Viser innlegg med etiketten Studentlivet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Studentlivet. Vis alle innlegg

27. november 2015

Kva no?

Då var den levert. Bacheloroppgåva mi. Som eg hadde lyst å kaste ut av vinduet, men også ønska eg å passe godt på den, og holde den tett til brystet så ingen fekk gjere den noko. Eg trur det at slike oppgåver, som ein jobbar med så tett og lenge med over tid blir litt som "babyen" din. Det er i alle fall litt slik det føles. Er dritlei den, på samme måte som eg aldri vil levere den fra meg. Misforstå meg rett her, når eg seie baby. Eg hadde ikkje kasta en baby ut av vinduet.

Hugsa der Brænne safta? Den er kommet inn på Coop Extra her i Førde, og den blei kjøp inn for å feire med, da eg enno er sjuk
Fra SnapChat

Så.. kva nå? Det er siste innspurt på skulen dei neste to vekene. Litt meir forelesning om rettar i arbeidslivet, pasientrettar og ligande, framføring av oppgåva og, plutselig ferdig? Kor blei dei tre åra av da? Eg føler meg ikkje klar for å vere ferdig. Eg kan det eg skal kunne, det veit eg. Og eg er ekstremt nysgjerrig, så eg lære mykje heile vegen. Men ferdig på skule? Null meir arbeidskrav og eksamen? Gruppeoppgåver og studentfestar. Plutselig kan eg faktisk tittelere meg som sjukepleiar. SÅ SKUMMELT, men SÅ KJEKT! Skrekkblandet fryd, er ikkje det noko? Og der er absolutt mest fryd i den jenta her, men litt skrekk også, då det er skummelt å plutselig vere voksen, ansvarlig og heile pakka.


Eit bilete av eit tidligare utkast. Eg er glad for å ha levert denne oppgaven nå altså. Endeleg skal eg få praktisere sjukepleie! ... Eg må berre skaffe meg jobb først.

24. november 2015

Morgenstund har gull i munn

God morgen!

Her sit eg og nyter fin julemusikk på radioen; P7 Klem (min faovrittkanal) har nemlig byrja å spele juelsanger 24/7 i ære av at jula er rundt hjørnet etter kvart. Og eg, som er så glad i jula, har jo alt fått opp adventsstakane og julestjerna. For ca. 2 veke sida. Noko T ikkje synes var heilt greit, men han kom nok fram til at det var ganske koselig, for det har fått stått i fred.

Kaffetrakteren putrer og går og Ina er vel rett rundt hjørnet. Frokostkaffe må ein ha, når det nærmar seg bachelorlevering.


Forresten, har du sette den nye headeren min? Fliinke Isabell fiksa den i løp kort tid i går. Er ikkje den fin?

23. november 2015

Bachelorfølelser

Heia bloggen!

FOR en dag. Før helga følte eg Bacheloroppgåva var oppoverbakke med en topp som var like høg som Mount Everest. Så mykje som skulle ordnast og skrivast og fiksast og skrivast og .. HJELP! Etter dagen i dag, derimot har eg fått meir oversikt, fått fiksa mykje og er faktisk begynt å rettskrive oppgåva. Kjempegreier. Fristen er i skrivande stund faktisk berre tre døgn og 15 timar unna. Eg trur eg aldri har hatt lignande potpuri av følelser. Spenning, redsel, nervøs, lei, motivert, umotivert, stressa, glede, angst, vemod og heilt sikkert mange andre som eg ikkje kjem på for øyeblikket.



I tillegg har eg sprunget ei heil MIL i dag. Eller jogga da. Og gått. Fekk av ein eller annen grunn veldig høg puls fryktelig fort. Snodig. Good night ppl!

21. november 2015

Stress. Stress. Stress.

Hei!

Lenge sidan nå, men bacheloren tek opp meir og meir av tida mi. Nå er det under ei veke igjen, og eg kjenner det er begynt å bli ganske skummelt. Eg føler meg ferdig, men har litt ferre ord enn eg skal ha, og fikk beskjed med veileder om at det er tid for å begynne å "prike" på formuleringer og lignende. Fare med det, er berre det at når ein ser på formuleringer vil det begynne å falle frå endå fleire ord. Så eg er litt stressa på innsida for tida. I tillegg til Bachelor, har eg ei oppgåve til Ambulansen som må gjerast ferdig. Har heldigvis fått utsat fris på denne, men det er ei ganske omfattande oppgåve denne gongen, så eg stressar litt med denne også. Oj, mykje stress her nå!


Dei fleste som har holdt på slik som meg nå, med oppgåveskriving eller lesing til eksamen kjenner seg veld igjen i kva eg skal snakke om nå. Prokastinering. SÅ kjekt å vaske leilighet i steden for å skrive oppgåve! I år har mi prokastinering gått veldig ut over strikkinga mi og julegåveplanlegging. Så eg har strikka mykje og er ferdig med nesten alle julegåvene for i år. Spørs om ikkje dei fleste er klar til 1. desember? Det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko ;)


Er du i mål med årets julegåver?

6. november 2015

For eit sammensurium av tankar!

Hei!

Det vart rett og slett ikkje tid til blogging i går. Dagen byrja rimelig seint, med sein og godt frokost som flinke T laga til. Så vart det tur (spontantur for min del, hadde egentlig ikkje tenkt å vere med) til Sogndal slik at Tore fekk kjøpt seg frikøyringsutstyr. Så gjekk turen heim og vi heiv oss rundt å reiste på trening. Kjenner det veldig godt i brystet og magen at det var ei stund siden sist eg trente skikkelig arm/mage. MEN desto bedre, meinar nå eg. Eg elska å sjå progresjonen.

Markløft med min faste treningspartner!

Dagen i dag har gått med til å skrive oppgåve, siden eg tok meg fri i går. Men har skrevet nesten 500 ord i dag, så kan seie meg greit fornøgd med dagens innsats. I morgon må eg nok på skulen for å finne meir forskning, då eg har endra vinkling litt, og treng andre artiklar. Litt surt, då eg var kjempefornøgd med den eine eg nå må kutte; men hei! Eg har jo lest ein forskningsartikkel som var nyttig, så kunnskapen min er blitt betre.
I tilleg til at eg nå skal skrive bachelor er eg jo med på Forskriftskurset, som gjere at eg i bland har litt fleire fristar og forholde meg til enn eg kunne tenkt meg... MEN om 21 dagar. TRE VEKER er bacheloren levert og eg er forhåpentligvis enten på vei på fest eller allerede godt i gang med å feste. Å levere bachelor er ikkje akkurat småtterier!


Huff, dette vart eit usammenhengande innlegg, men det er en sånn dag der det ikkje lenger er heilt system i haudet etter all fagstoffet som kvernar rundt der nå. Nå skal eg snart rusle på badet å freshe meg opp og fikse meg for kvelden. Skal ta nokre glass med vin, og det spørs om det ikkje blir en liten tur ut også etter kvart!

GOD HELG!

30. oktober 2015

BusyNisse (Bissinisse)

Hei!

Eg og T hadde planlagt å reise heim i helga, så når vi fikk sjå kor mykje frost det var ute, fant vi ut at vi måtte berre køyre i går, så i går parkerte vi bilane i Nordfjord. Denne helga skjer det fryktelig mykje, så eg har jobba ganske heftig siste to vekene for å kunne komme i mål med mest mulig. På mandag leverte eg oppgåva til Forskriftskurset, sjølv om det ikkje var frist før i dag, og prosjektplanen min sendte eg inn for godkjenning på onsdag, sjølv om 2. gangs leveringa ikkje hadde frist før i dag tidlig. Alt for å kunne skrive litt meir på Bachelor, da eg skal ha veiledning på tirsdag, må denne leverast på mandags morgon for at veileder skal kunne forberede seg.

Denne helga her er fullpakka av kjekke familiehendelsar, musikal, ei ekstravakt, haustfest og skifting frå sommardekk til vinterdekk. I dag skal eg og Amanda bake kake og muffins, eg må legge om dekk og sette meg ned med oppgåva slik at denne mest mulig ferdig, slik at eg slepp å tenke på denne i bakhovudet heile tida.
 
Stemningsbilde; Usminka, ubørsta og rotete bakgrunn.
Hurra for travle helger, men kanskje ikkje samtidig som ein held på med Bachelor.. Det får i alle fall tida til å gå fort da!

22. november 2014

Oreokuler

I dag er det endelig laurdag igjen. I går kom Stine innom for å hjelpe meg med å lage til ein "tapasrett" til i kveld. Marie mor skal nemlig feire at ho blir heile 30 år ung i år, og det kan ikkje gå ubemerka forbi. Ho har eit veldig smart opplegg, i staden for gaver ønsker ho at alle tar med ein matrett. Så utrulig lurt! Er så spent på å sjå all den forskjellige maten.
Eg har valgt å lage noko til kakebordet, nemlig oreokuler. Fryktelig enkelt, men litt tidkrevande, så da er det kjekkare å vere to. Det vanskeligaste  er nok det å få dei knust godt nok, men har du blender eller ligande skal det gå leikande lett. Ellers er det å dyppe dei i smelta sjokolade og få dei godt nok dekt litt vanskelig. Men det går, og lat oss vere realistiske, det er ikkje utsendet som teller, det er smaken!

Oreokuler dyppet i sjokolade i konfektform med kakestrøssel på!


Eg brukte oppskrifta til Thea fra "My little Kitchen". Kjempegod!

7. november 2014

Helg - endeleg er du her!

Åh, helg. Den herlege kjensla av å kunne slappe av og ikkje gjer noko! Det er så befriande og deilig.

For tiden skriver vi oppgave på skulen, så vi velger litt sjølv når vi vil møtes. I dag skulle vi ikkje møte før 11.00, så da greip eg og Ina muligheten til å ta en litt sein morgentrening - og GUD så deilig! Jogge en liten etappe for så å ta ei lett styrkeøkt - deilig. Og ikkje for å snakke om dusjen. "Regnskogdusj", sånn som er ei stor plate som vannet faller fra. 


6. november 2014

Oh, the joy of life

Ååh!

Eg hatar å vere student. Det er så dyrt å leve, og ein har skjeldan råd til å frotse. Ein må planlegge innkjøp for å ha råd til å kjøpe litt god kvalitet på varer sin gjerne ønsker at skal fungere skikkelig. Vaskemidler er sann som er kjekt å kjøpe litt skikkelig kvalitet på. Matvarer også. Det å kunne kjøpe skikkelig kjøtt og grønnsaker. 
Til dømes, til middag i dag hadde vi den klassiske "det vi har i kjøleskapet"-suppa. Denne besto av brokkoli, gulrot, blomkål, hodekål og løk kokt i buljong. Fryktelig kjedelig og smaklaust, men valget er jo å gå utan og det er jo uaktuelt. Og det beste med det heile? Jo, der er nok til i morga og sikkert dagen etter det også. Det gledes.