22. november 2014

Oreokuler

I dag er det endelig laurdag igjen. I går kom Stine innom for å hjelpe meg med å lage til ein "tapasrett" til i kveld. Marie mor skal nemlig feire at ho blir heile 30 år ung i år, og det kan ikkje gå ubemerka forbi. Ho har eit veldig smart opplegg, i staden for gaver ønsker ho at alle tar med ein matrett. Så utrulig lurt! Er så spent på å sjå all den forskjellige maten.
Eg har valgt å lage noko til kakebordet, nemlig oreokuler. Fryktelig enkelt, men litt tidkrevande, så da er det kjekkare å vere to. Det vanskeligaste  er nok det å få dei knust godt nok, men har du blender eller ligande skal det gå leikande lett. Ellers er det å dyppe dei i smelta sjokolade og få dei godt nok dekt litt vanskelig. Men det går, og lat oss vere realistiske, det er ikkje utsendet som teller, det er smaken!

Oreokuler dyppet i sjokolade i konfektform med kakestrøssel på!


Eg brukte oppskrifta til Thea fra "My little Kitchen". Kjempegod!

Ingen kommentarer: