Eg og T hadde planlagt å reise heim i helga, så når vi fikk sjå kor mykje frost det var ute, fant vi ut at vi måtte berre køyre i går, så i går parkerte vi bilane i Nordfjord. Denne helga skjer det fryktelig mykje, så eg har jobba ganske heftig siste to vekene for å kunne komme i mål med mest mulig. På mandag leverte eg oppgåva til Forskriftskurset, sjølv om det ikkje var frist før i dag, og prosjektplanen min sendte eg inn for godkjenning på onsdag, sjølv om 2. gangs leveringa ikkje hadde frist før i dag tidlig. Alt for å kunne skrive litt meir på Bachelor, da eg skal ha veiledning på tirsdag, må denne leverast på mandags morgon for at veileder skal kunne forberede seg.
Denne helga her er fullpakka av kjekke familiehendelsar, musikal, ei ekstravakt, haustfest og skifting frå sommardekk til vinterdekk. I dag skal eg og Amanda bake kake og muffins, eg må legge om dekk og sette meg ned med oppgåva slik at denne mest mulig ferdig, slik at eg slepp å tenke på denne i bakhovudet heile tida.
Stemningsbilde; Usminka, ubørsta og rotete bakgrunn. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar