Hei,
I natt hadde eg mareritt, eller marit som mamma kaller det. GUD det var grusomt. Bråvåkna like før vekkerklokka til Tore ringte, så eg krølla meg inn til han. Det hjalp. Så eg låg i armane hans å gråt litt - så redd var eg.
Haha, litt latterlig igrunn. Eg drøymte at eg var skikkelig drita, og skulle køyre (noko eg aldri ville ha gjort i virklegheita. Fyllekøyring er FY). Så kræsja eg med ein annan bil, men min bil var i grei stand til å køyre, så eg kunne køyre heim. Støtfangeren (trur det var det. Greia framme som kan falle av?) falt av, og blei liggande igjen. Så eg køyrte heim og vekte mamma. Mamma ba meg gå å legge meg, og late som ingenting, sidan vi var i USA og køyring i fylla, uten lappen med kræsj ville mest sannsynlig vere nok til livstid i fengsel. FY det var grusomt.
Ellers idag har eg sett meg opp på Glee, endelig er eg kommet "up-to-speed" på to av mine favorittseriar. Falt heilt bak etter Sør-Afrika. Har sett ferdig Gossip Girl, og så langt dei har sendt i Glee og Pretty Little Liars. Så mangler berre Switched at Birth, Big Bang Theory og the Lying Game! Gleda meg.
Det er eit supert avbrekk fra studiene og sjå ei episode med serie. Drøyme seg bort til ein framad verda, der det skjer uvirkelige, skumle, flotte, triste og romantiske ting heile tida.
XOXO - You know you love me!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar