Viser innlegg med etiketten Helse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Helse. Vis alle innlegg

2. oktober 2016

Store ting skjer i livet vårt

Nå er det lenge sidan det har kommet nokre nye postar på denne bloggen her, men store ting har skjedd, så det er absolutt innafor med ein ny oppdatering. Dette året har vore veldig spennande for oss, ikkje berre fordi vi har kjøpt oss leilighet som vi er i full gang med å planlegge - då den byggast nå. I tillegg skal vi bli foreldre i slutten av dette året eller begynnelsen av neste kjem det altså til å komme små barneføtter inn i livet vårt. Spennande tider altså! Formen har vore laber for det meste - då eg har vore veldig kvalm og uggen. Så har eg hatt en periode nå der eg har vore i fin form, så vi har vore om oss å ordna eigentleg det meste vi må ha i hus når lille kjem. Nå kan det sjå ut som om kvalmen har kommet igjen - så eg er ganske glad for at vi fikk ordna ting når vi gjorde!

Dette bildet er tatt for over en måned siden. Lille magen <3 td="">

5. april 2016

Det er så ekkelt.

Hei!


Til advarsel, så skal eg nå snakke om noko eg ikkje likar å snakke om, sjå eller ta på, men likavel føler eg for å fortelje det. Tær. Det er nemlig noko eg ikkje er så god til å takle, føtter, og då spessielt tær. Det er verst når det er mykje tørr hud og sopp inn i bildet, men sjølv "fine" føtter synes eg er fælt. Men som sjukepleiar får du ikkje akkurat velje dine arbeidsoppgåver, og tær er (beklagelegvis) ein naturleg del av kroppen som alle har. Det er jo derfor fryktelig utgjort at eg sjølv skal få problemer med mine tær. Både eg og min søster har sidan vi var små slitt med inngrodd negl. Dersom du ikkje veit kva det er, så er det rett og slett at neglen vokser ned i huda. Som en kniv. Du har vel kanskje klippet ei negl for kort ein eller fleire gongar? Slik er det. Berre langst heile neglen.

På grunn av dette har eg fleire gongar operert neglen. Dette har gjort at eg har smalere negler enn andre. Det som er problemet derimot er at den høgre storetåneglen min har protestert stort på denne behandlingen. Den er skikkelig ekkel og driver og faller av, da den vokser fullt ut, så døyr den. Da vokser det ut ei ny negl innunder. Nå siste månedane har eg kjent på at neglen har blitt lausare og lausare. I går kveld datt den endeleg av. MEN DET ER SÅ EKKELT.


26. november 2015

Sjuk natt

For ei natt. T er jo sjuk, og har prestert å smitte meg. Så i natt endte eg opp på sofaen for å unngå å bli for irritert. Det er klart, han kan ikkje noko for at han hoster, men når det hostes tre ganger i minuttet og eg sover så lett som eg gjer, blei det ikkje mykje søvn på den jenta her i natt. Kl. 5 krøyp eg til korset og trakk meg ut på sofaen og fikk sove litt i alle fall. Fire timers søvn og innspurt på Bachelor? Ikkje akkurat kurant. Eg trur eg må trøsteete i dag.

Glassøyd, rød nese og bleik. Sjuk og trøtt. Klar for helg og avslapping. Tenker eg leverer i dag, skriver ut og leser igjennom, slik at eg eventuelt kan rette og laste opp på nytt i morgon. Uææ!

21. oktober 2015

Er eg ikkje vis lenger nå, sidan eg ikkje har visdomstenner?

Dette er faktisk innlegg nr. 200 på denne bloggen! :)

Hei du! 

I dag har eg vore hos tannlegen. Det har seg nemlig sånn at visdomstann nr. 2 har brutt igjennom, og den gir klart signal om at den ikkje har lyst å vere i min munn. Sist eg trakk tann fekk eg beskjed av tannlegen i Førde som hadde tid, fordi eg måtte faktisk ringe til 13 ulike tannlegar for å finne tak i nokon som hadde akuttime til nokon som ikkje var deira pasient, at når neste tann kom igjennom, var det berre å ta kontakt, så skulle han trekke den også.

Er mønsterpasient og kjem med gullande rein munn!


Mi første visdomstann tok eg i jaunar. Så det tok eigentleg ikkje lang tid før nestemann i rekka var klar. Heldigvis har eg berre to visdomstenner. Eg fekk nemlig tannlegen til å ta røntgen heilt bak før eg vart 18 (det var jo framleis gratis) slik at  eg kunne vere forberedt på det som skulle komme. Ho kom jo med ein gledelig nyhet. Eg har høyrt om personer som har dobblet sett med visdomstenner - altså 8 tenner, så eg er fryktelig fornøgd med å "berre" ha to.

Litt småpjusk, da det var begynt å bli vondt i såret og ekkelt å bite på tupferen. Dette var i Januar.
Eg vart ganske paff då, i januar. Eg kom, satt meg ned, medan tannlegen trekte opp medkamenter og tannpleier tok røngtenbilde av tanna. Han satt bedøvelse og fortsatte å lage til, og 15 minutter etter at eg satt meg i stolen, var eg ei tann fattigare og ferdig. Det gjekk så fort! Eg såg for meg "dikkedaring" med å lirke og kløyve og alt i hop, men den kom ut neste av eiga fri vilje, virka det som. Flink tannlege!

Bedøvelsen er satt og tanna kan nesten ikkje vente med å komme ut. Eg er meir tilbakeholden i det heile og tenker mest på vondten som kjem etter på, når bedøvelsen ikkje er der lenger og tanna har forlatt sin hule.


Denne gangen var det samme gangen i det, berre vi tok ikkje røntgen, så det tok vel ti minutter fra eg satt meg i stolen, han såg på tanna, bedøvde, og trakk ut tanna til eg var ferdig. Eg tok en snapp i det bedøvelsen virkelig var begynt å virke, og når eg var komen heim igjen (fra sentrum til Vie) var det 14 minutter siden. Det seie vel sitt. Effektiv og flink tannlege, som ikkje var så veldig dyr, det lika vi! Tanna valgte eg forresten å "donere" til tannlegekontoret, slik at studentane kan studere tanna. Be my guest, seie nå berre eg. Spesiell interesse, tenner, altså. 

 

Korleis har du opplevd å fjerne visdomstenner? Eg vil gjerne høyre om det, så legg igjen ein kommentar, så kan eg kose meg med tannlegehistorier ut over kvelden!

15. oktober 2012

Eg burde sove lenka til senga

For ei natt det har vore!
Standar rutine for meg på kvelden er å gå på badet, stelle meg, fylle ei flaske med varmevann for så å legge den under dyna, på med pysj og varme sokker og under dyna. Så må eg ligge ei stund for å klare å varme opp senga og dyna, så da leser eg som regel bok. Dette gjorde eg også i går, i tillegg til at eg las litt blogg. Greia var at eg las gravid-blogg/mamma-blogg. Så dette resulterte i ei natt full av rare draumar.
Det heile byrja med at eg vart gravid, litt fram og tilbake, og plutselig skulle eg føde, og før eg hadde fått sukk for meg, voldt eg babyen i handa. Mamma måtte komme springande med håndklær og saks, for å pakke inn babyen og klippe navlestrengen. Mamma trudde ikkje det kom til å gå så fort, men i drømmen tok det 30 min fra eg kjendte noko til babyen var ute. Skummelt.
Så skulle eg sove, og babyen måtte ligge i samme seng som meg. Eg var livredd for å legge meg opp på babyen, så eg dreiv å vokna på ekte for å "passe babyen".
Så gjekk denne drømmen over, og neste gang eg våkna, våkna eg av at eg smeller haudet inn i veggen. Lurt, ikkje sant? Så nå går eg rundt med DEN Donald-kulen i panna.


5. september 2012

Frisk, men sjukmeldt

Da har det seg altså sånn at eg er blitt sjukmeldt. Eg er ikkje sjuk. Bare smittsom.
Eg har altså pådratt meg augebetennelse, og det er tydeligvis smittsomt.
Det heile begynte med at eg tidligare har kjent at auga var litt "tørre", klødde, svei og verka litt. Tenkte ikkje så mykje over det, og tenkte at eg berre hadde litt tørre auge, også såg eg meg i spegelen, og det kvite i auga var ikkje kvitt lenger. Heller litt grå/gult. Så eg Googla det. Ikkje lurt kan ein seie. Google ha meg til å tru at eg hadde leversydom.
Måtte jo sjekke om eg såg feil da.. Men kamera oppfattet det også da!
Paranoid, much?
Så eg fann ut at det var kanskje best å vertfall høyre med Medic om dei kunne ta ei blodprøve, så eg fekk bekrefta at eg var heilt iorden.
Så eg gjekk ned, og ho ville sende meg til en spesialist, også kalt optiker da, som skulle sjå.
Han såg med en gang kva det var, og det heile tok vel rundt 5 minutter.
Fekk to forskjellege augedråpar, ein mot betennelsen og ein mot tørre slimhinner.
Tilbake på jobb, og alt var fint og flott, fram til Medic fekk brev fra optikeren med kva som var galt, og ba meg komme ned. Ho sa egentlig kort og greit at eg ikkje fekk vere på jobb resten av veka, sidan eg var smittsom (gnikka meg i auge og tar på ting). På ho virka det som om eg, lille "kid'n" født i 92, hadde planer om å gnikke meg i auga og ta på alt og alle.
Så nå sitter eg her og leser litt til eksamen med TV3 syndrom, leser i 10 minutt, og gjør andre ting inn i mellom. Lurer på å gå ut å klippe plen, men nå går det Harry Potter på TV!


Sååå, her er dagens sjuke-"outfit"

26. juli 2012

Innbruddstyv, romvesen eller vinden?

I går kveld når eg låg i senga og las bok, ante eg fred og ingen fare. Det var så varmt at eg hadde satt opp vindet for å få litt friskare og "klad" luft, så hører eg plutselig en rar lyd. Den gjentar seg ofte og eg tenker "Så rart?" Plutseleg hører eg det smelle i ei dør, eller eg trur vertfall det, så høyre eg same lyden igjen, og tenker det høyres nesten ut som skjer i noko. Nettingen, kanskje?
Eg lister meg stille og forsiktig bort til vinduet, snubler litt i haugane med skitten tøy eg skal vakse, ferdig sortert. Drar gardinene fra så vidt, akkurat nok til å kikke ut. Eg ser ingenting, men ser at Susanne har høyrt det same, sidan det er lys i vindauget hennar, og eg ser skuggen bevege seg. Så da fant eg ut at da kan eg gå og sjekke, sånn at dersom eg blir .. det var mange tanker i hodet mitt. Eg er så veldig husredd, at der og da slo tanken om romvesen meg. Heh, litt trøtt, varm og redd.
Så går vi ned, slår på lys inne og ute, og nei. Absolutt ingen ting. Susanne henter lykter og vi lyser rundt på plenen, men nei. Det er like tomt som på dag-tid, det einaste som er å legge merke til er kor utruleg varmt det er, greit nok at det er sommar, men det er da vel grenser? Det var jo like varmt som når det er ein fin dag heime med litt vind!
Sidan vi ikkje fann noko var det berre å tusle tilbake til senga. Eg kunne ikkje fatte og begrip kva det var, men noko var det, vi høyrte jo det begge to.

Militæret ass.

TENK å møte han i døra da? Skummelt!

4. desember 2011

Eg har ikkje ord!



Kva for ein verden er det vi lever i, der det går så langt? Tenk over kva du seier, og kven du seier det til. Kjenner du ein som du veit blir erta veldig mykje, så koster det deg ikkje mykje å seie nokre hyggelige ord, der personen kan sjå at du meiner det. Av og til er det viktig å blåse litt (eigentlig er det noko ein burde gjere heile tida, men det er vanskelig!) i kva andre meiner, og gjer det som er riktig. Det kan faktisk redde livet til ein person, ikkje berre fysisk, men også psykisk. Det er ein lang veg opp, dersom du har nådd bunnen, men den er lettare å klatre om du har nokon som er med å drage og skubbe deg opp den verste kneika!

24. november 2011

Bivirkninger...

For rundt to veker siden fekk eg satt inn ein p-stav (nexplanon). I etterkant har eg fått ein veldig hodepine, starta forge veke med berre hodepine når eg sto opp, men denne veka har den vart ut heile dagen. Derfor ingen blogginnlegg, sidan eg for det meste har ligget i senga og sove, av og til har eg vore på dataen. Eg veit det ikkje er bra. Men kva skal ein "stakkar" gjere på når ein ligg i senga heile dagen?
Så etter legebesøk i dag, har eg fått vite at i løp av en måned skal det vere vekk. Enn så lenge får eg knaske paracet. Det andre alternativet er å fjerne den, og det vil eg ikkje. Da er det 1 500 kr på prevansjon som blir kasta rett i søpla - lite aktuelt!
Slik ser innplantatet ut
Har du nokon erfaring med p-stav?

10. november 2011

Plutseleg er alt stille....

Det er ein ting eg har tenkt på. Tanken traff meg etter eg hadde sett dei 10 første episodene i serien "Switched at birth". Denne handlar meir eller mindre om to jenter som blei bytta om rett etter dei var født. Sjå trailer her.

Tenk deg korleis det må vere å miste ein av sansene sine.. Ein dag våkner du om morgonen, utan å kunne snakke/høyre/sjå. Eg meiner det er to veldig forskjellige ting å vere døv frå fødsel av og å bli det når du skjønna kva lyd er osv.

Korleis kjennes det ut, å vere 20 år, plutselig ein dag når du vakna, høyrer du ingenting. Din verden er plutselig satt på "mute", og det er få ting du kan gjere for å endre dette.
Eller at du vaknar og du ikkje klarar å formidle det du vil, like enkelt som før, eller kanskje du vaknar, men det er ikkje lyst rundt deg. Totalt svart, eller berre små skimmer av noko som kan ligne på blind?
Eg kan ikkje tenke meg for ein omstillingsprosess det må vere for å meir eller mindre totalt legge om livet sitt.

Sjølv kjenner eg ingen med den typen "handicap" men veit om ein som er døv. Eg hadde ikkje hatt noko i mot å møte/bli kjend med ein som var døv/blind/stum.

Tenk deg da...
Nå skal det berre seiast at dette er ikkje eit innlegg der eg utrykker at eg synes synd i dei som er døve, stumme eller blinde! Fordi det er det ikkje, det er meir eit innlegg der eg utrykker min fasinasjon av kor sterke desse menneskene er, og kor utrulig viktig det er å huske på dei som har handikap som ein ikkje oppdagar så lett.

8. november 2011

Jobb! Eh, nei...

Trur eg har fått en basill(e?) av eit slag. Skulle på jobb idag, og etter neste tre timar på jobb reiste eg heim. Så dagen i dag har meir eller mindre gått med på å ikkje gjere noko som helst fornuftig, unntagen at eg har sove og sett på fiskane mine "danse" til musikk. Fordi fiskane mine er meir aktive når radioen ved siden av dei står på og det blir spelt musikk. Ganske fasinerande i grunn!
Dei er så aktive at eg knapt klarte å få dei med, dette er beste bildet med flest fisk, og eg  har  10(++?) fiska i akvariumet mitt!