19. mars 2012
Alpane baby!
Eg har også fått prøvd meg på go kart og å køyre på Auto-Bahn. Go kart var utrulig morsomt! Det var enkelt men likevel vanskelig. Det var jo "berre" å kjøre bilen, men det gjekk fort, det var biler bak deg og foran,i tillegg til mange og knappe svingar. Eg lovar deg, etter 30 min, eg var seriøst sjøsjuk. Turen heimover på motorveien gjekk mykje lettare enn den til. Til go kart, følte eg det gjekk skikkelig fort i 110 km/t, og eg følte at bilen rista som berre det. Etter go kart gjekk det å kjøre i 130 km/t som en leik. Skummelt i grunn, men var godt å ikkje måtte stresse med alt der var å stresse med, og kunne ta det litt meir med ro.
I helga var vi i Alpane og sto på ski. Det var så digg, fordi det var samme hvilken løype du tok, det var alltid ein eller annan heis i bunnen av bakken som kunne frakte deg opp igjen. Det var utallige bakker og utsikten var som å leve i eit postkort. Fantastisk vær, passe mengde med folk, supert føre og herlige ski! Lørdag var det afterski og god stemning, søndag var det tåke, snøvær og litt kaldere, så den dagen i bakken vart ikkje like lang, heldigvis, siden vi skulle kjøre heim igjen også.
Forsvaret har lært meg mykje på nesten tre måneder.
Det har lært meg:
Sette pris på enkel kvardagsluksus, det er viktig.
Vite kor god mestringsfølelsen er, følelsen av eit smilande befal er ubeskrivelig.
Finne ut kor stor kreds som spiller i korps egentlig fortjener for å marsjere på 17. mai, det er faktisk veldig vanskelig, så applaus!
All mat smaker godt så lenge du er sliten og sulten nok, seie berre felt.
Lagarbeid/sjølvstendig arbeid, samarbeid er nøkkelen til alt.
Eg er ein god kokk. Middagane mine her nede, er nam!
Eg har nå overtatt jobben fullstendig. Nå har eg ansvar for jobbtelefonen og nøkler. Det var digg og bli enda litt meir sjølvstendig, nå mangla eg berre at Tarjei stikke så.. Neei, eg tulla!
Som dokke sikkert skjønnar, storkoser eg meg her nede. Beklager litt at eg ikkje skriver kva jobben min går ut på, men det er i bunn og grunn fordi at eg veit ikkje kor mykje eg kan sei, og da er et bedre å berre ikkje seie noko! Men kan seie at min jobb er å gjere det Admnistration Officer ikkje rekker/har tid til, derav ordet assistent.
To be continued...
11. mars 2012
No parlo Italiano (?)
4. mars 2012
Nå skjer det!
Her har du eit bilete av meg i uniformen min! Fy filler'n den er fin da?!
3. mars 2012
Kontramelding!
Når eg satte meg på flyet heim på fredagskveld, gjekk det opp for meg at, eg skal faktisk heim! Til mamma, pappa, Amanda og alle andre eg er glad i. Det var like før eg begynte å gråte.
Rekrutten er ferdig og det var en sykt bra opplevelse. Folka gjorde det bra. Fekk god kontakt med 5. Komp, mange på 5.2 og alle på 5.1. Det er snålt å tenke på at vi ikkje kommer til å vere sammen neste veke.
Noken som hugsa at eg lova å ikkje legge over? Vel... Eg har adoptert noken nye ord. Løpe, vann, lue, uke. Alt var i rein frustrasjon over å ikkje bli forstått.
27. februar 2012
Rekrutten er snart over..
I forrige veke var vi på IMO 60 kurs, eit kurs alle må igjennom for å kunne arbeide på båt. Dette var kjekt og spennande.
Siden dei seier bilde seie meir enn 1000 ord, eller noko sånn, gir eg meg her og lar bileta bekrive.
To be continued
18. februar 2012
Feltveke, krig og kongeskipet
Vi reiste ut til Evje på mandag, og satt på buss i ca. 4 timer. Endelig framme, så var det å drasse alt av utstyr opp på teigen vår. Det var mykje kortare enn eg hadde trudd det skulle vere, siden eg hadde sett for meg at vi skulle gå og bere på sekken i fleire Roma. Det skjedde heldigvis ikkje. Vi kom fram, fekk utlevert teltplass og kom igang med oppsetting av telt, plassering av BC og latrine, og fyrt opp i multifuelen. Så var det litt leksjon i lyd og lysdisiplin. Det var egentlig overraskande å sjå kor mykje lyd og lys kunne avsløre deg og kor godt det egentlig hørtes.
Tirsdag var det mykje leksjon. I tillegg fekk vi vite neste tjenestested. Og Menig Erviksæter skal tjenestegjøre på Kongeskipet Norge! Linn fekk sitt ønske om fregatt og er overlykkelig siden ho får ha våpen i tjenesten. onsdag begynte alvoret. Da var det litt leksjon, før feltgudstjenesta var kl . 18.00 og det var krig. Etter feltgudstjenesta fekk alle ein kopp saft og ei 200 grams sjokoladeplate. Det var virkelig ei fantastisk overrasking. Alle var overlykkelig på grunn av den sjokoladeplata. Heile onsdagsnatt og torsdag gjekk med på å observere Fi(fienden) og sitte på vaktpost. Torsdagskvelden vart det action. Vi gjekk fra grøn beredskap, (1 fyringsvakt, 1 mann på vaktpost) til gul beredskap (1 fyringsvakt 1 på vaktpost og 2 KTS( klar til strid) i telt, ganske ofte. Så blei det rød beredskap. Det vil seie 50% på stilling ( vaktpost) og 50% KTS i telt. Medan det pågikk, var lag Alfa ( mitt lag) på VKP (veikontrollpost) og det var da Fi angreip. Det var rød fis over alt, heliosane fløy over alt og det var totalt kaos. Det er det gøyaste eg har vore med på, på lenge. Det var nesten akkurat som da vi var små og leika "piom piom" i skogen. Etter set, fekk dei som ville vere med å angripe Fi med eit ildhåndgrep. Tøffaste jentene på troppen, meg og Linn var jo sjølvsagt med på dette. Det var artig å snike seg fram, prøve å ikkje lage en lyd samtidig som vi måtte bevege oss fort fram. Plutselig høre eg "piiiiiiiiiiiiip" og ser eit rødt lys som fyker opp. Vi hadde gått på en snublebluss. Alle 24 ned på bakken og nå fauk kulene. Det sa pang over alt, befalet skaut med flerskudd og vi stakkars rekruttene på enkeltskudd med ladegrep mellom kvart einaste skudd.
Etter dette, var det tre timer søvn, nedpakking av leir og buss tilbake og så var det oppskver. Pussing av multifuel, primus, vask av liggeunderlag og alt anna som vart brukt.
Det var ei kjekk, slitsom, skitten og våt veke, men alt i alt, en fantastisk tur, der du var godt kjent med alle sammen.
12. februar 2012
Eg trur eg dør. Men det er gøy!
Vi har forberett oss en del på øvelsen vi skal ha neste veke. Mykje telt-bretting, multi-fuel pussing og pakking av sekk.
Vi har også vore på skytebana. Eg hadde aldri trudd skyting skulle vere gøy, men det var det faktisk! Eg fekk ikkje til liggande, men kneståande og ståande gjekk faltisk veldig bra. Noke som var kjekt siden nesten alle andre fekk liggande mykje bedre til.
Alle på troppen fekk også oppleve at vi har en ulykkesfugl på troppen. Ho heiter jo da Rekrutt Selstad. Ho tok av seg vernebrillene, og akkurat da flaug det ei varm patron forbi, som landa på siden av auget hennar. Så ho fekk brannsår på siden av auget og krutt inn på auget. Så ho gjekk rundt med ein svær bandasje på haudet og såg ut som om ho hadde kløyvd haudet i to og prøvd å lappa det sammen, om du setter det litt på spissen..
Vi har også hatt retest av styrke og 3000 meter. Eg sprang ikkje, siden eg har fått strekk.
Men eg gjorde det bedre på alle styrketestane. 10 hangups, 10 pushups pg 21 situps ! Meget fornøgd.
To be continued...
3. februar 2012
Blod, svette og tårer.
Troppen har blitt ein enda meir sammensveiset gjeng, og det er berre heilt fantastisk kor godt så forskjellige folk, kan gå så lett sammen.
Vi har fått dreisen på morgenvask, og permvask begynner og å sitte som en rutine. Bikkestrekken har ikkje vore kritisert heile veka, gulvet kommentert ein gong, og brettekantar berre så vidt. Eg er veldig stolt over rommet mitt. Alle står på, og gjer ein super jobb.
Krigens krav var ikkje så ille som eg hadde trudd. Eg såg jo for meg at det skulle vere, unnskyld utrykket, heilt jævlig, men det var ikkje så grusomt som eg hadde trudd. Sjølvsagt var det tungt, og eg kasta nesten opp når vi var ferdig, men det er liksom blitt "ok" å kaste opp fordi du er så sliten.
CS-gass, derimot. Der er det ingenting anna og seie enn "Aldri igjen". Det var heilt ærlig det verste eg har vore med på. Auga svei, det dryppa tårer, dei renn ikkje liksom. Nesa var blitt omgjort til Niagara fallet, og halsen kjendis ut som om det var gnikka full av jalapeno (iPad'n hakke sånn "nj" tegn) og hostemuskelen fekk seg ei real treningsøkt. Det var vanskelig å puste og det var utrulig ubehagelig. Huda kjentes ut som den var skikkelig solbrendt og noken sto med hårføner og varma opp huda. Dét svei, skal eg fortelle deg! Dagen etterpå, var bihulene mine så reine som dei aldri har vore og huda svei egentlig enda, men fuktighetskrem og en skikkelig vask gjorde susen.
Hardhauser er på ein måte krigens krav, berre styrke-delen, på ein måte. Det var tungt, men ikkje så veldig utmattende, meir slitsomt der og da.
Festdag, var en lang dag. Over 12 timer ute i en del minusgrader, mykje "i ro sitting" og lite og lære, på en måte. Var berre fire poster så. Det kjekkeste var kamuflasje og forflytning. Telt var også gøy, men primus, det var ein leksjon som var unødvendig lang og kjedelig.
Vi har også begynt å trene til skyttermerket. Neste veke skal vi på skytebanen onsdag og torsdag, og fredag er det HH-løpet. 8-9 kilometer lang løype, der vi skal springe samlet tropp og ha "god stemning" som befalte vårt seie titt og ofte.
| Gjørmeløypa, på en fin sommerdag. Den har høyrt mange stygge ord.. |
To be continued...
27. januar 2012
Litt bilder ...
| Trommeøving |
| Ikkje alle er gode i Othello, eller kva, Strøm? Haha! |
| Våpenreglar, som heng på do (til pugging) |
| Distinksjonar, som heng på do (Til pugging) |
| Distinksjoner, som heng på do (til pugging) |
| Barbering av Berret, ikkje så veldig kjekt, men med sukker til går det bra |
| Ikkje alle er gode i gramatikk, nei.. |
23. januar 2012
Slitsomt, men kjekt!
Eg har også grått etter trning fordi eg rett og slett var så sliten.
Nå i helga var det førte permhelg. Det var merkelig å sjå at verden uten for gjerdet gjekk sin vandte gang. Fredag var det middag hos onkelen (Øyind ) og Cesilie. En kveld som gjekk med på middag, sjå TV og berre slappe av, og nyte livet uten for "muren".
Lørdag, sov eg lenge! Heilt til 10, noko som var heilt fantastisk. Så dreiv vi litt dank i Stavanger sentrum, og berre slappa av, for så å reise tilbake, spise taco(!) til middag og ut på by'n en "liten" tur. I mellomtida var eg en tur til søskenbarnet Eva, med god lasagne middag.
Søndagen gjekk med til klesvask, stryking og skap-rydding.
Idag var det styrketest og kondisjonstest. Det går ut på å springe 3000 meteren, sit-ups, push-ups og kroppsheving. Denne "vesle" jenta her, klarte 3000 meteren på 18 minutt (Forkjøla, så det var litt surt...), 18 sit-us (Hadde gangsperre, så ikkje maksimalt), 7 push-up (som er en bedring på den eine eg klarte veka før) g 6 hang-ups, om og er en bering, på den ene eg klarte for ei veke sida!
Livet i Madlaleiren er flott, med en fin tropp og flotte befaler.
To be continued....
14. januar 2012
Stress, kaos og rot
Dei første dagane i rekrutten, er travle dager. Stress nivået er på topp heile tida. Hvertfall hos rekruttane. Nå har eg vore her i tre dager, og det føles eigentlig ut som over ei veke. På denne tida har vi rukket å få tilsnakk for å vere treige, dårlig bretting, dårlig vask av gulv, dårlig bikke-strekk (senga), ikkje ha uniform riktig. Og det er etter tre dager, der befalet har gitt oss "slakk". Korleis skal dette gå?
Vi har også fått alt av utstyr, og det er ikkje reint lite. Har ein vanvittig gangsperre i skuldrane etter å ha bært feltsekken og to stappfulle sjøbagger. Vi har klippa guttane, bretta klede til vi er grønne i tryne, for så å brette dei på nytt. Vi har shavet "bereten" (den blå hua som heng litt på snei.)
Eg har tatt meg sjølv i å tenke "kva er det eg gjer her?!" Eg har egentlig ikkje heilt forstått at eg er her enno, sjølv om det sikkert synker fort inn etter en tilsnakk eller to.
Har forresten havna i 5. kompani, tropp 1 (musikktroppen), lag 6, køye 06. Så mitt nummer er "516,06". Eg bur på 10 mannsrom sammen med 9 kjekke jenter. Vi var ti, men ein blei dessverre dimmitert etter legebesøk.
Dagen min på Madla rekruttskule (KNM Harald Haarfagre begynner 05.00. som er uhorveleg tidleg, spør du meg. Men nå er det leggetid for ein sliten soldat.
Over og ut, for denne gong.
11. januar 2012
Pakket og klar!
| Oppstilling på Madla. Luft og sjøforsvaret. |
10. januar 2012
Nå er det like før!
![]() |
| Før det kom opp i den lille bagen min. Den er stappfull. Eg lova. |
2. januar 2012
Nordfjord Sjukehus, ein tapt kamp?
Sangen seier eigentleg sitt..
25. desember 2011
Stolthet og fordom?
Der er mange døme på når verden dømmer før dei får tenkt seg om.
Ordtak som "du skal ikkje skue hunden på håra" og "don't judge a book by it's cover" er ord som er veldig sanne.
Dette er ei gruppe mennesker som ofte må gå igjennom denne følelsen av å bli dømt uten grunn.
OBS! Det kjem meir. Er berre veldig seint og eg er trøtt...
6. desember 2011
Det er ikkje alltid lett å vere god!
3. desember 2011 from Kristina Kvåle on Vimeo.
Om nokon lurer, er det eg som har krølla hår, kjole med grønt liv og blått skjørt!
5. desember 2011
Kvifor er det så viktig?
Min aller beste vennine har lært seg det, at skal du kunne komme deg akkurat dit du vil i livet, uten dårlig samvittighet og mykje styr, må du rett og slett ikkje bry deg om kva andre meiner.
Altså, nå meiner eg ikkje at du skal vere ein som blokker ut alt andre seier og berre bane deg vei akkurat som det passer deg, man skal alltid vere høflig og ha omtanke for medmennesker, men det er viktig å ikkje ta seg nær av alt det negative vi mennesker klarer å lire ut av seg.
Det som er skummelt, er at dersom du ikkje klarer å "lire" av deg alt det negative som man få høre, går det fort ut over kvardagen din. Sjølvsagt er det lov å føle seg fæl i nokon dagar, for så å komme seg opp på hesten igjen, men dersom du berre får høre negative kommentarer, og aldri får tid til å klatre opp igjen, så blir veien opp, lenger og lenger.
4. desember 2011
Eg har ikkje ord!
Kva for ein verden er det vi lever i, der det går så langt? Tenk over kva du seier, og kven du seier det til. Kjenner du ein som du veit blir erta veldig mykje, så koster det deg ikkje mykje å seie nokre hyggelige ord, der personen kan sjå at du meiner det. Av og til er det viktig å blåse litt (eigentlig er det noko ein burde gjere heile tida, men det er vanskelig!) i kva andre meiner, og gjer det som er riktig. Det kan faktisk redde livet til ein person, ikkje berre fysisk, men også psykisk. Det er ein lang veg opp, dersom du har nådd bunnen, men den er lettare å klatre om du har nokon som er med å drage og skubbe deg opp den verste kneika!
2. desember 2011
PLAN-fadder
1. desember 2011
Desember ♥
I dag har eg vore inne med Hege Anita og baka julemanna. Vi baka dei akkurat slik som vi liker dei, store, veldig store, og steiker dei sånn at dei er mjuke meir eller mindre heile vegen. NAM!
Det er viktig å sette pris på dei små øyeblikkene. Eg setter veldig pris på små gleder her i livet. Heller mange små, en få store. Mange små holder deg gåande, etter store gleder, er det langt å falle. Ta vare på alle vennene dine. Oppturen treng ikkje vere stor, dyr eller ta mykje tid. Berre det å vise at du bryr deg, er en form for opptur. Tenk på det..! ♥
