27. februar 2013

Go' stolen og kakao

Hei,

Da har eg dumpa ned i go' stolen min (Stolen nærmast ovnen, treng varme for å tine dei istappane som sitt fast på foten min...) med ein kopp kakao. Det er noko av det beste med heile dagen - utenom middag. Middag er dages høgdepunkt!
Nå skal eg strikke og sjå serie. Det gledes. Eg var nemlig på sparkjøp idag og kjøpte meg tråd, slik at eg skal få begynt på den Hello Kitty hua eg snakka om igår. Har aldri strikka med dobbel tråd før, så det blir kjekt å prøve, ikkje at eg trur det er grusom vanskelig..

Ellers har vi fått lampen vi bestilte! Du ser den over haudet mitt (det skreiv eg med Julekveldsvisa melodien surrande i bakgrunnen!). Veldig fornøgd. Lyser bra, og er fint å få litt arbeidslys på strikket på kveldstid.


26. februar 2013

16 dager til eksamen!

Hei,

Sidan eg blei ferdig med prøveprosjektet mitt, mariuspannebånd, og hadde litt feil tråd osv, så går eg over på noko anna. Nå har eg to prosjekt. Eg skal strikke ein hals i Tynn Alpakka, frå Du Store Alpakka, og ei hue til eit lite søskenbarn som er forelska i Kitty. Satsar berre på at eg blir ferdig i tide. Oppskrifta på denne herlige hua, finn du her. Det er ei utrulig søt hue, så satsar på at det blir ei veldig glad jente som opner gave i April!

Ellers er det snart eksamen, og eg kjenner eg begynner å tenke litt på det. 16 dager igjen, og vi er ikkje ferdig med pensum ein gong. Grøsser litt med tanke på det. Skal prøve å jobbe mest mulig med oppgaver denne veka, slik at eg kan bruke neste veke på å pugge å lese meg opp. Anatomi er vanskelig, synes eg. Ikkje nødvendigvis vanskelig å forstå det meste (noko er sjølvsagt vanskelig, eg har ikkje superhjerne...), men det er så sinnsjukt utrulig mykje ein skal hugse på! 

Ellers sakna eg den flotte blå uniformen min!



25. februar 2013

Marit på besøk!

Hei,

I natt hadde eg mareritt, eller marit som mamma kaller det. GUD det var grusomt. Bråvåkna like før vekkerklokka til Tore ringte, så eg krølla meg inn til han. Det hjalp. Så eg låg i armane hans å gråt litt - så redd var eg.
Haha, litt latterlig igrunn. Eg drøymte at eg var skikkelig drita, og skulle køyre (noko eg aldri ville ha gjort i virklegheita. Fyllekøyring er FY). Så kræsja eg med ein annan bil, men min bil var i grei stand til å køyre, så eg kunne køyre heim. Støtfangeren (trur det var det. Greia framme som kan falle av?) falt av, og blei liggande igjen. Så eg køyrte heim og vekte mamma. Mamma ba meg gå å legge meg, og late som ingenting, sidan vi var i USA og køyring i fylla, uten lappen med kræsj ville mest sannsynlig vere nok til livstid i fengsel. FY det var grusomt.
Ellers idag har eg sett meg opp på Glee, endelig er eg kommet "up-to-speed" på to av mine favorittseriar. Falt heilt bak etter Sør-Afrika. Har sett ferdig Gossip Girl, og så langt dei har sendt i Glee og Pretty Little Liars. Så mangler berre Switched at Birth, Big Bang Theory og the Lying Game! Gleda meg.
Det er eit supert avbrekk fra studiene og sjå ei episode med serie. Drøyme seg bort til ein framad verda, der det skjer uvirkelige, skumle, flotte, triste og romantiske ting heile tida.

XOXO - You know you love me!


21. februar 2013

Pannekaketorsdag

God morgen,

Nå sitter eg og Amanda og nyter ei rolig morgenstund. Ho sitter på Netflix og eg surfa på nettet.
Idag skal vi lage pannekaker og oreokuler. Pannekakene er sjølvsagt til middag, sidan Tore har ønska det til middag i over ei veke. Det er egentlig veldig greit. - Å få middagsønsker altså.
Det er så kjedelig å gjennomsøke butikkane etter middgstips. Det å klare å variere middag er virkelig vanskeligare enn eg trudde. Hittil har eg klart meg med glans!

Trollet har poppa opp av eska!

20. februar 2013

Ny utforming!

Åh, det var deilig. Har hatt samme utforminga i nesten eit halvt år! Kva synes du om designet?

Orangutang

Hei,

Nå sitter eg og ser på ostesmørbrøda mine som ligg i ovnen for å bli varme og sprø.
Idag skal eg jobbe med Anatomi til eg krepera, fram til eg må hoppe i dusjen og køyre til sentrum for å plukke opp Amanda, som kjem for å besøke oss. Kos!

Ein av fem om dagen!

19. februar 2013

Flinke studenter

Nå sitt vi hos Ina og jobber masse med Anatomi og mikrobiologi!

Flinke Ina og Stine

Eg rula kula!

(Awesome innleggstittel, sant?!)
Hei,

Eg må ærlig innrømme at det er litt kjedelig å ha mykje fri. Sjølvsagt, eg treng tida til å jobbe med oppgavene, men det er begrensa kor lenge ein klare å jobbe i løp av ein dag før haudet streika. Har fleire ganger gitt opp fordi eg kjenne haudeverken snike seg innpå meg. UKULT. Anyway! I går tok eg med meg Tore ut for å ete. Eg fant ut at det gjorde seg å komme seg ut fra leiligheta å puste litt anna luft. Vi gjekk på Bambus å åt middag, så gjekk vi å tusla litt rundt på senteret.
Ein av Tore sine venner var i Førde med jobben, så vi møtte han og hans kollega og spilte nokon runder med Bowling. Det var kjekt, og eg var faktisk mykje betre enn eg trudde! 1. runde var uavgjort mellom meg og Tore 2. runde var eg tre poeng bak, og 3. runde kom eg vel 20-30 poeng bak. Der kan eg skylde på at kulene mine slutta å komme tilbake, så eg enda opp med å kaste kuler som hadde for store hull og var litt i tyngste laget. Men ingen dårlig taper altså!

Idag skal eg, Ajantha og Stine til Ina å jobbe med oppgaver og lage god mat. Tore stakkar jobber litt overtid og skal lage middag sjølv! Store gutten min <3 nbsp="" p="">
På tide å børste håret?!


Ha ein strålande dag da!

17. februar 2013

Fin helg !

Hei,

Nå sitter eg i leiligheta å kosa meg glugg ihjel og nyte siste minutta av "heime-aleine"-helga mi. Det har vore deilig å slappe av, og ete akkurat det eg vil til middag! Tore har vore heime i Nordfjord å møtt gutta. Skikkelig hendelsesrik helg med kino, ski og bowling!
Helga mi har vore veldig fin. På fredag hadde eg besøk av to fra klassa, Ina og Ajantha. Vi såg film og spiste taco og litt godis. Kjempekjekt å gjere noke litt avslappande, ikkje berre studier og fyll (heh). Laurdag var eg ned i sentrum for å rekke polet og vaske bil. Bilen min er endelig blitt raud igjen! Ikkje brun som den såg ut med all skitten på! Så gjekk eg Ina og Stine på Bambus, kinarestauranten her i Førde. Eg kjøte Kylling Chop Suey, so forøvrig var godt, men litt for søtt. Neste gang eg skal dit vil eg prøve stekte nudler, som også virka utrulig digg!
Vi pynta oss hos Ina og vorsa der, før vi tusla bort på hotellet for å få med oss konsterten som var. Plumbo spelte. Vi digga musikk og kosa oss mykje. Så forsvant Ina, så eg og Stine gjekk på leiting. Etter litt leiting var det på tide med nattmat, så vi gjekk på Best og fekk i oss litt pølse og drikke.
Etter ei stund ringte Ina, og da var det egentlig berre å ta kvelden.

Nå er det vinterferie, eller "studieveke" som lærerane påstår at det er. Så wooooop, ei heil veke med sove lenge, studere og kos med besøk og mykje kjekt!
Dagens grimase!

12. februar 2013

Laaaang helg.

Hei,

Nå har eg sittet i sofaen her i leiligheta å studert, sett tv, fyrt i ovnen, spelt spel og slappe av. Det verste er at eg har fri i morga og. Så har eg fri heile neste veke også. Og plutselig er det eksamen!
Det er skummelt å tenke på at vi har gått igjennom litt over halve pensum, og det er under ein måned til eksamen. Himmel. Vi blir ferdig med pensum berre ei veke før eksamen og det er sjukt. Men det er høgskule!
Sitter i sofaen og kosa med i OnePice!

6. februar 2013

Anatomi!

Da har eg endelig kommet på plass i leiligheta sammen med Tore. Studie går fint og eg har oppdaga at Førde er ikkje så ille som eg kanskje skulle ha hatt det til tidlegare. Vi har kommet godt igang med innkjøpa, og har for tida nok å sysle med når det kjem til studier og leilighet.
Vi har nå snart hatt ein måned med forelesning. Nå har vi om anatomi, fysologi og mikrobiologi. Det er mykje som er logisk og mykje anna som er vanskelig.
Ellers har eg sidan sist klippa lugg!

1. januar 2013

Mamma, eg flytta!

For ein herleg juleferie det har vore. Meir eller mindre all tid har vore brukt på familie.
Til jul fekk eg akkurat det eg ynskja meg, ting til leiligheta. Vi har fått det meste på plass, manglar berre vaskamaskina, men den er bestilt, så den kjem nok etter kvart.

Nå holder eg på å flytte. Eg har gått igjennom alt ho mamma har, og plukka ut det eg ikkje har behov for, som går til UFF.
Så mamma, må gjer eg alvor av "truslane" kom med i tenåra, og flytta ut.
Er blitt stor jente gitt...





22. desember 2012

Ut på tur, ALLTID stress

Hei,

Da har eg vore på reisefot igjen, og så alltid måtte jo noko galt skje. Eg merka det at det har blitt vanlig at alt går galt når eg er ute å reiser.
Denne gangen trur eg er den verste hittil, utan om den gongen eg var nødt til å overnatte i København.
Toget kom fram, og eg hadde god tid og det var ingen problem.
Så kjem eg til gate, og flyet skal ta av 15.05. Da begynner tullet. Vi venta, og ny tid blei 15.30. Vi begynte vel å boarde rundt 15.35, så det sei seg sjølv at vi blei ein time forseinka der.
Så kjem eg til Berlin, flyet mitt vidare skal gå 17.00. Vi lander rundt 17.10
Heldigvis er dette flyet også forseinka, med 40 minutter, så eg rekk det, med god margin.
Her går det heilt crazy banana. Vi landet 19.40 og flyet til Anda går 19.55.
Om du nokon gang har flydd om Gardermoen, veit du at det er ønsketenkning å klare det med den marginen der.
Så eg tar det greit med ro, går ut tollen, og går til SAS skranken. Der må eg kjøpe ny billett, og denne gangen til Førde, 22.15.
Så eg gjekk fra å skulle heim til mamma sin heimelaga pizza, til å plutselig sove første natta i nye leiligheta. - SPENNANDE!

Eg må ærlig innrømme at wiederø av og til er irriterande punktlig, kan dei ikkje vere litt forseinka i blandt, når eg treng det?

-Over og ut!

21. desember 2012

På reisefot under verdens undergang

Hei,

Da er det verdens undergang - og eg skal fly heim. Eg må ærlig innrømme at eg synes dette "dommedag"-greiene er heilt tullete.
Kofferten er pakket, håndbagasjen klar og eg har sjekka inn på flya. Nå skal eg vere heime heilt til 2. januar, før eg vender nesa ned mot Tyskland igjen ein snar tur. Eg dimmer nemlig 9. januar.
Siste gangen eg står i militære kler blir da 10. januar, når eg skal levere satsen.
Kjenner eg blir litt vemodig når eg tenker på det. Har gått i kongens klær i 12 måneder, så er det plutselig slutt? Har blitt glad i uniformen min eg.

På  mandag var eg med fotograf, som tok bilder av meg i pen-uniform . Der var mange fine, og dette er min personlige profil-favoritt. (Det er ikkje dette bilete dykk får til jul!)


16. desember 2012

Slappe-av-søndag!

Hei,

Da har eg sluppet av Tore på togstasjonen. Nå sitter eg i sofaen med noko godt i glasset (les: vatn) og ser på EM-finalen.
Det nærmer seg så smått jul nå. 3. Søndag i advent, men sidan det er begrensa kor mykje julepynt det er her, gjer vi det så koselig som vi kan, med stearinlys, julenissesjokolade og glansbildet med julekuler!

Eg er nesten ferdig med alle julegavene, og det er ganske deilig å sleppe å stresse med det. Har nokon ting som må fiksast litt i siste liten, men det må berre til...

Nå sei eg det med god samvittighet, God Jul!

14. desember 2012

Styggen!

Hei,

Nå sitter eg på kontoret med kvalme, forvirra sommerfugla i magen. Idag skal eg springe dimmetesten, 3000m, styggen, kall det kva du vil, eg vil ikkje springe den vertfall.
Eg har satt lave mål for meg sjølv. Dette er fordi eg ikkje vil bli skuffa over meg sjølv, eller tabbe meg ut.

Uansett! Etter eg har springe, har eg tatt fri resten av dagen. Det vil sei at seinast halv 11. Har eg tetthet, og plutselig er det berre 10 arbeidsdager igjen i Forsvaret.
Så rart! Å vere ferdig, er relativt trist. Eit heilt år er ferdig!

Ikkje at eg ser tungt på å begynne på studier. Eg gleda meg veldig til ny-året, studier og flytting!
.. Einaste er at eg føler eg har fått dårlig info frå skulen. Ikkje noko om kor eg skal møte, kva bøker eg må kjøpe osv. Det er velkomsten grunnen til at eg ikkje gleda meg så mykje, fordi det er planlagt.

Været her forrige helg. Nydelig!

7. desember 2012

Kva treng ein egentlig på Madla?

Nå veit ikkje eg heilt kven som les bloggen min utan om familie og venner, men dersom du er ein som er innkalla til Fosvarets førstegangsteneste og skal til Madla, så er her ei lita liste over kva du treng/ikkje treng ta med. - Dette er sjølvsagt i tillegg til Forsvarets pakkliste!

  • Forsvaret holder forstatt på bikke(senge-)strekken sin, og det er ikkje alltid så lett å få en til å vere stram og fin. Det kan vere lurt å ha med seg bukseseler (fest ein klipp i kvart hjørne og stram) eller "svigermor". Det er den som følger med bandasje e.l. som du fester med. (liten strikk bit med to metallstykker på enden som har små tagger på). Dette gjer at bikkestrekken blir veldig bra, og ikkje trengs å gjerast kvar morgon, noko som igjen gjer at du sparer mykje tid.
  • 
    Her har eg lagt fram ting eg trudde eg trengte. Mykje kunne eg lagt igjen heime.
    
  • Musikk m/ propper. Er godt å kunne blokkere ut alle i blandt. Du bur trossalt i ein liten gang med 20-40 stykker (kjem ann på troppen), og kan vere godt å slippe unna.
  • Vinterkull: Egne ullsokker. Du får berre to par i forsvaret, og det kan vere greit å ha fleire.
  • Jenter: Hårstrikk som er så lik din egen hårfarge som mulig. Så dei raude og grønne strikka dine kan godt ligge igjen heime, med mindre du har raudt eller grønt hår, sjølvsagt.
  • Jenter: Hårspray/hårskum. Kvar veke har er det permoppstilling, og da skal håret vere plettfritt, ingen tuster osv, så å ha litt skum å dra over for å feste tuster osv. kan vere lurt. Eg brukte over ein heil boks hårspray i rekrutten.
  • Sover du lett kan ørepropper vere tingen. Da er det berre å putte i, og sove. Vi sov på 10 mannsrom og av og til hadde man lyst å kaste skoen sin på noken som låg og fnisa, eller snorka osv.
  • Bærbart musikkanlegg. Eg hadde eit sånn lite fra Rema 1000 som kosta 99,- og brukte to AA batteri. Den var til STOR hjelp under morgonvasken, og ellers.
Flotte jenter, nylig fått utdelt uniform. Holdninga er ikkje heilt på plass, ser du.
Kva treng du ikkje? Altså, ta det med om du vil, men dette var dei tingene eg fekk mindre/ikkje bruk for.
    Levering av grønn-sats
  • Joggesko, med mindre du absolutt vil trene i dine egne. Du får både ute/inne sko.
  • Slippers, du får uttdelt
  • Hodelykt (med mindre den har rødt lys, har den ikkje det får du bare brukt den inne i teltet)
  • Dersom du har iPad eller nettbrett vil eg anbefale deg å ta med det i steden for PC. Tar mindre plass!
  • Jenter: Dersom du føler det mest komfortabel i eget undertøy, ta med det, men sports-bh/hot-pants du får utdelt er komfortable og i mykje betre kvalitet enn det gutta får!
  • Jenter: Ikkje ta med deg alt du eiger av sminke, og ikkje ting som er dyrt. Bagen du har sivilt i får gjennomgå litt, i tillegg til at du i tjeneste ikkje har lov til å "klæsje" på med det du vil. Det skal sjå så naturlig ut som overhode mogleg. Ellers så får du bare sminka deg i helgane, så opp til deg!

Det er begrenset kor mykje plass du har. I skapet har du to hyller du kan ha sivile ting i, og dei skal ikkje vere overfylte (sjølv om eg fikk det påpeika på nesten kvar einaste inspeksjon).

Når du først er der, her er ting som er lure å huske på!
    
  • Når dokke vasker gulvet, BRUK SVABER! Det vi gjorde, var å fjærne alt som ikkje kunne bli vått fra gulvet, tømme litt vatn her og der, for så å bruke svaber til å samle alt på en plass. Det er ekkelt å sjå kor skittent der blir etter ein dag.
  • Begynn tidlig med pugging av våpenregler og distinsjoner. Det er nesten garantert å komme prøver i det.
    VÅPENREGLER
    
  • Ver snill med andre! Dette går egentlig bare på det at du skal bu med samme folka i to måneder, så det er kjedelig å ha egla på seg halve troppen før lunch, om du skjønner kva eg meiner?
  • Gjør som befalet seier. Bokstavlig. Ingen "eg trudde....". Aldri si imot befalet.
  • Ikkje ver en "suck up" eller "know it all". Det er litt upopulært å vere den som kan alt om alt, dersom du begynner å skryte for mykje av det.
  • Når dokke reiser ut i helgane, pass på kvarandre. Det er ingenting som er så kjedelig som å våkne søndags morgen i arresten hos MP (Kan eg tenke meg vel og merke, eg var der aldri!)
 Det er heilt sikkert meir, men det klarer eg ikkje komme på nå. Har du tips, er det berre å kommentere!

Bayer-Leverkusen - RBK

Denne uka har det skjedd mykje!
Tirsdag var vi i ekte flysimulator, i sånn "boks" som beveger seg, og ekte instrumenter. Å ta av/styre flyet i lufta var utfordrande, men ikkje direkte hjernekirurgi. Det å lande derimot. Det endte opp med at eg sa/ropte til Ludvik (som styrte) at nå måtte han stoppe, fordi eg holdt på å kræsje.
Onsdag gjekk i avslapping, rydding og litt forskjellig.
Torsdag, i går, var vi på tur til Leverkusen. Vi skulle nemlig på Bayer-Leverkusen -  RBK.
Bayer 04 vant jo da, 1-0. Eg hadde gløymt kor "kjedelig" fotball er i forhold til Handball. Det er for lite action.
Men eg lærte fleire fotballregler, og fekk sett "Kjernen" i aksjon up-close.
Det morsomaste i kampen var når eg oppdaga tre ung-gutter med RBK-flagg som tidligare hadde stått å gaula RBK-sanger for full hals, snakke tysk!

Skal prøve å få lagt til bilda eg tok når eg får tid!

4. desember 2012

Ønskeliste

Hei,

Da er det ei ny veke, og mykje liv her nede.
For øyeblikket har vi besøk av Amalie og Sebastian fra SHAPE. Dei skal dimme nå dei også, Sebastian i morga, og Amalie fredag neste veke. Grunnen til at dei er her, er at dei skal fly AWACS. Dei skal ha pilottreningsflyvning, som er barre masse tuch-and-goes. Eg er eigentlig litt glad for at eg ikkje skal vere med da.
Eg blei nemlig utrulig dårlig da eg var å flydde, og vi hadde tuch-and-goes, og det var berre ein gong. Nei, glad for det, ja.

Som dokke sikkert har fått med dokke, skal eg og Tore flytte sammen etter jul. Vi flytter inn i ei umøblert leilighet, og da seier det seg sjølv at vi treng mykje forskjelleg.
Seng, kvitevarer og slike ting, fikser vi meir eller mindre sjølv.
Som sagt, er den umøblert, så sånn som panner, kjørel, vaskesaker, søppelbøtter, tørkestativ, støvsuger og slik, er ting vi gjerne kunne tenke oss å få til jul.
(Dersom du kjøper noko av dette, er det viktig at dokke samkjører, så vi ikkje ender opp med 5 steikepanner og tre tørkestativ...!)

Kluten eg strikker på! (Tar gjerne imot Tuva, helårsgarn, 50 g, pinne 3,5-4 om du har liggande, som ikkje blir brukt!)

2. desember 2012

Trollhaugen Hotell!

Da er det siste kvelden til mamma og Amanda her nede. Nå driver mamma og svirrer rundt å pakker, medan Amanda prøver å henge med.
I dag har vi vore inne på basen på litt shopping, for så å reise til Aachen på julemarked. Det var utruleg kosleg, vi kjøpre Glüwein, Crêpes og Bratwürst. Skikkelig godt!
Så stoppet vi innom Mc Donalds, så mamma og Amanda fekk prøvd Mc Drive.
I kveld har vi slappa av, fått i oss varmen igjen, og nytt livet!

Nå er det lenge til det blir rolig på TH igjen. Alt i morgen får vi besøk igjen, når Amalie (ho eg reiste til Sør Afrika med) og Sebastian fra SHAPE kommer hit for å vere med å fly AWACS. Kjekt med besøk!
Dei reiser tirsdag/onsdag, og alt på lørdag kjem det folk igjen. Da kjem nemlig Tore ned over! GUD kor eg gleda meg til å sjå han igjen.
Har ikkje sett han siden eg var heime i oktober! - Den som venter på noko godt, venter ikkje forgjeves!