Viser innlegg med etiketten Musikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Musikk. Vis alle innlegg

5. april 2013

P3 Skolesessions

Synes alle som har facebook burde gå inn på P3 Skole Session og stemme på Eid VGS!

Trykk < HER > for å stemme

Skjermdump NRK P3

7. mars 2013

Stort talent

Eg tenkte eg skulle promotere eit stort talent fra "heimbygda", vel ikkje heilt da, ho er fra Vågsøy, men er ikkje så langt unna. Hanna Kvamme heiter ho, og himmel for eit talent ho er!

Desse klippa er fra VGS oppsetninga til Eid VGS.



Big, blond and beautiful

Det er heilt sjukt, spesielt fra 1.45 og ut over. 

Eg venta store ting frå deg, Hanna! Eg har eigentlig berre eit ord, og det er fantastisk!

2. oktober 2012

Tops in blue og Makro

I helga var Susanne, Lars, Janna, Tor og eg på "konsert" (var meir eit show) med Tops In Blue, som er ei gruppe fra United States Air Force. Det var eit syk show med energi på 110% fra første til siste tone. 
Bildedryss!

På lørdag var vi på makro. Denne butikken har ikkje ein slikkepinne, for å seie det sånn, du må nemlig kjøpe heile bøtta, som er på samme størelse som dei du ser i butikkane. Alt var sånn. 500 gram kjøttdeig? Nei, her finn du bare 2,5 KG med kjøttdeig. På bildet nedanfor ser du bagsjerommet etter vi hadde tatt ut noken varer. Sykt.
Eg slo på stor tromma og kjøte ein pakke med kyllingfilet (15 stk) to pakker kjøttdeig (5 kg) og litt anna forskjellig. Stor pakke med Sjokolademouse pulver! NAM. Gleda meg til å teste ut. Susanne kjøpte tomat og cola i bøtter og spann.
Medan vi var på Makro bestemte vi oss for å lage pizza, så da må du jo ha pzzaost, og den posen var IKKJE liten den heller, så det blir mykje ost i maten fram over.

15. mai 2012

Use the force!

I går kveld var eg og Anette i Köln. Siden Eye Emma Jedi har ein tour rundt i Tyskland, måtte eg jo berre ta turen for å sjå!
Til å begynne med sleit vi veldig med å finne fram. GPS'n klaga sin nød over at vi alltid kjørte feil og eg kjørte gjennom samme krysset minst 5 ganger. Så fann vi ut at det må ligge der, og reiste for å finne en plass å parkere. Når det var gjort var det å gå tilbake for å leite etter stedet. Etter å ha nesten gått forbi det, ser eg plakaten.
Det var eit koselig sted, med mange kule folk. Vi kjøpte noke lite å drikke, kosa oss på konsert og nytte livet, på en mandag.

Eg trur nesten Anette vart overbevist om kor gode dei eigentlig er. Sidan eg speler lights kvar morgon, klarte ho å vere med å synge på den. Awesome!

25. november 2011

Om det å miste nokon - uventa

Har du nokon gong mista nokon, heilt uventa? Sjølv har eg mista ein god venn, som valgte sjølv at han ikkje ville meir. Det har skjedd mykje rundt meg, der folk har gått bort, uten at nokon skjønna kva som skjedde eller kvifor det skjedde slik. Så mange ganger, har eg vore bort i at nokon eg kjenner har mista ein dei var glad i.
Det er stygt å seie det, men alle dei gongane det ikkje har vore eg som kjende dei, har eg vore utrulig takknemlig for at det ikkje er meg som er i den posisjonen. Eg føler sjølvsagt med dei, og synes det er fælt, men eg er så utrulig glad for at det ikkje er ein av mine fine som har gått bort.
I slike stunder er det viktig å stå sammen - vere hos kvarandre. Ikkje nødvendigvis fysisk, men også psykisk. Fortell personen at du tenke er på han/ho. Det hjelper litt, og er en fattig trøst - men bedre enn ingenting.

Om du har mista ein du var glad i, som valgte sjølv, er dette ein av dei finaste sangane eg veit om.

Rascal Flatts - Why

I desse tunge stundene er det viktig å hugse på ein ting, du betyr noko, ting betyr noko, alle betyr noko!
Josh Groban - You are loved

Liten metafor i desse lysa her. Dersom du ser etter, står det eit lys aleine heilt framme, klart og tydelig. Srer du etter, er det nokon lyst i bakgrunnen der også. Desse er vennane dine, slik du kanskje føler det i ein sin situasjon. Sanninga er at dei eigentlig står så nær deg, at lyset i teorien burde brenne fortare. Slik som sorg oftast er god å ha litt aleine, men best å prossesere saman med andre.

Du er aldri aleine, husk det!

14. november 2011

Musikk for ei kvar sinnsstemning

Har du ein artist som du kan høyre på uansett sinnsstemning, uansett kva fase du går igjennom i livet, sånn egentlig når som helst, uansett kva som skjer? Det er som om teksten på ein måte beskriver akkurat korleis du kjenner det inni deg akkurat der. 
Det er nesten som ein skulle tru at låtskriveren tok inspirasjon ut i fra ditt liv..?
Det har eg. Ho er eit stort idol for meg, og eg beundrar ho virkelig. Taylor Swift er eit heilt utrulig menneske. 
Få er så naturlig pene som Taylor
Ho har oppnådd utrulig mykje den korte tida ho har vore i bransjen, lenger ned på sida er der nokon små fakta om Taylor. Det er to kvinnelige songarar eg gjerne skulle ha møtt og lært noko av, Taylor Swift og Sissel Kyrkjebø. Begge er to store idol for meg. Eg ser også mykje opp til Josh Groban, men det er ei anna histore.
Ho har deltatt på talkshowet "Ellen", og der kan du sjå for ein herlig person Taylor er. Mot andre stjerner, medmennesker og dei som er super-fan av ho. Det er skikkelig hjertevarmande å sjå på Taylor møte nokon av dei som er veldig stor fan av ho. Ho er veldig ydmyk og det virker som om ho virkelig elska det ho gjere.
Ein annan ting eg er veldig glad for er at ho ikkje har vore innblanda i dei "standard" Hollywood-skandalene som veldig mange artister har. Ho er eit godt forbilde, har fin og naturlig sminke, det er liksom aldri for mykje, og nydelig hår. Ho er alltid stilfull når ho er på den røde løperen, og er aldri vågal eller utfordande som mange artistar er. Dette er nokon av mange kvalitetar eg synes er fantastisk med Taylor. Dersom ho kjem til Noreg nokon gong, skal eg ikkje vere sein med å bestille billettar! Det er eg sikker på at blir ein konsert ein seint kjem til å gløyme!


Facts:

Eg berre ELSKAR håret hennar!
  • Født: Pennsylvania Desember 1989
  • Som 11-åring gjekk ho innom plateselskap med en demo og håpet på platekontrakt, fekk kontrakt som 15-åring
  • Debut : 2006
  • Priser: 62 (!), AMA, CMT, MTV, Grammy 
  • Nåverande lokasjon: Nashville 

Kjende songar (tilfeldig rekkefølge):
Mine favorittar (tilfeldig rekkefølge):
Må sjølvsagt ha med underskrifta til flinke jenta!

13. november 2011

Must . resist . bying . Christmas . stuff!

Åh, herlig helg. Har meir eller mindre berre slakka... Uten om det, så har min lille søster vore så herlig at ho ville spele meg ein liten "trudelutt" på klokkespillet sitt (korps). Eg datt litt i bakken, det var altså så fint! Julemusikk på klokkespill er berre heilt nydelig!

Altså, jenta er 11 år, og har spilt klokkespill i under 6 måneder. Give her some cred!


Apropos jul, eg har en tilståelse å komme med. Eg har drukke julebrus, spist julemanna, pepperkake og pinnekjøtt. *Shame on me*.
For meg er det eit stort problem at dei absolutt skal  komme med jule-ting i oktober. Eg har ikkje viljestyrke nok til å holde meg til desember, som er så heldig å vere den store julemåneden.
INGENTING seier jul som Coca Cola lastebilen.. !

9. november 2011

Ooh ooh ooh oohooooo! Brother, brother!

Sangen BROTHER av EYE EMMA JEDI (hihi, ordspill!)




Produced and written by EYE EMMA JEDI
Mixed by Chris Zane ( http://chris-zane.com/ )
Mastered by George Marino ( http://albumcredits.com/Profile/Sterling/101870 )
Engineer: Jonathan Gilmore
Assistant Engineer: Cameron Gower Poole
Artwork by Vegar Heimsæter and Alexander Pavelich
Recorded at The Motor Museums (Liverpool) and Gymmen Studio (Nordfjordeid)
Strings by Oddhild Nyberg, Agnes Pavelich, Kari Pavelich & Miriam Bergset
Trombones by Unn Elin Carlsen & Andreas Rotevatn
Backing Vocals by Fredrik Bjørlo, Vegar Heimsæter, Karl-Erik Aarsheim, Fredrik Rye Hansen, Sondre Leivdal, Hege Anita Vereide, Johanne Ilje & Nina Erviksæter

Digitally released on iTunes, Spotify and everywhere else on Monday 21st November, 2011.


Masse "kjedelig" greier, men sjekk siste navnet der. HOHO!

13. september 2011

Tryllefløyten

I år set Opera Nordfjord opp operetta "Tryllefløyten" av den kjende og kjære komponisten Mozart. Den handlar som alle andre operaer om "forbudt" kjærlighet, lengsel, glede, sorg og alle mulige andre drama-gjengangere. I og med at eg skriv om dette, er eg sjølvsagt med. I operakoret, som har latterlig lita rolle i stykket, men likevel viktig. Dessutan er det sosialt, og mest sannsynlig det siste eg får vere med på av musikk-arrangement eg får vere med på, på Eid. Så den sjansen måtte eg på ein måte berre gripe.

Biletet er fra "Norge-Brasil -Ein opera" skriven av Are Kalvø, komponert  av Helge Førde. Bilete er henta frå Opera Nordfjord si heimeside

Har du nokon gong sett ein opera/operette?

20. juni 2011

Elskhug og Eksis

Elskhug og Eksis. Eit skodespel om historia til Nordfjordeid på slutten av unionstida med Sverige. Les meir på sida deira, elskhug.no.
Det inneholder mykje artige poeng, noko lokale, interne, og nokon som alle skjønar. Eg personleg synast det er eit artig spel. Det er sjølvsagt ikkje eit stand-up show ala Raske menn, og heller ikkje ein musikal ala Burlesque eller Chicago, men det har sin sjarm, og det at det er så mange amatørar med, gjer det liksom berre enno meir sjarmerande. 
Dette er altså det som opptar tida mi den neste veka, og har tatt tida mi siste veka. Så dersom du er på Eid 24., 25., eller 36. Juni, er det berre å ta turen. Billettar kjøpas på operahuset.no eller ved amfiet (i Malakoff) ein time før spelet startar og utover.
Her er nokon biletet fra tidligare år:
"Snørrungane" har gjort ein rampestrek
Foto: Fjordabladet
Litt song må til!
Foto: Fjordabladet
"Jekteholekjeringane" må vaske litt kropp og
Foto: Fjordabladet
Enda ein rampestrek - som sjølvsagt blir straffa
Foto: Fjordabladet
Søtaste ungane som er kjempeflinke både til å synge, spele og danse
Foto: Fjordabladet
Løytnant Myklebust i sin flotte uniform og alvorlige uttrykk
Foto: Fjordabladet
"Lakselorden" som kjem innom for å få eit "photograf of his fish"
Foto: Fjordabladet
Nokon tedde seg på uanstendig vis (det er forresten meg som blir dradd vekk!)
Foto: Fjordabladet
Fotograf "Andreas Røvde"
Foto: Fjordabladet

17. januar 2010

RENT

Både i går og i dag har det vore nokon utrulig artige dagar. No er vi nemleg begynt på øvingane til RENT. Den er veldig dramatisk og trist, men samtidig den mest morosame og interessante musikalen eg har vore bort i trur eg. Når eg såg filmen, gråt eg. Det er nokon av songane som treff meg noko veldig, slik at deg kan begynne å gråte om eg tenker "feil" tanker. Der er så mange flinke skodespelarar, dansarar og songarar med, at eg trur det her kan bli en brak suksess! Eg gledar meg veldig vertfall, trur eg.

7. januar 2010

Spotify


Spotify er en veldig praktisk og fin måte å utforske musikk og finne gamle songar på. Er sikker på at dei fleste har det nå for tida.(?) men om det er nokon der ute som vil ha ein spotify invitasjon, er det bare å sei i frå. Eg har ein invitasjon og dele ut, så førstemann til mølla. Om du ikkje veit kva det er kan du finne det ut HER

For dykk andre er det mange som har irritert seg blå og grøn over dei reklamene som kjem ganske ofte. Robertha, Jonathan og alle dei andre som jobbar med spotify. Da er Premium tingen. Etter eg kjøpte meg premium har eg ikkje angra nokon ting i heile tatt! Eg anbefaler premium på det sterkaste, sjølv om det er litt dyrt. Det er også mulig å få tak i det gratis, på denne siden HER