4. april 2016

Eit innfall som førte til eit innlegg

Hei!

Nå fekk eg plutselig lyst til å skrive noko lite her inne på bloggen igjen. Det er sporadiske postar, men eg ser på statisitkkane at nokon er iallefall innom av og til. Kven det er og kva dei vil, det er det verre med. Uansett seg eg pris på deg som kikkar innom, uansett om du er ein Bot eller et faktisk menneske.

Siste tida har gått i mykje jobbing, sosiale hendelser og avslapping. Eg har fått meg 50% vikariat i akuttmottaket på Førde Sentralsjukehus. I tillegg har eg klart å fullføre Helse Førde sitt vikarkurs - som gjere at eg kan ta ekstravakter i ambulansen som ambulanseassisten. Nokre av kursdeltakarane har tenkt å ta 160 koden, som er utrykkningslappen, men eg tenker eg venter med det til eg har fått litt tid bak i bilen og køyrt den litt på rolige turer. Ambulansen er mykje høgare, breidare og lenger enn nokon annan bil eg har køyrt, så det tar litt tid å bli vandt til å manøvrere den.


Ingen kommentarer: