn i resepsjonen, ble sluppet igjennom døra, og dei begynner å prate.
"Det har blitt observert eit norsk kjøretøy som har kjørt på nokon. Vi har kontaktet SNR (Senior National Representativ) og han seier at du kjører rundt i eit norsk tjenestekøyretøy. Dessuten, nå når eg ser deg så passer du godt til beskrivelsen."
Eg kjenner at eg blir heilt fortvila, fordi eg er sikker på at eg ikkje har kjørt på nokon som helst.
"Så dette betyr av vi er nødt til å anholde deg." Han tar frem handjern, tar dei på meg, og eg begynner å gråte. Sjølvsagt. Eg var livredd, i sjokk og andre følelser ein ikkje kan beskrive. Så tok han dei av, og eg skjønte ingenting.
Han førte meg inn på eit kontor, ta "muggshot" med navn og fødselsdato.
Han går for å fikse noko, og eg får beskjed om å sette meg ned i sofaen som er der, noko eg sjølvsagt gjer.
Eg høyre litt murring i gangen, og plutselig, ut av det blå, kjem Anette inn døra.

Alt dette var altså ein spøk i fra Anette sin side. Ho følger altså opp tradisjonen der den som dimmer kødder med den som blir igjen.



"Mug shot"

Kjerringa til venstre og meg full av tårer til høgre

25. desember 2011

Stolthet og fordom?

Mange mennesker rundt om i heile verden er meget fordomsfulle. Eg synes sjølv at ein stor prosent av den norske befolkning er så fordomsfulle at det er skammeleg. Meg sjølv inkludert. Skulle sjølvsagt ønske det ikkje var slik, og prøver så godt eg kan å ikkje vere det, men det er ikkje lett!
Der er mange døme på når verden dømmer før dei får tenkt seg om.
Ordtak som "du skal ikkje skue hunden på håra" og "don't judge a book by it's cover" er ord som er veldig sanne.

 Dette er ei gruppe mennesker som ofte må gå igjennom denne følelsen av å bli dømt uten grunn.

OBS! Det kjem meir. Er berre veldig seint og eg er trøtt...

5. desember 2011

Kvifor er det så viktig?

Dette er ein form for oppfølging på temaet i forige innlegg. Eg har ein ting som siste tida virkelig har plaga meg. Kvifor er det så viktig det med kva andre meiner, tenker og synes? Om det er ein ting, som verkelig ikkje burde bety noko, så er det kva andre meiner om deg og det du gjer. Det som er viktigast, er at du gjer det du vil og ingenting anna. Kan du tenke deg for eit liv du skulle ha, om du heile tida måtte bekymre deg over kva andre tenker om deg?
Min aller beste vennine har lært seg det, at skal du kunne komme deg akkurat dit du vil i livet, uten dårlig samvittighet og mykje styr, må du rett og slett ikkje bry deg om kva andre meiner.
Altså, nå meiner eg ikkje at du skal vere ein som blokker ut alt andre seier og berre bane deg vei akkurat som det passer deg, man skal alltid vere høflig og ha omtanke for medmennesker, men det er viktig å ikkje ta seg nær av alt det negative vi mennesker klarer å lire ut av seg.
Det som er skummelt, er at dersom du ikkje klarer å "lire" av deg alt det negative som man få høre, går det fort ut over kvardagen din. Sjølvsagt er det lov å føle seg fæl i nokon dagar, for så å komme seg opp på hesten igjen, men dersom du berre får høre negative kommentarer, og aldri får tid til å klatre opp igjen, så blir veien opp, lenger og lenger.

4. desember 2011

Eg har ikkje ord!



Kva for ein verden er det vi lever i, der det går så langt? Tenk over kva du seier, og kven du seier det til. Kjenner du ein som du veit blir erta veldig mykje, så koster det deg ikkje mykje å seie nokre hyggelige ord, der personen kan sjå at du meiner det. Av og til er det viktig å blåse litt (eigentlig er det noko ein burde gjere heile tida, men det er vanskelig!) i kva andre meiner, og gjer det som er riktig. Det kan faktisk redde livet til ein person, ikkje berre fysisk, men også psykisk. Det er ein lang veg opp, dersom du har nådd bunnen, men den er lettare å klatre om du har nokon som er med å drage og skubbe deg opp den verste kneika!

30. november 2011

Ei hjelpande hand

Nå når det i grunn er vinter (sjølv om det er skikkelig haust-vær ute) er det viktig for oss som har meir enn nok, å tenkte på dei som ikkje har så mykje. Da tenker eg i grunn på kler. Denne årstida er kald og det er utrulig mange mennesker i mange land som ikkje har nok kle til å halde seg varme nok. Det er i fattige land, der det er høgt skille mellom rik og fattig dette i hovudsak skjer.
Akkurat nå holder eg på å rydde i kleskapet mitt. Ikkje rydde som i å legge alt skikkelig, men rydde som i ta vekk ABSOLUTT alt eg ikkje bruker/vil ha lenger. Målet mitt er å gi vekk mest mogleg til eit veldedig formål. Problemet mitt er at eg vil at kledene skal gå direkte til dei som treng det, ikkje til Fretex eller anna, der kledene blir solgt. Nokon som veit om verdige/trengande organisasjoner som kunne trenge ein god del poser med klede, i alle farger, former og størrelser?

Denne sangen handler ikkje akkurat om kler, men om det er noko som er livsviktig, er det vatn.
Dersom du føler for å hjelpe 4H, i sammarbeid med PLAN, sitt arbeid i Sierra Lone, som er eit av verdas fattigaste land med å bygge 44 brønner, slik at dei slepp å gå heile dagen for å hente ein liten balje med vatn, gi ein liten sum til dette kontonummeret, 9365.17.76560.

25. november 2011

Om det å miste nokon - uventa

Har du nokon gong mista nokon, heilt uventa? Sjølv har eg mista ein god venn, som valgte sjølv at han ikkje ville meir. Det har skjedd mykje rundt meg, der folk har gått bort, uten at nokon skjønna kva som skjedde eller kvifor det skjedde slik. Så mange ganger, har eg vore bort i at nokon eg kjenner har mista ein dei var glad i.
Det er stygt å seie det, men alle dei gongane det ikkje har vore eg som kjende dei, har eg vore utrulig takknemlig for at det ikkje er meg som er i den posisjonen. Eg føler sjølvsagt med dei, og synes det er fælt, men eg er så utrulig glad for at det ikkje er ein av mine fine som har gått bort.
I slike stunder er det viktig å stå sammen - vere hos kvarandre. Ikkje nødvendigvis fysisk, men også psykisk. Fortell personen at du tenke er på han/ho. Det hjelper litt, og er en fattig trøst - men bedre enn ingenting.

Om du har mista ein du var glad i, som valgte sjølv, er dette ein av dei finaste sangane eg veit om.

Rascal Flatts - Why

I desse tunge stundene er det viktig å hugse på ein ting, du betyr noko, ting betyr noko, alle betyr noko!
Josh Groban - You are loved

Liten metafor i desse lysa her. Dersom du ser etter, står det eit lys aleine heilt framme, klart og tydelig. Srer du etter, er det nokon lyst i bakgrunnen der også. Desse er vennane dine, slik du kanskje føler det i ein sin situasjon. Sanninga er at dei eigentlig står så nær deg, at lyset i teorien burde brenne fortare. Slik som sorg oftast er god å ha litt aleine, men best å prossesere saman med andre.

Du er aldri aleine, husk det!

18. november 2011

OBS! Pass på kvarandre!

Det å trykke nokon ned er utrulig lett, men det som oftast er tilfellet er at vi trykker oss sjølv ned. Det byrjar ofte med ein nedlatande kommentar frå ein annan eller ein hendelse som gjer at sjølkjensla di får ein knekk.
Sjølv har eg nylig krasja i ein bil. Med meg gjekk det ganske bra, fekk berre blåmerker etter bilbelte, men bilen vart bra skadd. (For å sjå bilete av bilen, trykk her). Etter det var eg så utrulig usikker på alt som hadde med bil og fart å gjere at første gangen eg kjørte bil etter på, skalv heile meg, sidan det var andre i bilen (når eg kjørte etter ulykka altså! Var aleine i krasjet) klarte eg å samle meg. Første gangen eg var aleine i bilen der imot. Ågud. Tårene trilla som en foss. Det var altså noko av det skumlaste eg har vore med på nokon gong.

I sånne stunder er det fint med gode venner som kan hjelpe deg igjennom vanskelige tider. Det er også fint med Disney. Her er eit sitat i fra Ole Brumm, der Christoffer Robin seier til Brumm:
"Promis me you'll always remember: You're braver than you believe, and stronger than you seem, and smarter than you think."

Ole Brumm er en fin fyr som lærer deg å sette pris på mat!

10. november 2011

Plutseleg er alt stille....

Det er ein ting eg har tenkt på. Tanken traff meg etter eg hadde sett dei 10 første episodene i serien "Switched at birth". Denne handlar meir eller mindre om to jenter som blei bytta om rett etter dei var født. Sjå trailer her.

Tenk deg korleis det må vere å miste ein av sansene sine.. Ein dag våkner du om morgonen, utan å kunne snakke/høyre/sjå. Eg meiner det er to veldig forskjellige ting å vere døv frå fødsel av og å bli det når du skjønna kva lyd er osv.

Korleis kjennes det ut, å vere 20 år, plutselig ein dag når du vakna, høyrer du ingenting. Din verden er plutselig satt på "mute", og det er få ting du kan gjere for å endre dette.
Eller at du vaknar og du ikkje klarar å formidle det du vil, like enkelt som før, eller kanskje du vaknar, men det er ikkje lyst rundt deg. Totalt svart, eller berre små skimmer av noko som kan ligne på blind?
Eg kan ikkje tenke meg for ein omstillingsprosess det må vere for å meir eller mindre totalt legge om livet sitt.

Sjølv kjenner eg ingen med den typen "handicap" men veit om ein som er døv. Eg hadde ikkje hatt noko i mot å møte/bli kjend med ein som var døv/blind/stum.

Tenk deg da...
Nå skal det berre seiast at dette er ikkje eit innlegg der eg utrykker at eg synes synd i dei som er døve, stumme eller blinde! Fordi det er det ikkje, det er meir eit innlegg der eg utrykker min fasinasjon av kor sterke desse menneskene er, og kor utrulig viktig det er å huske på dei som har handikap som ein ikkje oppdagar så lett.

14. september 2011

Never judge a book by it's cover




Beauty
They say it is an inside thing,
And that is all that counts.
But then they judge the outside shell,
The points for it amount.


We put on masks to hide the pain,
Of being judged by looks.
For feelings and needs, they matter not,
We're judging them like books.



If someone has a look you like,
You accept them right away. 
But if it's worn tatterd, or different, odd,
Then you toss it out, let it lay. 



It's only human nature that,

We judge in such way.

To keep only pretty things close,
  
And throw everything else away.


Ukjendt opprinnelse, tok det ut i frå eit bilete eg fann

Kven hadde trudd at desse skulle bli vinnarar av Britain's Got Talent? Ikkje eg hvertfall

22. juni 2011

Regines bok

Nå holder eg boka "Regines bok - En ung jentes siste ord" i min hånd. Eg låg oppe til halv to i natt fordi eg ikkje klarte å legge den i fra meg. Den er rett og slett så trist. Det er grusomt at så mange i verden må gå igjennom slike prosesser. Kreft er ein fæl ting!
Regine oppnådde mykje, og eg ambefaler alle å lese boka hennar. Besøk også bloggen hennar.

18. juni 2011

Når nokon forlet verda, veit ein liksom ikkje kva ein skal gjere

Eit trist trykk. Eit fælt trykk. Slik det alltid er når nokon uforventa forlet denne sida av verda.
I dag har eg opplevd eit slik trykk. Eg kjende han ikkje personlig, men kjenner mange som kjende han, og er i nær slekt.
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7679079

9. desember 2010

Kvifor alkohol?

Kvifor er det slik at mange må ha i seg alkohol for å ha det artig? Selvfølgelig er det ikkje alle som må det! No skal eg ikkje skjere alle under ein kamb, men det er ofte slik at folk ikkje gidd å vere på eit arrangement eller ein fest dersom dei ikkje har noko alkohol. Eg meiner det er ei veldig fæl og feil utvikling. Det burde jo vere slik at du hadde det kjekkare når du ikkje drakk alkohol.

Alkoholen gjer oss heilt susen i haudet, drep hjerneceller og får oss til å ikkje registrere det som skjer slik at ein får såkalla "blackout". Kvifor synes vi det er morosamt å utsetje kroppen vår for noko slik? No snakkar eg sjølvsagt om dei som drikk seg full på sprit, øl og anna, ofte. Det er ingenting galt i og vere full, innimellom men begrens det. Dette er noko som eg har tenkt på lenge, og har irritert meg over òg.
Hugsar du bursdagane da vi var små og gjekk på barneskulen? Det var gode tider! Pressangar, kake, gelé,  pølse med brød eller pizza, den småflaue flørtinga med gutane og dansinga der du så vidt turte å ta i guten, og einaste gongen du kunne danse tett med nokon var når dykk var saman eller du likte personen veldig, veldig godt? Eg savnar dei tidene eg. Kvifor kan vi ikkje ha det nå også?

Nå er det meir fylla fordi du har lyst og drikke deg full. Kor kult er det å rote med ei bra/OK dame for så å aldri ha kontakt med ho igjen? Sjå på biletet ovanfor. Er ikkje han reine heldiggrisen? Joda kjempekult å ha øl- eller spritbirller.

Skål, seier eg berre!

26. januar 2010

Det er trist..


Det er trist når folk du kjenner, blir folk du kjende.
Når du kan gå rett forbi nokon, som om dei aldri var ein stor del av livet ditt.
Korleis du kunne snakke med dei i timevis, og no kan du nesten ikkje sjå på dei.

20. januar 2010

Kva skjer med en verden utan telefon?

Kvifor blir vi så avhengige av mobilen vår?
Eg merkar i dag at eg er blitt alt for avhengig. Min ligg nemlig heime, og utan den føler eg det som om eg ikkje har kontakt med omverdenen og at ingen kan få kontakt med meg, og det er sjølv om eg har dataen! Eg trur eg er nødt til å innføre "mobilfri-dag" ein gong i veka. 24-timar utan telefon, spørs om eg ikkje er for avhengig nå da?

Telefonane utviklar seg stadig..
Det er rart, hæ? Før klarte dei seg utan både data og mobil, og nå klarer vi oss knapt utan. Det er ei alvorleg utvikling som kan føre til store konsekvenser i nyare tid.
Kva trur du?