Hei,
Åh, dagen i dag har vore ein merkelig da. Eg merker eg er begynt å bli litt utkjørt nå. Det er så mykje med skulen, nesten alt vi går igjennom på forelsening er nytt, ting du aldri har høyrt om eller som du så vidt har høyrt om. Altså, alle har høyrt om hjerteinfarkt, men eg visste ikkje kva det kom av, og kvifor alle "dittane" og "dattane" rundt det.
Når eg vokna i dag tidlig merka eg at eg ikkje var utkvilt. Eg var sliten og trøtt alt da, men eg drog meg på skulen, satt der og såg ytterst uinteressert ut. Skreiv litt innimellom, men eg merka nå at i dag kunne eg like godt vere heime.
OG takk gud for at det er enkel middag idag! Tvila på at eg hadde orka å begynne å dandere noke voldsomt. Huff. Det var mykje klaging. - Av og til må det berre ut!
Helga består av mykje kjekt, i kveld skal eg jobbe på Akutten (studentkroa) satser på at iiingen gidder å gå ut, så eg kan legge meg tidlig. Med min flaks, kjem det sikkert mange. Er kjekt det også altså, men lika og sove eg.. I morgon er det Kaizers med flotte folk (Les: Tore og Hanne, dei einaste vennane eg har.. Ehe.. Neida. Joda.), så det blir bra!
1 kommentar:
WÆÆÆHÆHÆH KAIZERS! :D :D :D
Legg inn en kommentar