7. desember 2015

Kaos i heimen

Hei!

For ei helg! Leiligheta ser totalt bomba ut. Fredag mala eg og skreiv oppgåve. Laurdag var det avslapping, klesvask, trening og julebord. Søndag var dagen-der-på, så eg gjorde ingenting. Når vi skulle komme oss avgårde på julebord vart det plutselig ingen tid igjen. Då oppdaga Tore at han hadde lagt igjen alle skjortene sine på Stårheim. Butikkane i Førde hadde akkurat steng og gode råd var dyre. Eg hadde framleis ikkje gjort noko med håret og sminka var heldigvis akkurat kommet på. Tore fekk låne skjorte med en kompis, og sykla avgårde for å hente skjorta i pøsregn. Så måtte skjorta strykast og eg måtte ordne hår. Ina som skulle køyre oss ned til bussen ringte på, og då var det begynt å bli rimelig kaos her. Eg fann nemlig ikkje veska mi. Så i hurten og sturten når eg leita etter denne, blei kaoset enda verre. Sukk.Kaos i haudet og kaos i huset. Trur aldri leilgheta har vore så rotete før.



Så dagen i dag har gått med på klesbretting, rydding og støvstuging medan malinga tørker. Det var meir omfattande enn eg hadde trudd å male bord. Det tek så lang tid for malinga å tørke. Nå får undersida to strøk i dag, så må den stå 24 timer før eg endeleg kan rydde opp og vaske stova litt. På fredag kjem mamma med dei to kjøkkenstolane som vi skal bytte ut, så då skal desse få seg nokre strøk maling også. Spørs om det ikkje blir smålig kaos her over helga også.


Ingen kommentarer: