2. november 2015

Tilbake til kvardagen

 Puh! Då var helga over og eg rakk nesten alt eg hadde tenkt til. Det er etter slike helger ein er glad for at kvardagen er tilbake igjen. Bilane har fått på seg vinterdekk og eg har fått sendt inn oppgåva mi så veileder får lest igjennom til i morgon.

På laurdag var eg på Eid å tok en kopp kaffe med Hege, som forresten var den beste kaffe latten eg har drukket i mitt (veldig korte) kaffe-liv. Mmm!
 
Etter kaffe, reiste vi opp og såg Sound of Music som Opera Nordfjord har satt opp. FOR ein produksjon! Eg var igjennom dei fleste følelsesregister og skal innrømme at det kom ei tåre eller to i løp av forestllinga. Her har du nokre bilete frå forestillinga!




Ingen kommentarer: